Det er ikkje gull alt som glimrar

Ca leselengde:
4 min

Tekst: Ingvald André Kårbø

Publisert:


I min barndom var eg veldig interessert i stein. Noko av det kjekkaste eg gjorde var å hakka laus på ulike bergknausar rundt heimen min. Og det var spesielt ein mineraltype som fanga mi merksemd. Det var kråkesølvet. Med sitt porøse og skinnande ytre lokka det meg inn i fantasiar om moglegheita for å finna store skattar i granittknausane på Vestlandet. Men slik var det jo ikkje. Eg lærte ganske raskt at kråkesølvet var omtrent like verdilaust som sanden i sandkassen. «Det er ikkje gull alt som glimrar», heiter det i ordtaket. Og i Salomos Ordtak så kan me sjå korleis dette også gjeld for avgudane.

I Ordsp 9 kan me lesa om korleis Visdommen og Dårskapen inviterer menneske inn til eit måltid. Visdommen vert i kapittel 8 nært assosiert med Herren, og det kan sjå ut som at Dårskapen representerer avgudane som ville lokka israelsfolket bort frå livsfellesskapet med Herren. Avgudsdyrking var ikkje berre ein freisting for israelittane den gongen. Det er like aktuelt for oss i dag, sjølv om våre potensielle avgudar i dag har skifta namn frå Molok, Ba’al og Astarte til eksempelvis pengar, makt, eigedom og oss sjølve. Dagens avgudar er oftast ikkje vonde i seg sjølve, men ein avgud kan verta til når det skapte tek Skaparen sin plass i eit menneskeliv. Pontoppidan definerer ein avgud på fylgjande måte: «[En avgud er] alt det som et menneske dyrker, frykter, elsker og stoler på i stedet for den eneste sanne Gud.» Salomos Ordtak kapittel 9 lærer oss mykje om desse avgudane – om deira likskap til den sanne Gud, deira appell og deira svik.

Likskapen mellom Gud og avgudane

Det fyrste me kan merka oss i denne teksten er at det ikkje er slik at Visdommen adresserer nokon, medan Dårskapen har ei anna målgruppe. Den same gruppa som høyrer middagsinvitasjonen frå Visdommen høyrer også invitasjonen frå Dårskapen (9:4, 16). Ja, det vert faktisk presisert at Dårskapen innbyr «alle» som går forbi. Dette lærer oss noko om avgudane sitt virke. Det er ikkje slik at den som trur på Jesus er immun mot å høyra avgudane si stemme. Det er ein som ynskjer å dra deg bort frå Jesus gjennom desse avgudane. Det er djevelen, som leiter etter nokon han kan sluka. (1.Pet 5:8). Djevelen vil ha med deg å gjera. Ikkje til ditt beste, men til ditt verste. Kampen mot avgudane er dermed ein pågåande kamp, også i ein kristen sitt liv. Kva avgudar som er særskild tiltalande for deg, veit eg ikkje. Men det eg veit, er at freistinga til å tilbe dei er der for oss alle.

Avgudane sin appell

Men kva er det som gjer det så forlokkande å tilbe avgudane i staden for den eine sanne Gud? Dårskapens løfte i Ordsp 9:17 er eit løfte om nyting og velvære. Ho lover at det vil smaka godt. Det vert i invitasjonen framstilt som at det er til det beste for oss menneske at me takkar ja til dette måltidet. Slik er det med all synd, og spesielt avgudsdyrking.

Kvifor er freistinga til synd så stor for menneske? Jo, fordi synda verkar forlokkande. Synda serverer deg og meg den grunnleggande løgna at den faktisk er god! Kvifor kan det til dømes vera fristande å la livets store mål verta å tena mest mogleg pengar? Jo, fordi pengane tilbyr valfridom, tryggleik og moglegheita til å kjøpa det som gjev velbehag. Mennesket kan utan tvil få ein god oppleving av å leva i synda si. Den kan faktisk gjeva nyting på kort sikt (Heb 11:25). Men om synda kan gjeva nyting, så vil den nytinga vera kortvarig. Dette ser me også i Dårskapen sin innbyding.

Avgudane sitt svik

Utkledd som eit lukrativt tilbod er middagsfellesskapet med Dårskapen den sikraste dødsdom, noko hennar andre gjestar eksemplifiserer for oss (9:18). Medan Visdommen tilbyr livet (9:6), så er eit måltid med Dårskapen eit måltid med døden. Ho lova glede, men utfallet vert grufullt. Slik er avgudane. Dei kan gjeva ei kortvarig glede, ein kortvarig rus, men dei vil før eller seinare svikta. Ein avgud kan ikkje redda deg. Ein dag tar livet ditt slutt. Jesus skal ein dag komma igjen for å dømma levande og døde. Det inkluderer deg. Kva håp har du denne dagen? Pengane dine vil ikkje hjelpa deg. Ditt eige rykte blant andre menneske som du har kjempa for å etablera vil vera meiningslaust. For du står framfor han som kjenner dei mørkaste sidene av livet ditt (1.Kor 4:5). Det einaste som kan berga deg frå fortapinga er om du i dette livet har hatt fellesskap med han som gjev liv. Dette vil bli tema i den neste bibelutleggelsen frå Ordsp 9. Der kan du lesa meir om den andre middagsinvitasjonen som kjem frå Visdommen.

 


 


Støtt foross.no
Ca leselengde
4 min
Ressurstype

  Bibelutleggelse

Skrifthenvisning

  Salomos ordspråk  9

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ingvald André Kårbø.
  Ingvald André Kårbø kommer fra Øygarden utenfor Bergen. Han jobber som lærer på Fjellheim Bibelskole i Tromsø.
  Flere ressurser av Ingvald André Kårbø
Vil du støtte foross.no?

   Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.