Publisert

Boktips: Babylon Lærerik bibelsk roman


Ca leselengde:
3 min

Odd Rannestad har skrive roman om Israel sitt eksil i Babylon, og det må eg seia er eit
vellukka prosjekt. Rett nok er det språklege og litterære rimeleg enkelt, men ikkje slik at det
vert platt eller dårleg litteratur. Derimot gjer det at romanen er lett å lesa og lett å forstå, og
med det ein roman for «vanlege folk».

Romanen si forteljing er bygd opp rundt ein mann kalla Hur, som altså er ein oppdikta
person. Fødselen hans er sett til år 586 f.Kr., det året Salomos tempel i Jerusalem vart
øydelagt, og vi fylgjer han gjennom livet like til templet i Jerusalem er bygd oppatt.
Israelsfolkets historie i det babylonske eksilet er med det sett med Hur sine augo og det han
opplevde og er med på gjennom livet. Hur er ein svært flink kar, og han får sentrale
posisjonar frå han er heilt ung og gjennom heile livet. Faren har også ein sentral posisjon i
folket.

Frå ei side sett er det litt misvisande at romanen har tittelen Babylon, fordi svært lite av
handlinga skjer i byen Babylon, men i eit par mindre byar eit stykke unna. Samstundes er
tittelen treffande, fordi Babylon står som eit symbol på det babylonske riket og jødefolkets
opphald der, og for det som karakteriserer dei ulike verdsrika som peikar fram mot det
antikristelege riket. Rett nok er det nesten ingen ting om det siste i denne romanen.
Vi får «møta» fleire av dei bibelske personane på denne tida. Det gjeld særleg Abed Nego
som styrte i det området Hur budde, og Esekiel som budde der. Hur arbeidde for begge
desse. Vi møter også Daniel og Nebukadnesar, og vi høyrer ein god del og av Jeremia, fordi
han var i slekt med far til Hur. Også andre personar stig fram. I tillegg møter vi mykje stoff frå
GT, særleg frå profetane som verka på denne tida, eller straks før, og dei som verka då Israel
kom tilbake til Jerusalem og bygde opp byen og templet. Med det får vi mykje bibelsk stoff på
denne måten, både referert meir generelt og sitert direkte.

Rannestad har lagt samlinga av dei gamaltestamentlege bøkene til tida i eksilet, og Hur er
sentral i samlinga og avskrivinga av desse. Det er interessant og lærerikt. Dessutan er det
lagt stor vekt på bygginga av forsamlingshus eller synagoge for jødefolket, sidan dei ikkje
hadde noko tempel. Synagogen vart sentral i det jødiske livet same kor i verda dei var og er.
Romanen består av 33 kapittel, og til kvart av kapitla er det nokså omfattande lister med
bibeltilvisingar for det aktuelle stoffet, ulike faktaopplysningar og forklaringar. Det er også
andre faktaoversikter. Dette treng ein ikkje lesa for å lesa boka som roman, men vil ein nytta
romanen til meir bibelkunnskap, er dette ei gullgruve.

Eg har arbeidd nokså mykje med og undervist om Israels eksil og dei ulike profetane knytt til
dette, ikkje minst Daniels bok. Dette er ein uhyre viktig og dramatisk periode i Israel sitt liv, og
det er svært viktig for å forstå bibelhistoria rett å kjenna til denne perioden. Det er også viktig
for å forstå dei ulike profetbøkene, fordi profetane verka på ein eller anna måte opp mot
eksilet. Så langt eg kan sjå, har Odd Rannestad kome godt frå den historiske sida ved
romanen, slik at han er både til lærdom og oppbygging. Det er sjølvsagt slik at når personar
og folkelivet skal skildrast, må det vert dikting, men det er truverdig i forhold til slik det kan ha
vore, og – det viktigaste – det er truverdig i forhold til den bibelske historia.
Eg håper inderleg at boka får mange lesarar, og at folk med det tek imot den hjelpa ein her
får til kunnskap om og lærdom av ei svært avgjerande tid i Israels historie og i frelseshistoria.
Eg takkar Odd Rannestad og gjev romanen mi beste anbefaling!

___________________

Odd Rannestad
Babylon
Historisk roman om en skjebnetid i jødefolkets historie
Ebmedia2024
Hft. 318 sider
Romanen kan blant annet kjøpes her


 


Støtt foross.no
Ca leselengde
3 min
Ressurstype

  Boktips

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Johannes Kleppa.
  Johannes er gift med Oddlaug og har en datter. Han er skribent, bibelskolelærer og forkynner. Tidligere har han vært redaktør i den kristne dagsavisen Dagen.
   Ressurser av Johannes Kleppa
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.