Publisert

Har du noko umisteleg?


Ca leselengde:
1 min

Det er så mange ting som synest viktige for oss. Han som kjenner tida og evigheten har likevel forenkla det heile for oss. Berre eitt er nødvendig.

Ho sette seg ved Jesu føter og lydde på hans ord.” Maria i Luk 10:39

Jesus veit nemleg at trass alt kav for å nå sine mål, styrer dei fleste mot den dagen dei mistar alt. Skrifta vitnar, og evigheten gjev sitt gjensvar:

Kva gagnar det eit menneske om han vinn heile verda, men tek skade på si sjel? Matt 16:26

Ingenting!

Mat, eller det å eta, vert sett på som så viktig at det ikkje vert forsømt ein einaste dag. Me må jo eta! Dette er innlysande og viktig nok.

Kva du enn har i deg, så kan det likevel ikkje gje deg evig liv. Dagen kjem då ingen mat av denne verda kan halda liv i deg. Berre ein ganske anna mat kan berga deg frå di synd og gje deg evig liv. Det står ikkje i di eiga makt å skaffa deg denne. Heller ikkje hjå nokon andre her i verda, kor mektige dei enn er.

Det gode er at denne maten fins: Jesu Ord.

Frelse og evig liv kan verta ditt. Middelet som gjev deg det er tilgjengeleg. Kvifor skal du sveltefóra  di sjel til evig død, når maten er like ved.

Det er ikkje det du gjer, eller dine gjerningar og kristelege innsats, men Jesus og hans ord som må gje deg det. Ikkje at du tener han, men at han får tena deg! Frelsa ligg ikkje det du gjer, men det du høyrer! Her er det mulig for alle. Alle kan verta frelste, men dei fleste vert det likevel ikkje. Kvifor? Fordi dei vel bort det heilt nødvendige.

Kva seier Jesus om den gode delen. Han skal ikkje takast ifrå deg. Då er du evig rik!

Hvor salig da den som når alt farer hen, har  Jesus og himlen igjen! Sangboka nr. 211


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
1 min
Ressurstype

  Andakt

Emne

  Jesu lære

Skrifthenvisning

  Lukas´ evangelium  10: 38-42

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Øyvind Samnøy.
  Øyvind Samnøy bor i Fortun, Sogn og Fjordane, er gift med Wenche og har fem barn. Han er bonde og forkynner i NLM.
   Ressurser av Øyvind Samnøy
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.