Då Jesus kom til staden, såg han opp og sa til han: Sakkeus skunda deg og kom ned! For i dag lyt eg vera i ditt hus. Han skunda seg då og steig ned, og tok imot han med glede. Luk 19:5-6
Då Sakkeus klatra ned frå tréet, tok han samstundes steget inn til den store gleda i livet sitt. Alt fekk nytt innhald frå no av. Fordi Jesus kom inn. Han tok imot Jesus med glede. Alle som har teke imot Jesus har gjort det med glede. Det er ein dryg påstand, men eg trur den står seg.
Å ta imot Jesus «kostar» noko. Det har sin «pris.» Slik også for Sakkeus. Det ser vi av reaksjonane han vart møtt med. Eit ja til Jesus inneber alltid eit nei til synda og alt som vil binde oss til verda. For mange ber det store menneskelege kostnadar med seg. Mykje kunne vore sagt om det. Likevel, alle som tek imot Jesus kjenner på gleda og frigjeringa det fører med seg. Det er verd det.
Frelse frå synd og skuld, og eit ordna forhold til Gud, har også sin store pris. Den er det uråd for oss å gjere noko med. Men ein annan har betalt. Han har gjort det for oss. Det er evangeliet. I denne bodskapen kjem Jesus til deg med si frelsande gåve, og du skal få lov å ta imot. Eg vonar, at du saman med meg, kjenner på gleda over å eige det, og igjen stadfeste det med eit ja til Jesus.
Kontrasten til dette møter vi hos den rike unge rådsherren i Mark 10. Han hadde også ein lengt, ville gjerne arve evig liv. Når så Jesus talar om forsaking og kallar han til å følgje seg, står det så tungt:
Men han vart trist til sinns for dette ordet, og gjekk sorgfull bort, for han var svært rik. Mark 10:22
Ingen jaga han bort. Han valde sjølv. I møte med Jesus hadde han blitt overtydd om kva som var rette vegen. Men han valde å gå. Så skulle han vel vere glad? Nei, han gjekk trist og utan glede bort frå Jesus. Slik er det med alle som er overtydde av Guds ord, men likevel går bort. Dei seier nei til den sanne gleda og går triste bort frå Jesus, ufri og bundne av dei mange ting.
Jesus eg er ein syndig mann, kan utan deg ikkje leva. Fåfengt eg leita, ingen fann, som kunne livet meg gjeva. Då kom du, Jesus, til meg inn, gjesta óg meg med nåden din, lyste din fred i mitt hjarta. (Elias Blix)