Publisert

Wonderfully made Skam, kjønnsdysfori, attrå og meir i eit bibelsk heilskapssyn om vår fantastiske kropp


Ca leselengde:
9 min

Wonderfully made
Forfatter: John Kleinig
Forlag: Lexham Press
Språk: Engelsk
År: 2021
Antall sider: 256

Innleiing

Me lever i ei tid som, på mange måtar, er forvirrande og vanskeleg å navigere i når det gjeld kropp, seksualitet og kjønn. Gjennom historia har ulike idestrømmingar kraftig tona ned det sentrale ved kroppen; at den er viktig og ein avgjerande karakter for liva våre. Dette har gjort, og gjer seg framleis gjeldande, òg i kristendommen. Ei kroppsforakt kan vise seg på mange ulike måtar, men eg trur det kan ha ført til at me i samtida står dårlegare rusta i møte med dei store utfordringane me i dag ser kring kropp.

Vårt grunnsyn på kroppen påverkar både teologi og kvardagsliv. I vår tid er det mange som kjenner seg forvirra, forundra, og kanskje redde når det gjeld denne tematikken. Difor vart eg positivt overraska då eg såg ei konfesjonell stemme og eit luthersk forsøk på å adressere og understreke det som Bibelen vitnar om frå si første side, og deretter utdjupar, eksempevis i Salme 139. Her vert takka retta mot Gud for at me er så underfullt skapte. Kan me stemme i den takksemda?

John Kleinig er ein pensjonert luthersk forskar frå Australia. Hans mål med boka (sjå omslag) er å forme ein bibelsk teologi om kroppane våre gjennom å adressere spørsmål frå notida om skam, kjønnsdysfori, attrå o.s.b., ved å integrere dei i eit bibelsk heilskapssyn på mennesket – skapt som kropp. Ved at forfattaren eksemplifiserer gjennom moderne spørsmål og samtidig knyter dei til bibelsk materiell, historiske og konfesjonelle skrifter, vert det skapt eit fruktbart ekkokammer for å bidra inn i samtidas forvirring. Samstundes er det unekteleg eit omfattande prosjekt forfattaren prøver seg på gjennom dei over 200 sidene i boka.

Kroppen spelar ei rolle

Allereie innleiingsvis ser ein tydeleg intensjonen til forfattaren: Å vere medviten kroppen er ikkje (kun) teoretisk spekulasjon forbeholdt teologar og filosofar, men eit praktisk spørsmål og ei haldning som preger liva våre. Det styrer korleis me tenkjer, lever og handlar. Me tar ofte kroppane våre for gitt, men den lokaliserer meg, eg vert fødd og døyr med den, den markerer den daglege rytmen i livet mitt. Vidare styrer kroppen korleis eg samhandlar med andre menneske og skapinga generelt. Vårt menneskelege liv er eit liv i ein kropp. Det gjeld endåtil vårt andelege liv. Det som startar i dåpen og held fram gjennom livet, det livet som er skapt og vert halde oppe av Den Heilage Ande, er alltid eit kroppsleg liv. I staden for å ta meg bort frå kroppen, tek den meg lengre og djupare inn i eit kroppsleg liv som menneske. Kristen spiritualitet er altså spiritualitet gjort lekamleg. Forfattaren poengterer tydeleg at me ikkje er ander og at me ikkje berre har kroppar, men me ER kropp. Dette er eit gjennomgåande og avgjerande viktig poeng i boka.

Menneske kan tenkje ulikt om kroppane sine, me kan eksempelvis idolisere dei. Men forfattaren påstår at dei fleste menneske truleg ikkje tenkjer stort nok om kroppane sine. På eine sida kan ein vere besatt av den kroppslege og fysiske helsa. Men kroppsleg perfeksjon er ein kimær – ein umogleg draum og eit uoppnåeleg ideal. Sjølv den beste kroppen er utsett, vert eldre og døyr. På andre sida kan det å vere opptatt av kroppen handle om ei forakt for den. Menneske kan projisere si misnøye med kroppen og forsøke å kvitte seg med det uperfekte. Kristne som kjenner seg ukomfortable med, og i, kroppane sine, kan risikere å redusere trua si til jakta på teologisk innsikt og/eller dyrking av ein subjektiv spiritualitet. Dette kan resultere i ein usunn ikkje-kroppsleg spiritualitet.

