Utforsk
    foross.no logo
    foross.no logo
    • Kirkeåret
    • Kontakt oss
    • Gi
logo

Han som ikke visste av synd, har han gjort til synd for oss, for at vi i ham skulle få Guds rettferdighet. (2 Kor 5,21)

Vipps: 70979

Kontonummer: 1503 82 08168

Organisasjonsnummer: 917 742 065

Epost: post@foross.no

Foross på Facebook Foross på Instagram

Nettstedet er utviklet av Marius Sørenes. Logo og grafisk profil er utformet av Creo-x AS.

Kvittering i to eksemplar – Første eksemplar

Hebreerne 9
Frelsesvisshet
Rettferdiggjørelse
avatar
Lars Kjetil Emblem

2m lesetid

•

24.05.2025

Kvittering i to eksemplar – Første eksemplar
@ Bilde av Robert Koorenny på Unsplash

Eksisterer det kvittering på at alt er gjort opp, og at du ikkje skuldar Gud noko? Ja, for deg som trur på Jesus, er der kvittering på at alt er i orden.

Kan det verkeleg vere tilfelle? Når du tenkjer på livet og alt som er mangelfullt, og Gud som er fullkomen og krev det same av oss? Ser han då med sitt blide åsyn på deg? Korleis kan dette henge i hop? Det er fordi Jesus står for Guds åsyn i himmelen.

For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som var gjord med hender og berre er eit bilete av den sanne heilagdomen. Han gjekk inn i sjølve himmelen, der han no openberrar seg for Guds åsyn for vår skuld. Heb 9:24

Bibelen fortel at dette skjedde etter at Jesus hadde gjort soning for syndene våre. Han openberrar seg, eller syner seg fram, for Guds åsyn. Kva har han å vise fram for Gud? Han har sårmerka i hender og føter etter naglane frå korset. Dei er synlege for åsynet til den heilage og fullkomne Gud. Ikkje for sin eigen del treng han å vise dei fram, men «for vår skuld» står det så fint og sterkt. Jesu naglemerke vitnar om at det er gjort opp for synda og skulda di. Han viser dei fram som kvittering for Gud. Det er verkeleg betalt med Jesu dyre blod.

Eit lite ord på to bokstavar er kanskje det mest trøstefulle her. Jesus openberrar seg «no» for Guds åsyn. Slik står det kvar gong du les dette bibelverset. Livet og kvardagane våre kan vere så ulike. Vi kan oppleve siger og nederlag, vere oppglødde eller fortvila over eige kristenliv. Men dette står fast: Der er kvittering i himmelen på at Jesus har teke alt vårt på seg. Akkurat no, i denne augneblinken, syner han fram naglemerka – kvitteringa – for Guds åsyn.

Denne kvitteringa har eit viktig eksemplar til. Meir om det i neste andakt.


Denne artikkelen ble første gang publisert i 2018

Likte du artikkelen?

Relaterte innlegg

annonse