Publisert

Salt på jorda og hår i suppa


Ca leselengde:
3 min

Helgemesse-høgtida (Allehelgensdag) stammar frå 800-talet. Ein ville at ingen av Guds utvalde som no bur i herlegdom hjå Han, skulle vere unemnde og ugløymde mellom oss på jorda.

Vi veit kven mange av desse er. Men dei er enno fleire. Det handlar om alle dei «som kjem ut av den store trengsla, som har tvetta sine kjortlar og gjort dei kvite i Lammets blod». Desse menneska av kjøt og blod, var ein gong syndarar som vi. Hemma av svake sider og synd, men dei levde i nåden. Dei er reinsa i Kristi blod. Det gjer heile livsforteljinga deira til ei forteljing om vegen til Jesus. Livet deira er gjennomsyra av Heilaganden. Det er støypt i forma av Kristi bilete.

Idag feirar vi alle desse, rubb og stubb, med ei felles høgtid.

Helgenliv er ikkje noko karriereliv. Helgenar er ofte rekna som vanskelege menneske for sine samtidige. Dei forkynner sanninga utan rabatt. Dei set fokus på moralsk forfall og åndeleg øydelegging. Som det vert sagt på engelsk: “To be with the saints in heaven is joy and glory. To be with them on earth, that’s another story.”

Likevel gror det fred i deira spor og dei etterlet seg noko av den røykjelseslufta vi kjenner som himmelsk. Sjølv om dei er hår i suppa og rusk i mange maskineri, er dei uunnverlege som saltet. Salt kan svi i sår, men trengst i maten.

Kyrkja lærer oss at det å vere eller bli helgen, er eit felles kall for alle kristne, for alle truande. Det er vi døypte til, det er vi konfirmerte til. I sakramenta, ved trua, har vi alle fått del i guddomleg natur, seier apostelen Peter (2 Pet 2:4). Vi har del i Kristus, han er vårt liv, han som er Den heilage. Kvar gong vi feirar messa og seier: I sanning heilag er du, Herre, all heilagdoms kjelde, nedber vi hans helging, hans vigsel ikkje berre over brødet og vinen, men djupast sett over heile livet vårt. Peter gjentar også i si dåpskatekese, i 1 Peters brev, kallet til heile Guds folk, også i den nye pakta, slik det blei sagt til Israel: De skal være heilage, liksom eg er heilag (1 Pet 1:15-16). Vi skal streve etter helginga, seier Hebrearbrevet, for utan helging skal ingen sjå Herren (Hebr 12:14).

Vårt kall er – no, som i kyrkja si fyrste tid då ho levde midt i ikkje-kristne omgjevnader – å vere ein motkultur; ha andre verdiar enn det som ofte gjeld rundt oss. Det gjeld samlivs- og familieetikken, det gjeld respekten for menneskelivet, det gjeld bruken av våre materielle resursar, det gjeld vår vilje og evne til å skape fred, til å overvinne fiendskap og splitting, til å stå opp for rettferda og forsoninga.

Denne helga skal dei heilage få vere våre forbilde par exellence. Å minnast døde, er å gjenoppleve gamal sorg. Men å minnast heilage, er å opne for lyset og gleda hjå Gud. Dei døde er stumme og døve. Dei heilage er både lydhøyre og taleføre. Dei lyttar til Gud og dei lyttar til oss. Og dei har songstemme. Dei heilage dreg oss inn i fellesskapen med alle heilage hjå Gud.

Og forteljingane om dei er salt på jorda. Salt som svir og bevarer. Forteljingar om livet deira, er som levande ord frå Gud. Livet deira kan lesast som eit evangelium, som ei bok i kjøt og blod.

Dette seier alle dei heilage til oss. Og vi treng dei. Til hjelp og oppmuntring. Vi treng vitnemåla om deira liv for at vi skal bli ståande og våre liv skal vere lesbare, evangeliebøker, for våre samtidige,

til ære for Faderen og Sonen og Heilaganden som var, er og blir éin sann Gud frå æve til æve.


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
3 min
Ressurstype

  Bibelutleggelse

Emne

  Forbilder

Skrifthenvisning

  Matteus evangelium  5: 13-16

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ottar Mikael Myrseth.
  pensjonert folkehøgskolelærar og praktiserande prest. Har 23 år bak seg som prest i Den norske kyrkja, som sokneprest i Rødtvet, Oslo, og Spjelkavik, og som stiftskapellan for biskopen i Møre. I 2001 melde seg inn i Den nordisk-katolske kyrkja, der han no er sokneprest i St Olav, Ålesund, og er vald til biskop for Skandinavia. Frå 2001 til 2017 var han lærar ved Borgund folkehøgskole. Han og kona Reidun har tre voksne born og 10 barneborn.
   Ressurser av Ottar Mikael Myrseth
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.