«Der sjela får legedom, får òg kroppen hjelp»

I midten av boka viser forfattaren korleis frelsa har ei tydeleg kroppsleg forankring. Forvirringa og den djuptgåande kjensla av framandgjering som kan kjenneteikne forholdet vårt til kroppen, vert spegla i syndefallets konsekvensar. Desse tankane er difor ikkje berre nevrotisk eller feil, men treng ei djupare løysing. Det kan ikkje berre behandlast klinisk, kosmetisk eller overflatisk, men treng ei andeleg løysing.

Gjennom å understreke inkarnasjonens kroppslegheit og den Athanasianske vedkjenninga si formulering om Guds tankar om den menneskelege naturen, skildrar vidare forfattaren Kristus som ei bru mellom himmel og jord. Kristus blei inkarnert for å dele Guds herlegdom med oss. Det inneber at me no kan delta i det evige livet med Gud med HEILE vårt vesen; kropp og tanke, sjel og ande. Den kristne trua er meir enn eit system av doktrinar eller ein religiøs livsfilosofi. Trua og livet i trua inkluderer HEILE oss med både kropp, sjel og ande.

Sidan det andelege livet vert levd i kroppen, er Kristus eksperten på kroppsspråk. Han kommuniserer med oss og dette er noko som tydeleg grip inn i vår kroppslegheit. Forfattaren understrekar at me som lever på andre sida av påske-hendinga er privilegerte. Jesus er mykje meir tilgjengeleg for oss no enn under si jordiske gjerning. Han viser seg meir fullt og heilt, som Gud og menneske, i sitt ord og sakrament, slik at me kan ha tilgang til Gud Fader gjennom hans kropp og blod. Dette inneber at Jesu omsorg for oss òg vert kroppsleg-fysisk. Kanskje får det sitt tydelegaste uttrykk i gudstenesta der dåpen, ordet og messa, men òg forsamlinga som heilskap, viser og uttrykker Kristi kroppslege omsorg for sine born. Slik understrekar forfattaren gudstenesta sin kroppslege dimensjon og avgjerande viktigheit. Alt dette for at Gud kan hjelpe andre gjennom oss. Kroppane våre blir ein måte for Guds herlegdom å spreie sitt lys (1. Kor 6). Den kristne kroppen er ein mobil heilagdom som tar den treeinige Gud ut i verda, openberrar han, og gjev hans velsigningar vidare til andre menneske.

Forfattaren påpeiker at Gud aldri handlar med oss på eit ikkje-kroppsleg vis. Me kan derfor heller ikkje skilje trua i hjarto våre og det me gjer i kroppen. Trua på Kristus er kroppsleggjord og utlevd. Utan kroppane våre har me inga tilgang til Kristus eller Guds nærvær.

I dette kapitelet fins ord og uttrykk som er ukjende for lesaren. Likevel peiker dette fram mot det forfattaren skildrar som sjølve «hjartet» og nerva i boka, nemleg spørsmålet om korleis Gud Fader ser på kroppane våre. Den fantastiske påstanden er at Han ser på kroppane våre som heilage, akkurat slik Kristus sin menneskelege kropp er heilag. Gud Fader ser oss i Jesus. Me har vår heilagdom i og frå Han. Dette burde endre korleis me ser på og behandlar kroppane våre.

Den seksuelle kroppen

Boka er tenkt som ein rapsodi over den menneskelege kroppen – kroppen skapt i Guds bilete, frelst av Kristus og helga til eit evig liv med Gud. Det avgjerande perspektivet forfattaren nyttar i hovuddelen i boka, er òg nytta om den seksuelle dimensjonen av kroppane våre.

