Publisert

Levande og viktig om Carl Fr. Wisløff


Ca leselengde:
9 min

biografi om C. F. WisløffTida går fort, og det historiske minnet er kort. Dei fleste, også kristne, som er under 50 år, kjenner knapt namnet Carl Fr. Wisløff (1908-2004), og enda mindre kva han stod for, og kva han hadde å seia i si tid. Mange av oss som er over 60 år, møtte mannen, sat under talarstolen hans og las det han skreiv. No har Wisløff fått sin biografi, og det er svært bra – og det er godt denne er skriven av ein som kan presentera mannen og det han stod for ut frå hans eigen ståstad.

Ein bauta i norsk kristenliv

Det var ingen som hadde større innverknad i det norske kristenfolket siste halvdelen av 1900-talet enn Carl Fr. Wisløff. På heile 1900-talet er det sannsynlegvis berre professor Ole Hallesby som har hatt ein sterkare posisjon. Wisløff var truleg på høgda av si verksemd og innverknad på 1950-, 60- og 70-talet. Det er nesten utruleg kor lite Wisløff vert rekna med i norsk teologi og kyrkjeliv i dag, sett i lys av den posisjonen han hadde for kort tid sidan. Alle som kjenner litt til han, vil framheva hans kolossale og allsidige kunnskapar og hans høge intelligens. Dei vil også framheva at han var ein eminent førelesar, forkynnar, skribent og debattant. Han hadde ein klisterhjerne, eit minne av utrulege dimensjonar og ei uvanleg evne til å koma på dei rette tinga til rett tid, og med det var han ein meistar til å sitera faglitteratur og fortelja anekdoter på rett stad.

Biografien er skriven av Egil Sjaastad, dosent ved Fjellhaug Internasjonale Høgskole. Han kjende Wisløff godt, både ut frå det Wisløff stod for teologisk gjennom undervisning og forkynning, og personleg ut frå mange års samarbeid i Fast Grunn. Sjaastad er på mange måtar «disippel» av Wisløff. Eit så nært forhold kan vera problematisk med tanke på ei objektiv og nøktern framstilling, men det kan også vera ein fordel med tanke på å forstå mannen og få fram hovudsakene. Eg synest Sjaastad har balansert denne utfordringa på ein god måte, slik at også veike sider ved Wisløff og hans teologien vert peika på, men der det store bilete vert ei positiv framstilling av mannen, hans syn og hans livsverk. Vi møter Wisløff slik vi kjende han.

Fagbok med folkelig form

Sjaastad har gjort eit dristig val litterært og fagleg ved at biografien er «forsøkt skrevet på en folkelig måte», samstundes som det dreier seg om ei fagbok. Også denne kombinasjonen synest eg forfattaren kjem godt frå. Rett nok er boka såpass folkeleg at nokre fagfolk kan meina det er i meste laget. Sjaastad har tillate seg å tenkja seg inn i ulike situasjonar og korleis det vart tenkt, og han har med ein del anekdoter. Det er heller uvanleg i vitskapleg arbeid, men gjennom eit omfattande noteapparat vert framstillinga godt dokumentert. Denne framstillingsmåten gjer at boka framstår med sakleg tyngde, samstundes som ho vil vera lett tilgjengeleg og aktuell for mange.

Vi får plassert Carl Fr. Wisløff inn i storfamilien Wisløff, og vi får kortfatta fylgja han gjennom barndom og oppvekst, og i hans eigen familie. Hans far var ein viktig person og læremeistar i Carl Fredriks liv. Det meste av biografien tek føre seg Wisløffs liv og teneste frå teologistudiet, via presteteneste, 28 år ved Menighetsfakultetet (MF) og ei langt pensjonistteneste, særleg knytt til bedehuset. For oss som har hatt eit forhold til Wisløff, vil ein god del av dette vera kjent stoff og hyggeleg repetisjon, men her er også utfyllande perspektiv og nye moment.

