Publisert

Min leseliste: Sofie Braut Parallell-lesing, gjenlesing og leselyst!


Ca leselengde:
5 min

En av målsettingene med foross.no er å inspirere kristne til å lese (mer) god kristen litteratur. Det trenger vi for vår egen personlige del, men også for å formes av en bibelsk tankegang til sunn tjeneste og aktivt samfunnsliv.

Vi håper derfor en kikk i bokhyllen til Sofie Braut vil være til inspirasjon.

Hvilke bøker er du underveis i for tiden?

Eg har etterkvart begynt å akseptera at eg er ein parallell-lesar, og at eg likar å lesa i bøker om eg ikkje les tvers gjennom dei. Ei viktig bok for meg nett no, var ei eg kjøpte i Varnhems kloster i Sverige i sommar, ei nydeleg svensk utgjeving av C.S. Lewis «Om Bön». Elles les eg årets Veritas-utgjeving «Alltid klar til forsvar» av William Lane Craig og Rebecca McLaughlins «Confronting Christianity». Av skjønnlitteratur er det ei svært smakfull nynorsk-utgåve av «Stormfulle høgder» som eg stadig vender attende til for tida, og les i rykk og napp.

Husker du når du for alvor begynte å lese og hva som trigget deg til det?

Ja, eg hugsar at biblioteket heime var viktig. Og heilt sikkert også dei smekkfulle bokhyllene i heimen hos mor og far. Eine syster mi lånte med ei spesiell utgåve av Alice i eventyrland til meg, og det er ei forteljing eg eigentleg aldri har blitt ferdig med. Eg har dessutan gode minne frå høgtlesing heime som bana vegen for at lesing vart noko heilt spesielt for meg. Ein oppvekst i fredelege omgjevnader med lange somrar, god tid og nærast fullstendig skjermfritt må ha vore optimale rammer for å vekka leselyst i eit ungt sinn.

Hva er dine favoritter innen skjønnlitteratur?

Eg er svak for klassikarar, særleg norsk og engelsk litteratur. Som litteraturmeldar i Stavanger Aftenblad har eg vore borti mykje sprek og gripande litteratur av nyare dato, men eg kjem alltid tilbake til litteraturen frå tidlegare tider. Men likevel, når eg les nyare romanar som Tore Kvævens «Når Landet mørknar» og Lars Myttings «Søsterklokkene», då blir eg både oppslukt og imponert.  Dessutan likar eg dikt. Ibsens «Terje Vigen», til dømes. Det burde alle ta seg tid til å lesa. Formidabel versekunst og gripande innhald — om omvending!

Hvilke bøker har særlig hjulpet deg i livet med Jesus?

Oi, korleis skal eg velja? Bøker har verkeleg vore til hjelp, det er forfattarar som C.S. Lewis, Richard Foster og Wilfrid Stinissen som dukkar opp her, og mange ulike bøker til ulike tider. Då eg var småbarnsmor, hugsar eg at boka «Å gi plass til en annen» av Lena Bergström verkeleg var til hjelp for å halda trua levande i ei tid der livet vart nokså kaotisk. Ole Hallesby klassikar om bøn «Fra bønnens verden» vil eg også trekka fram. Kanskje ei av dei aller viktigaste for meg er den vesle perla «A Shepherd Looks at Psalm 23» av W. Philip Keller. Her er mykje som styrker sjela i vandringa med Jesus. Eg blir varm innvending berre av å sjå omslaget!

Hvilke bøker har hatt mest å si for din tenkning om kristen tjeneste og virksomhet?

Eg las Magnus Malms «Veivisere» då eg var 19. Den gjorde eit heilt uutsletteleg inntrykk på meg. Henri Nouwens bøker «Life of the Beloved» og «In the Name of Jesus» har hatt mykje å seia. Av nyare dato vil eg trekka fram Geir Otto Holmås sunne perspektiv på karismatikk i «Ved en korsvei».

Hvilke biografier har du satt mest pris på å lese?

Eg likar jamt over betre biografiske utdrag enn heile biografiar, men la meg nemna Alv Magnus biografi om Hans Nilsen Hauge, som er den eg las no sist, eg vart svært inspirert av denne boka!

Hvilke bøker vender du tilbake til og leser flere ganger og hvorfor?

Kristin Lavransdatter er ei bok eg aldri vert ferdig med, likeeins Ruts Bok i Bibelen. Eg nemnde tidlegare W. Philip Kellers bok om Salme 23 og legg til fleire av C.S. Lewis’ bøker. Eg likar generelt å lesa ting om att.

Hvilke bøker har du opplevd mest til hjelp i det å forstå vår samtid og se den i lys av en bibelsk tenkning?

Eg har nemnt nokre av dei allerede. Magnus Malm er ein forfattar som kastar profetisk lys over mykje i samtida, «Som om Gud ikke finnes» er eitt av fleire døme. Her kunne eg ha nemnt mange, sjølvsagt, men Dallas Willards «The Divine Conspiracy» er eit anna døme på eit viktig referansepunkt for meg.

Du har arbeid som lærer (enn så lenge), hva har du lest som særlig motiverte deg for læreryrket?

Roald Dahls barnebøker minner på humoristisk vis om kor ille det kan gå når lærarar (og andre vaksne) er maktsjuke, og vert ei indirekte oppmuntring til å prøva å sjå ting frå dei barna og ungdomane sitt perspektiv. Elles må eg seia at bøkene (og tv-seriane) om Anne frå Bjørkely, påverka meg sterkt då eg var i den heilt rette alderen.

Hvilken bok skulle du ønske alle kristne hadde lest og hvorfor?

Eg skulle ønska alle kristne las Bibelen. Ikkje minst at vi brukte endå meir tid på det å lesa bøkene som heile bøker, i samanheng. Eg gler meg over alle Bibelles-initiativ som finst for alle aldersgrupper. Eg trur mange kristne ser på Bibellesing som ein «annan kategori» av lesing, som meir plikt enn glede. Bibelen er eit fascinerande bibliotek, og inneheld verdas desidert beste litteratur.

Hvilken bok har hatt mest å si for deg i det å tjene dine medmennesker?

Eg må igjen nemna Henri Nouwens bøker, blikket for andre og viljen til å ta eit steg ned på alskens stigar ein måtte driva å klatra i, er som ein varm og gyllenraud tråd i hans forfattarskap. I tillegg er den vesle boka «The practice of the Presence of God» ei eg gjerne tek fram att, den får meg på sporet av det livet eigentleg handlar om. Slike bøker hjelper meg til å bli «Fri til å tjene», for å låna tittelen til ei anna god bok om same tema — også den av svenske Magnus Malm.


 


Støtt foross.no
Ca leselengde
5 min
Ressurstype

  Boktips

Serie

  Min leseliste: Knut Kåre Kirkholm

  Min leseliste: Sofie Braut Parallell-lesing, gjenlesing og leselyst! (vises nå)

  Min leseliste: Jon Georg Fiske

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Sofie Braut.
  Sofie er 40 år, gift med Håvard og har tre barn. Hun er blant annet utdannet med hovedfag i engelsk litteratur fra Universitetet i Bergen og har tidligere jobbet som lektor ved Tryggheim vgs. Nå jobber hun i Laget. Sofie har i mange år også frilanset som bokmelder og skribent.
   Ressurser av Sofie Braut
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.