Publisert

Treng eg det fysiske fellesskapet? Om isolasjon og opninga av samfunnet


Ca leselengde:
10 min

Endeleg kan me samlast i forsamlinga! Etter at smittevernsrestriksjonane dei siste månadene har ført til at det har vore vanskeleg med normal møte- og gudstenesteaktivitet, er det no lys å skimta i tunellen. Allereie fyrstkommande helg vil det vera mange kristne fellesskap som samlast for fyrste gong på ei lang tid. Ein del av oss må nok framleis må vera restriktive med å vera fysisk til stades på møter som vert arrangert. Det kan handla om eiga helse eller helsesituasjonen til nokon av dei me har rundt oss. Men for mange andre er det på søndag tid for å bytta ut sofaen med kyrkjebenken. For å bytta ut tv-skjermen med talarstolen. For å bytta ut facebook-chat med smittevernsvenleg småsnakk.

Nokon av oss har lengta desperat etter denne opninga. Andre kjenner ærleg tala at det har vore fint å sleppa så mykje folk. Men mange av oss er nok ein stad midt i mellom. Me har sett fram i mot at restriksjonane vert letta, og har vore frustrert over at dei urettferdige reglane om fastmonterte seter. Men me kan samstundes ha kjent på det har vore sutalaust å få med seg møtet i godstolen heime, på det tidspunktet som passar oss sjølv best. Det at anden er villig, men kjøtet er skrøpeleg (Matt 26:41), gjer seg nok gjeldande også på dette punktet i våre liv. Så, eit avgjerande spørsmål er om me eigentleg treng det fysiske kristne fellesskapet. Når samfunnet etter kvart, om Herren vil, vender tilbake til normalen, er det å vera fysisk til stades i min lokale forsamling då valfritt? I det fylgjande vil eg nemna fire moment som kan vera med å syna oss betydninga av det fysiske fellesskapet for Guds folk.

Skapt til fysisk kontakt

I skapingshistoria i 1.Mosebok 2 kan me sjå korleis det fysiske møtet mellom Adam og Eva er heilt grunnleggande for menneskeleg erkjenning. Adam, mennesket, var eit menneske allereie før Eva vart skapt og han møtte ho. Så eit menneske er eit menneske, også når det er i isolasjon. Men det er først når kvinna vert skapt at me kan høyra mannen si stemme i teksten. Gud gjev ikkje Adam ein idé som svaret på at han kjende seg einsam. Han gjev ikkje Adam ei kjensle. Han gjev ikkje Adam ein Facebookvenn. Han skaper eit menneske, av kjøtt og blod, likt Adam sjølv, men samstundes ulikt. Møtet med den andre gjer noko med oss. Slik var det for Adam, og slik er det for deg og meg. Mennesket er skapt til fysisk fellesskap.

I møte mellom mennesker opplever me at det skjer ein spegling. Eg ser den andre, og den andre ser meg. Og mine handlingar får ein umiddelbar respons frå den andre. Eit smil kan utløysa eit smil. Ei tåre kan utløysa medkjensle. Ei utstrakt hand kan verta svart med eit fast handtrykk. Framfor ein skjerm er det ikkje slik. Skjermen er kald, uansett kor varme emojis den kan trykka ut. Sjølv om me har på våre webkamera, kan aldri eit velregissert digitalt møte erstatta eit ekte fysisk møte.

Denne speglinga kan ha ein sterkt bekreftande funksjon. Slik opplevde den nakne Adam det i møte med Eva. Han var utan moglegheit til å dekka seg til, men Eva møtte han med anerkjenning og kjærleik. Dei to skamma seg ikkje for kvarandre i Eden. Og i denne ekteskaplege relasjonen kan me sjå det fullkomne dømet på det me kan oppleva spor av i alle menneskelege relasjonar. Ved den andre sin reaksjon kan mitt nærvær verta stadfesta. Når eit blikk møter mitt blikk, kan eg oppleva meg sett. Når eit hovud nikkar, kan eg kjenna meg høyrd. Når ein klem vert gjeve, når det igjen er smittevernsmessig forsvarleg, kan eg kjenna meg ønska.