Prestetida til Wisløff har nok kome noko i skuggen av alt han seinare gjorde, men her er fleire interessante ting å merkja seg, særleg med tanke på det vekkingsorienterte som også var i Den norske kyrkja (Dnk) i mellomkrigstida og under siste verdskrigen. Det var ingen sjølvsagt ting at Wisløff skulle hamna på MF, trass i at han hadde alle føresetnader til det. Bibelsynet og kyrkjesynet vart tidleg ei utfordring i høve til MF, og det vart berre vanskelegare med åra. Olav Valen-Sendstad, Øivind Andersen og Carl Fr. Wisløff stod kvarandre nær.

Wisløff vart kalla til rektor ved Praktikum ved MF, og med det fekk han prega både prestar og andre med tanke på forkynninga, boka «Ordet fra Guds munn» er eit sterkt vitnemål om det. Det som mange ikkje er klar over, er at Wisløff var sterkt oppteken med liturgien i Dnk. Han var ein framståande ekspert på dette området. Hans faglege posisjon vart enda sterkare då han vart professor i kyrkjehistorie. Han heldt gjennom heile si MF-tid tekstgjennomgåingar kvar veke, og desse samla stappfullt auditorium og fekk mykje å seia for mange. Han var også fleire år redaktør av Luthersk Kirketidende, formann i Laget, med i hovudstyret for Indremisjonsselskapet, skreiv bøker, deltok i utallige debattar og heldt føredrag og forkynte i aust og vest. Han hadde lenge ein svært sterk posisjon i Laget både her i landet og internasjonalt. Av bøkene fekk særleg «Jeg vet på hvem jeg tror» mykje å seia, i mange land.

Professoren heldt eit forrykande tempo, men han vart aldri overflatisk – tvert imot makta han å setja seg svært grundig inn i mange spørsmål, ikkje berre av kyrkjehistorisk karakter, men også i det dagsaktuelle og i misjonsteologien. Det er utruleg kva han vann over. Han vert sitert på at det gjaldt å nytta halvtimane, eg har høyrt at han også snakka om å nytta kvartera! Han vart lesen og lytta til av mange.

I pakt med Skrifta

Wisløff stod heile sitt liv for eit fundamentalistisk bibelsyn, sjølv om han ikkje likte det ordet. I Danmark brukar ein ordet «ortodoks» om dette skriftsynet, og det er kjenneteikna av at ein ikkje vil tala om feil i Bibelen, at ein legg stor vekt på Bibelens inspirasjon og verkekraft, og med det Skriftas autoritet og forkynninga. Sjaastad framhevar mange stader Wisløffs skriftsyn, også fordi han var ei nokså einsam svale på MF med dette synet, men det var rådande i store delar av lekfolket og han delte det med Olav Valen-Sendstad. Eg skulle nok ønskt at Sjaastad hadde gått enda grundigare inn på kva ligg i dette bibelsynet, fordi det er for tida eit nokså forkjetra bibelsyn. Professor i religionshistorie Gro Steinsland fekk seg nett til å seia om dette bibelsynet: «Det er et kunnskapsløst syn på de hellige skrifter.» Med tanke på Wisløff er dette ei nokså utruleg utsegn. Noregs kanskje mest lærde professor gjennom tidene når det gjeld Bibelens bøker, Paul Gerhard Caspari, var også fundamentalist, og det er i dag hundrevis av professorar rundt om i verda på anerkjende universitet som er det same.

Kyrkjesynet skapet nok enda større vanskar for Wisløff på MF enn skriftsynet, truleg fordi kyrkjesynet meir direkte kan relaterast til dei lutherske vedkjenningsskriftene. Det vart sagt rett ut at han her stod i eit problematisk forhold til vedkjenninga. For Wisløff som var ekspert på Luther og reformasjonen, var nok dette nokså tungt å svelja. Etter kvart miste han frimodet til å representera MF og sa midt på 70-talet opp professorstillinga. Det skapte høge bylgjer og mange diskusjonar. Det vil føra for langt å gå inn i den saka her, men eg peikar på at Jon Kvalbein spela ein sentral rolle på Wisløffs side i denne tida. Det må kunna seiast at Wisløff og meiningsfellane hans fekk rett i korleis utviklinga ved MF ville gå, om styret ikkje gjorde eit radikalt opprydningsarbeid.