Forfattaren søker eit språk for å adressere notidas forvirring. Han unnskylder utfordringa med å skildre ein kysk seksualitet og Guds plan for den seksuelle kroppen. Trass unnskyldninga er skildringa frå forfattaren dessverre ei overdriven regresjon til tradisjonelt språk, noko som truleg (og dessverre), risikerer å framandgjere ein moderne lesar. Men boka har ei tydeleg bibelsk rettleiing, noko som alltid vil vere ein motkultur. Boka inneheld òg ei viktig lovprising av Høgsongen sitt språk og uttrykk. Fordi Høgsongen er inspirert av Guds Ord, kan den hjelpe oss å forme og re-forme synet vårt på kroppen, seksualitet, attrå o.s.b.

Forfattaren adresserer mellom anna singelliv, utruskap, pornografi, skilsmisse osb., ut ifrå det synet på kroppen han tidlegare har skissert. For eksempel oppfordrar forfattaren oss til ikkje å bruke termar eller identifisere menneske som homoseksuelle eller heteroseksuelle. Dette openbart radikale synet, er motivert av at mennesket ikkje får sin identitet i seksuell orientering og uttrykk. Me er skapt med vår identitet – me er seksuelle menneske som handlar seksuelt, utan at det bestemmer kven me er.

Dette, og andre perspektiv, blir behandla på eit tydeleg motkulturelt, men gjennomgåande pastoralt vis, der vegen til forlating og legedom aldri vert gløymd. Gud som formande og heilaggjerande vert stadig lyfta fram i kontrast til vår syndige natur.

Forfattaren peiker på storheita og viktigheita av kroppen, òg forstått seksuelt, og framhevar seksualiteten som Guds store gåve, utøvd etter dei gode rammene som Gud har sett. Forfattaren understrekar at ingenting reduserer seksuell nyting så mykje som dårleg samvit, men og at ingenting aukar nytinga så mykje som eit godt samvit, fri frå skuld og skam, kroppsforakt og sjølvbebreiding.

Avslutning

Eg er oppriktig takksam for denne boka, for fokuset og forankringa den har. Kroppslegheita, og gleda i kroppen, er som ein raud tråd i boka. Eg ser dette som eit avgjerande viktig perspektiv sjølv, og kanskje spesielt, i vår tid. Forfattaren klarar å gje grunnleggjande undervisning i korleis me bør tenkje om kroppane våre ut ifrå eit bibelsk og konfesjonelt perspektiv. Hyppige sitat frå Luther og vedkjenninga, samt avsluttande indeks, gjer boka nyttig og oversiktleg. For meg som lesar er det ikkje så mykje «nytt» i denne boka, men veldig nyttige påminningar. Å fange ei tenking om kroppen mellom to permar, gjev òg moglegheit til ein større kontekst. Eg satt spesielt pris på det innleiande kapitelet «body matters», samt, «The redeemed body». Samstundes skulle eg ønske at dei meir anvendelege kapitla fekk noko større plass og presisjon, då desse spørsmåla er så brennande aktuelle i dag.

Eg saknar ytterlegare interaksjon med notidas filosofi kring kropp og seksualitet o.s.b. Dette hadde vore klargjerande, til ytterlegare hjelp og gitt boka eit «løft». Den «døra» stenger derimot forfattaren allereie i andre avsnitt, trass ei gjennomgåande filosofisk tilnærming. Dette er ikkje ei bok som fyrst og fremst samhandlar med filosofi, verken med moderne eller historisk, noko som gjer den meir tilgjengeleg. Forfattaren ynskjer å legge eit bibelsk grunnlag for tenkinga om kropp, og det lukkast han med i stor grad. Etter å ha lese boka er det ikkje vanskeleg å stemme i orda til salmisten, der forfattaren òg hentar tittelen for boka:

Eg takkar deg for at eg er så underfullt laga. Underfulle er dine verk, det veit eg godt. Sal 139:14

Boka vert varmt tilrådd.

Boka kan kjøpast her.


Teksten er oversatt fra svensk av Ingvild Ølfarnes Gustavsen.


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
9 min
Ressurstype

  Boktips

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Fredrik Smetana.
  Fredrik er gift med Monica og da har tre barn. Han bor i Oslo hvor han arbeider Fjellhaug Internasjonale Høgskole. Han har mastergrad i teologi derfra og en mastergrad i diakoni, og har tidligere arbeidet som lærer ved Fjellheim bibelskole.
   Ressurser av Fredrik Smetana
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.