Utforsk

Søk i foross.no

Bla gjennom

BibelhenvisningEmnerForfattere

Navigasjon

  • Kirkeåret
  • Salmebloggen
  • Serier
  • Videoer
  • Podkaster
  • Kontakt oss
  • Gi
  • Om oss
    • Hvem er vi
    • Om foross.no
    • Bekjennelsesskrifter
    • Grunnlagsdokument
Forosskonferansen
Fargemodus
foross.nofoross.no
  • Kirkeåret
  • Salmebloggen
  • Gi
Foross logo

Han som ikke visste av synd, har han gjort til synd for oss, for at vi i ham skulle få Guds rettferdighet. (2 Kor 5,21)

Kontakt

Vipps: 70979

Kontonummer: 1503 82 08168

Org.nr: 917 742 065

E-post: post@foross.no

Følg oss

Foross på Facebook Foross på Instagram
Gå til redaksjonsverktøy →

Nettstedet er utviklet av Marius Sørenes. Logo er utformet av Creo-x AS.

Andakter

Løva og lammet

Johannes Kleppa

Johannes Kleppa

Bidragsyter

3 min lesetid·23. mars 2024
Løva og lammet@ Sulthan Auliya / Unsplash

Johannes openberring er på mange måtar ei spesiell bok. Noko av det mest særmerkte er den posisjonen Jesus har som Lammet, altså Jesu posisjon ut frå frelseshendinga i påskehelga. Det er Lammet som bryt dei sju segla, eitt for eitt – og etter det er det englar som i stor grad tek over på Lammets vegner.

Det er ein svært spesiell presentasjon av Lammet. Situasjonen er den at Gud sit på trona i himmelen med ein bokrull i høgre handa, som er allmaktshanda hans. Det er tydeleg at innhaldet i rullen er viktig. Problemet er at ingen er verdig til å bryta dei sju segla som held han lukka. Plutseleg vert det sagt at «løva av Juda ætt» har sigra og kan opna boka. (Op 5).

Idet Johannes ser etter denne løva, ser han eit lam, som står sentralt plassert ved Guds trone. Lammet såg ut som det hadde vore slakta. Det er ikkje mykje det er større kontrast mellom enn ei mektig løve og eit slakta lam! Løva av Juda ætt er eit slakta lam. Løva er også omtalt som Davids rotrenning, som er eit av dei profetiske namna på Herrens tenar, Messias. Det er han det dreier seg om, og han er verdig til å bryta segla.

Herrens tenar er ikkje verdig i kraft av det majestetiske hjå ei løve, men ved den død og forsoning som er knytt til Lammet. Dei som var rundt trona i himmelen, hadde tilbede Gud som Skaparen, no tilbed dei også Lammet «som vart slakta» - til å «få makt og rikdom og visdom og styrke og ære og pris og velsigning». Lovprisinga er overveldande og viser tydeleg Lammet sin posisjon.

Når Lammet etter dette opnar segla på bokrullen, er det uttrykk for at Gud styrer historia sin gang i lys av og på grunnlag av Jesu frelsesverk på Golgata. Jesu absolutte makt går ut frå krossen og den tome grava. Før den tid hadde Jesus også allmakt, men ho kunne då berre brukast til å skapa, oppretthalda og styra. No kan allmakta brukast i teneste for frelsa og det evige herlegdomsriket.

Lammet står i openberringa som eit uttrykk for Jesu naglemerkte hender, som er forsonar- og allmaktshendene. Lammet representerer med det både Guds kjærleik og frelse, og Guds allmakt og styring. Lammet har kontrollen med alt som skjer fram mot Jesus atterkome, og styrer utviklinga mot livet på den nye jorda. Det kan sjå kaotisk ut og synast å vera ute av kontroll, men alt er under kontroll av Herrens trenar, Messias. Det heile skal enda på ei ny jord, der Gud og hans herlegdom råder.

· · ·

Denne andakten er hentet fra fasteboken "Til Jerusalem" som er skrevet av Johannes Kleppa. Om du ønsker å kjøpe denne boken, finnes den tilgjengelig blant annet her.

FasteÅpenbaringen 5

Del artikkelen

Relaterte innlegg

Støtt oss

Vil du støtte arbeidet med foross.no?

Foross.no drives ved hjelp av frivillige gaver. Vi ønsker å nå ut bredere, grave dypere, løfte blikket høyere og hjelpe våre lesere lengre. Vi har mange idéer som vi ønsker å iverksette, men som vi mangler økonomi til. Kan du tenke deg å være med på å støtte arbeidet, enten med en enkeltgave eller et fast månedlig bidrag? Betal enkelt med Vipps eller bankkort.

Kom i gang

Annonse

Annonse