Så veit me, av erfaring, at det langt frå alltid er slik det oppleves i fysiske relasjonar. Der det fysiske på den eine sida har det største potensialet til stadfesting, har det på den andre sida det største potensialet til øydelegging. Me lever ikkje lenger i Eden, me lever i syndefallets verden der skammen regjerer. Me gjer oss sårbare i møte med menneske, men like fullt er det godt for oss å møta menneske, fordi det er i det fysiske møte med andre at me også kan få blomstra som dei me er.

Derfor er det kristne fellesskapet ein stad, der me på skapelsens plan får komma saman for å vera det medmennesket som me er skapt til å vera. Og der me får møta andre menneske som er kalla til å opptre som dei medmenneska dei er skapt til å vera.

Frelsesverket er fysisk

På skapingsplanet er dermed skapt for fysisk nærleik. Men denne fysiske sida ved tilværet, den vert også stadfesta i evangeliet. Korleis handla Gud for å frelsa verda? Jo, ved å sjølv ta på seg kjøt, verta ein av oss for å gjeva livet sitt for oss. Inkarnasjonen, eller ikjøtinga, viser oss korleis den transcendente Gud kjem nær. I kjøtt og blod. Den Gud som menneske ikkje kunne gripa, vart halden i hendene til ei jomfru i byen Betlehem. Den Gud som menneske ikkje kunne sjå, gjekk no rundt i gatene i Jerusalem. Ved inkarnasjonen knyt Guds Son det fysiske til guddomen, ved at den menneskelege naturen vert tatt opp i guddomen. Siktemålet for Jesu inkarnasjon var at han som sann Gud og sant menneske kunne gjeva sitt liv til soning for menneskeslekta sine synder og gjera ende på djevelen. (Heb 2:14-18). Dette gjer at den kristne trua har ein tydeleg fysisk forankring. Det er fysiske hendingar som er særtrekket ved den kristne trua.  Me trur på Jesu fysiske død, og hans fysiske oppstode. Derfor er det ikkje berre slik at me er skapt for fysisk nærleik. Me vert også frelst ved Jesu fysiske nærleik. Det er blod som renn, det er ein død som rammer Jesus, og det er ei lekamleg, fysisk oppstode, der Jesus står opp som fyrstegrøda av dei døde.

Nåden er fysisk

I luthersk teologi er det ein nær samanheng mellom forståinga av inkarnasjonen og sakramenta. For slik Gud kom til oss, i kjøt og blod som fylgje av inkarnasjonen, kjem også Gud til oss i dag i, med og under dei ytre elementa i dåpen og nattverden. Sakramenta er blant Guds nådemiddel. Det er synlege, fysiske middel som Gud gjev si usynlege nåde gjennom. Det er ikkje det at brødet, vinen eller vatnet er så spesielt i seg sjølv. Det avgjerande er at Gud, ved sitt løfte i innstiftingsorda, knyt seg og sin nåde til desse elementa.

Heldigvis kjem Gud med sin nåde til oss, også gjennom forkynninga. Gjennom forkynninga av evangeliet så får me høyra og tru på Jesu død for våre synder. Og gjennom ein pandemi har dette fått vore ei livline. Me har hatt moglegheita til å lesa i Bibelen, og til å høyra kristen forkynnelse gjennom ulike medier. Men normalen er at sakramenta har sin plass innanfor ramma av det kristne fellesskapet. Ein vert døypt inn i Guds folk (Kol 2:12), og nattverden er også eit fellesskapsmåltid som har sin primære plass der Guds folk «kjem saman» (1.Kor 11:33). No når me igjen kan komma saman, kan også denne sakramentale sida av gudsforholdet på nytt få blomstra fritt. I nattverden kan denne «fysiske nåden» koma med ein synleg forkynning til nattverddeltakarane om Kristus som gav sin kropp for sin kropp, kyrkja.

