Publisert

Ein invitasjon til å stola på


Ca leselengde:
5 min

Tekst: Ingvald André Kårbø



Ein av fordelane med å bu i Tromsø er at eg forholdsvis ofte får oppleva nordlys. Dessverre kan det til tider vera ein utfordring at gatelys og andre kunstige lyskjelder gjer nordlyset mindre synleg. For å sjå det aller best bør ein difor vera ein plass der det er mørkt. Det er nemleg på den mørke bakgrunnen at kontrasten til nordlyset vert tydelegast. På same måte er det også med Bibelens kontrastar. Til tider kan det gode evangeliet verta uklart fordi me gløymer den mørke bakgrunnen det vert teikna på. I denne andakten skal me merka oss korleis Bibelen kontrasterer den eine sanne Gud til avgudane.

I ein tidlegare artikkel skreiv eg om middagsinvitasjonen til Dårskapen. Den handla om avgudane og deira likskap til Gud, deira appell og deira svik. No er tida komen for å venda blikket mot middagsinvitasjonen frå Visdomen. Visdomen vert nært assosiert med Herren i denne boka. Hjå Visdomen møter me Guds invitasjon til oss som les dette til å leva vårt liv saman med han. Og Visdomen står i ein sterk kontrast til avgudane.

Visdomen har bygd seg hus og hogge til sine sju søyler. Ho har slakta fe og blanda vin, og ho har dekt på bordet. Ho har send tenestejentene ut, ho ropar oppe frå høgdene i byen: «Du som er urøynd, vend deg hit!» Til den  itlause seier ho: «Kom og et av maten min og drikk av vinen eg har blanda. Lat vitløysa fara, så skal de leva, gå fram på den vegen forstanden viser!» Ord 9:1-6

Visdommen sin karakter

Forut for vår tekst har forfattaren av boka akkurat gjeve ein lang presentasjon av Visdomen i kapittel 8. Heile dette kapittelet er ein tillitsskapande tekst. Det er ein tekst som står der for å visa deg og meg karakteren til den personen som innbyr til eit slikt måltid. Visdomen er ikkje som den svikefulle Dårskapen. Gjennom dette kapittelet vert meir og meir av herlegdomen til Visdomen avdekka for oss. I 8:7 står det: «Tunga mi talar sanning, og leppene avskyr urett.» Her er det ein person som er til å stola på. Visdomen sviktar ikkje. Ho gjev det ho har sagt ho skal gjeva.

Seinare i kapitlet les me om at det å kjenna denne personen er mykje større enn å ha all jordisk rikdom: «Mi frukt er betre enn det finaste gull, den vinning eg gjev, er betre enn utvalt sølv.» Medan Dårskapen prøvde å lokka oss gjennom å appellera til våre lyster, kan me her sjå korleis Visdomen ynskjer å opna opp augo våre for den større realiteten som ho kallar menneske inn i.

Visdomen sin innbyding

Men kva seier teksten om dette måltidet som ho inviterer til? For det fyrste så er det ikkje gammalt kneippbrød med vatn ho serverer. Det står i v.2 at ho har slakta fe og blanda vin. Dette signaliserer eit festmåltid då kjøt ikkje var kvardagskost i Israel på denne tida. Det står også om korleis det er ho sjølv som har sett i stand dette måltidet. Det er ingen tvil for oss som les dette: Visdomen vil verkeleg at den vitlause skal koma inn til ho, og ho har gjort det beste i stand for han. Og medan konsekvensen av fellesskapet med avgudane var død, så kan me her sjå at fellesskapet med Visdomen gjev liv (9:6).

Jesu innbyding til det himmelske måltid

Men kva betyr dette for oss i dag? For å svara på dette spørsmålet må me merka oss korleis tematikken frå Salomos Ordspråk vert vidareført i Det nye testamentet. Jesus og visdom vert nært assosiert gjennom heile NT. Eitt døme er 1.Kor 1:30 der Jesus vert omtala som «vår visdom». Enno viktigare er det som står i Kolossarbrevet:

Han er biletet av den usynlege Gud, den førstefødde før alt det skapte. For i han vart alt skapt, i himmelen og på jorda... Kol 1:15-16

Dette er ein språkbruk som er slåande lik omtalen av Visdommen i Ordsp 8! Det nye testamentet understreker for oss at det er i Jesus me finn den endelege openberringa av Guds visdom.

I Jesus møter me den totale motsetnaden til avgudane. Avgudane vil føra deg til evig død viss du lever med dei. Jesus gjekk i døden for deg, slik at du skulle leva ved trua på han. Avgudane sviktar deg før eller seinare. Jesus vil aldri svikta sine. Avgudane gav falske forhåpningar om kva fellesskap med dei skulle gjeva. Jesus er han som er vegen, sanninga og livet (Joh 14:6). Han lyg ikkje.

Slik som Visdomen hadde ordna i stand festmåltidet sjølv, så er det Jesus sjølv som har gjort det slik at eg og du kan komma inn til det himmelske selskap. Han vart vår mellommann og gav livet sitt som ein løysepenge for våre synder (1.Tim 2:5-6). Han kom som den redningsmannen ei syndig menneskeætt trengte. Han kom fordi Guds vilje var at mennesket skulle verta frelst (1.Tim 2:4).

Me som les denne bibelteksten i dag vert stilt overfor fylgjande spørsmål: Kven vil du eta med? Kven vil du leva livet ditt saman med? Han som har gjort alt for deg og er til å stola på? Eller avgudane som ikkje kan hjelpa deg og vil koma til å svikta?


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
5 min
Ressurstype

  Bibelutleggelse

Skrifthenvisninger

  Salomos ordspråk  8: 1 - 9: 12

  Kolosserbrevet  1: 15-16

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ingvald André Kårbø.
  Ingvald André Kårbø kommer fra Øygarden utenfor Bergen. Han jobber som lærer på Fjellheim Bibelskole i Tromsø.
   Ressurser av Ingvald André Kårbø
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.