Misjonsfolkets professor

Etter Wisløff slutta på MF, mista han nok posisjon innover i Dnk og i presteskapet, men han auka tilsvarande posisjonen sin i det radikale lekfolket, særleg innan Misjonssambandet og Indremisjonsforbundet. Han vart på ein særleg måte misjonsfolkets professor, som Sjaastad seier. Det gjeld ikkje minst på det ekumeniske området, i høve til den katolske kyrkja og med tanke på misjonssynet. Han var også fleire turar og underviste i ulike misjonsland.

Det kan vera at Sjaastads ståstad i NLM og Fast Grunn gjer at Wisløffs plass andre stader kjem litt i skuggen av hans posisjon og virke her. Eit døme på dette kan vera at i omtalen om kvinnelege prestar hoppar Sjaastad frå striden om dette på MF midt på 70-talet til debatten om dette i NLM på slutten av 80-talet. Mellom det hadde det vore ein nokså omfattande diskusjon om denne saka i ImF. Wisløff støtta sterkt den utgreiinga som då vart utgjeva, og han meinte det var særleg viktig at dette skjedde ut frå eit lågkyrkjeleg syn. Det hadde helst vore høgkyrkjelege som til då hadde markert seg i saka, og i ein kommentar til underteikna føydde han til: «Og de går på stier som vi ikke gjerne betreder!»

Det siste store arbeidet frå Carl Fr. Wisløffs hand var, saman med Arthur Berg og Thoralf Gilbrant, ei ny omsetjing av Bibelen – Norsk Bibel 1988, eller Bibelen – Den Heilage Skrifta. Denne omsetjinga fekk sterkt gjennomslag på bedehuset og i frikyrkjelege samanhengar.

Sjaastad fylgjer gjennom biografien Wisløff inn på dei ulike arenaane han deltok på og i dei viktigaste debattane han var involvert i, og han viser kva signal han gav til misjonsfolket og kva profilering han gjorde i ulike teologiske spørsmål. Gjennom alt dette lærer vi Carl Fr. Wisløff godt å kjenna både som person, som kristen og som fagteolog. Dette er til både lærdom og inspirasjon. Det er litt gjentaking ut gjennom boka på ulike punkt. Ideelt sett skulle eg gjerne sette at det vart bora enda djupare teologisk i nokre hovudmoment i det Wisløff stod for og lærte, slik som ei luthersk kristendomsforståing, forkynningssynet, skriftsynet og kyrkjesynet. Her er så mykje bra, at eg gjerne ville hatt enda meir, men ein biografi kan ikkje få med alt!

Det er berre å bukka og takka for boka, for ei fengslande framstilling og for solid innhald. Det er å vona at biografien vil gje fornya interesse for det Carl Fr. Wisløff stod for og formidla gjennom eit langt liv. Det er læresyn, teologiske haldningar og personleg engasjement som vi sterkt treng i vår tid.

 

Egil Sjaastad

Carl Fr. Wisløff

Presten som ble misjonsfolkets professor

Portal 2016

Hft. 382 sider

Boka kan kjøpast på nettet frå bokogmedia.no


 


Støtt foross.no
Ca leselengde
9 min
Ressurstype

  Boktips

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Johannes Kleppa.
  Johannes er gift med Oddlaug og har en datter. Han er skribent, bibelskolelærer og forkynner. Tidligere har han vært redaktør i den kristne dagsavisen Dagen.
   Ressurser av Johannes Kleppa
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.

Dagens bibelord i fastetiden 24/03/19 – Luk 1,46-55