Tida er heilag

Medan mesteparten av denne artikkelen har handla om verdien av det fysiske, handlar dette siste punktet om korleis det å samlast til møter og gudstenester også handlar om tida vår. I heilagdomslovene i Mosebøkene kan me sjå korleis den heilage Gud peiker på at hans heilagdom skal få prega heile livet til Israelsfolket. Deira heilagdom omfattar deira moral, matvaner og kalender. Gjennom dei ulike høgtidene som Israelsfolket hadde skulle året få vera ein stadig påminnar om kven dei tilhøyrde og kva han hadde gjort for dei. Det var eit pedagogisk poeng med desse høgtidene. Israelsfolket vart veke etter veke, og år etter år minna om kven dei var avhengig av for deira tilværelse. Sabatten understreka Guds skaping og forsørging i arbeid og kvile. Påsken handla om Guds frelse av sitt folk frå slaveriet i Egypt. Kalenderen lærte dei noko om kven dei trudde på. I den nye pakt kan me sjå korleis desse høgtidsforskriftene ikkje er bindande for Guds folk (Kol 2:16-17). Som borgarar, spreidde rundt omkring i romarriket, måtte også dei kristne innbyggjarane forholda seg til vanlege arbeidstider og samfunnsmessige forpliktingar. Likevel var det slik at dei kristne var opptatt av å samlast, sjølv om den samfunnsmessige strukturen ikkje var bygd opp rundt kristne høgtider. Og det var ein tydeleg forventing at ein kristen normalt sett skulle delta når forsamlinga kom saman. Dette var viktig for at dei truande kunne setja mot i kvarandre (Heb 10:25).

Mange har kjent på at det har vore behageleg å få med seg møter når det har passa best for oss det siste året. Frå kvardagen elles er jo me meir og meir vant med at me kan sjå på ting og lesa ting når me vil det sjølv. Er eg for sein til fotballkampen, kan eg sjå han i opptak. Høyrer eg på Spotify kan eg skifte til neste song om eg vil det. Kristne møter kan også lett gli inn i dette systemet. Eg tar det når det passer meg, så er eg herre over tida mi, og livet mitt. Men det er Kristus som er Herre.

Som postmoderne underhaldningsslavar har me godt av å delta på kristne møter som startar på eit oppsett tidspunkt, og som varer til dei er ferdige. I møte med slike møter er det nemleg ikkje eg som har (fjern)kontrollen. Då er det ikkje eg som styrer. Då er eg framfor alt mottakar. Då får Gud møta meg med sin nåde gjennom ord og sakrament. For det kristne fellesskapet er ikkje eit underhaldningsfellesskap. Det er fellesskap på liv og død. Det handlar om korleis me kan overleva, og leva evig. Det er ikkje for å få litt tid til å gå. Det er for å få del i det som gjev eit håp som går ut over tida. Dermed er ei gudsteneste så uendeleg mykje viktigare enn ein teaterforestilling. Me går ikkje på møte for å bli underhaldt, men for at Jesus, han som me får tilhøyra gjennom heile veka, på nytt kan få komma med sin nådebodskap til oss. Det handlar om nåde. Det handlar om håp for æva. Det handlar om den einaste redninga frå det tragiske gudfiendtlege rotet me skaper med våre eigne liv. Det handlar om Jesus, han som er sann Gud og sant menneske. Som kom i kjøt og som er nærverande med si nåde i sin forsamling gjennom Ord og sakrament.


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
10 min
Ressurstype

  Aktuelt

Skrifthenvisninger

  1. Mosebok  2

  Hebreerbrevet   - 10

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ingvald André Kårbø.
  Ingvald André Kårbø kommer fra Øygarden utenfor Bergen. Han er gift med Camilla og arbeider som radio- og TV-pastor i P7 Kristen Riksradio.
   Ressurser av Ingvald André Kårbø
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.