Publisert

Pasjonssalmer til betraktning: Nynorsk pasjonsskildring Med levande og skildrande språk målar Jakob Sande lidingshistoria til Jesus


Ca leselengde:
4 min


Denne fasteserien gir oss et glimt av bakgrunnshistorien til og innholdet i viktige pasjonssalmer fra kirkens historie. Pasjonssalmene kretser rundt Jesu lidelseshistorie og er velegnet til å bruke i eget andaktsliv i fastetiden. 


Ikkje alle nynorskfolk har vore like flinke til å fremje nynorsken. Men Jakob Sande greidde det.  Han vart fødd i Dale i Sunnfjord i 1906 og voks opp i ein heim med sans for kulturliv. Mor song for borna og var gjestmildskapen sjølv. Dei hadde ofte besøk av ein taterfamilie, og novelle-diktinga til Jakob Sande avspeglar taterane sin forteljartradisjon. Far var klokkar, lærar og ordførar.

På skolen oppdaga lærarane dei språklege gåvene hans. Han begynte alt som barn å skrive dikt. Det første han skreiv var kanskje ikkje det beste. Han var i kyrkja, tykte det var keisamt å høyra på presten og skreiv ei strofe på riksmål:

O, Herre Gud!
Lad ei din tjener lenger
Strække sin preken ud.
Nu er jeg mett av hans ord!
Jeg lenges hjem til mitt middagsbord

Jakob Sande var innom fleire arenaer: Universitetsstudier, sjømannslivet, læraryrket. Han utmerka seg tidleg ved songbare viser og dikt – og noveller på malmfull nynorsk.

I ungdomsåra i Oslo treivst han berre så som så. Han kalla Oslo «Nordens Babylon og Gomorra». Men her vart han kjend med – og forelska i – Haldis Moren, som enno var ugift. Det blei avslag, og slikt set sine spor!

Diktsamlingane vart mange, og det er sagt at forfattarskapet hans er både grotesk og gripande. Det er prega av møtet mellom ulike kulturar, storby mot skogsbygd, jordbruks- og kystkultur.

Dei religiøse dikta hans er ikkje mange. Han var ikkje noko barn av kyrkja eller lekmannsrøsla. Men kristentrua prega kulturen og skolen han møtte i barndomen. Derfor skin det nokre stader fram sterke strålar frå Bibelen, til dømes i det siste verset i julesongen hans. Her trekker han lina mellom julehøgtida og påska:

Den songen som atter tonar med jubel kvar julenatt,
om barnet, Guds Son, vår sonar som døden for evig batt.

Verset var lenge ikkje med i songbøkene, men skal likevel vere skrive av Jakob Sande sjølv.

Ei levande skildring av Jesu lidingshistorie

Påskesalmen hans er like gripande. Han skreiv denne salmen 24 år gamal. Her skildrar han både Jesu kamp i Getsemane og den namnlause pina hans i einsemnda under rettsprosessen og på krossen på Golgata. Også denne salmen vitnar med sitt kraftfulle språk om ei truvedkjenning til Kristus.

Lat oss bli med han inn i pasjonsskildringa hans. Med korte setningar og levande adjektivbruk målar han det alt for oss – i tiltaleform til Jesus. «Du» er «stridsmannen frå Getsemane», den einsame mot dei mange «i Pilati borg». I tråd med bibelsk forsoningslære tiltalar han Jesus som «offerlammet frå Golgata». Han veit seg heilt avhengig av «nådens blodstraum» frå krossen:

Du som låg i natti seine
Sorgtung vanvørd og aleine
Skjelvande på såre kne
Du som skåli trufast tømde
medan alle dine rømde
Stridsmann frå Getsemane

Du som spotta vart og banna
Kront med klungerkrans om panna
Medan augo brann i sorg
Du som stod i namnlaus pine
Skild frå dei du kalla dine
Einsam i Pilati borg

Du som hekk til krossen nagla
Medan blodut sveitte hagla
Frå di panne då du sa:
"Fader, kvifor gjekk du frå meg?"
Å, lat nådens blodstraum nå meg!
Offerlam frå Golgata

Han ber til Jesus i sterkt personlege ordelag: «Styrk og nør mi veike tru.» Ligg det ei erkjenning her? Sleit han med trua? I siste verset tar han oss med inn i ei påskebønn til Jesus. Også her avspeglar han klassisk kristen forkynning: Å vende synet mot Jesus — som den krossfeste og naglemerkte  frelsaren — er vår einaste von:

Lær mi sjel kor du laut lida
Syn meg såret ditt i sida
Styrk og nør mi veike tru
Syn meg dine merkte hender
Så eg frelst mitt auga vender
Opp til deg på krossen du

Jakob Sande vart lærar i Oslo, og var det i 19 år – nesten heilt fram til sin død som 60-åring.

Han sleit med læraryrket, men dreiv det stort med diktarkunsten. Det er også fortalt at han lenge var prega av alkoholmisbruk og slett ikkje levde i pakt med den kristne kulturen i Dale. Vi veit ikkje meir om hans indre liv, men både nynorskfolk og bokmålsfolk kjenner oss takksame for dei to sterke salmane han har gitt oss.


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
4 min
Ressurstype

  Andakt

Emne

  Påske

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Egil Sjaastad.
  Egil Sjaastad er dosent ved Fjellhaug Internasjonale Høgskole (FiH). Han har vært redaktør av Fast Grunn og skrevet en rekke bøker. Egil er gift med Jorunn og bor i Ytre Enebakk.
   Ressurser av Egil Sjaastad
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.