Publisert

Då Det nye testamentet blei samla Hvorfor akkurat disse 27 skriftene?


Ca leselengde:
9 min

Kva seier NT sjølv?

Diverre har vi ikkje fått overlevert ei liste over innhaldet i NT ved slutten av Johannes’ Openberring. Det ville ha gjort det svært mykje lettare å svare på spørsmålet om kvifor NT inneheld akkurat dei 27 bøkene som vi finn i Bibelen vår. Men det tyder ikkje at vi er overlatne til tilfeldigheitenes vilkårlege spel. Til det er saka for viktig.

I avskilstalen sin til læresveinane på skjærtorsdag kveld lova Jesus at han kom til å  sende dei Talsmannen (Den heilage ande), som skulle leie dei fram til heile sanninga (Joh 14:26; 16:13). Vi kan sjå på NT som ein del av at denne lovnaden til apostlane blei oppfylt.

Alt i NT har vi vitnemål om at dei brukte deler av overleveringane etter Jesus når kyrkjelydane heldt gudstenester. Og det var før dei var skrevne ned i form av dei evangelia vi no kjenner; sjå m.a. 1 Kor 7:10; 11:26; 12:25; 15:3-4. På eit par stader viser NT òg til andre NT-skrifter på linje med GT: 2 Pet 3:15f omtalar breva frå Paulus og 1 Tim 5:18 viser til Luk 10:7. Men elles er det i sjølve NT heller smått med vitnemål om kva skrifter som høyrer med.

Først autoritet, deretter kanon

Ein høyrer av og til at bøkene som kom med i NT ved det fekk guddomleg autoritet. Men det er ei misforståing; tilhøvet er omvendt. Dei bøkene som i førevegen var blitt tilkjent guddomleg autoritet, var dei som etter kvart kom med i NT-kanon. Det gjekk føre seg ein prosess der dei skriftene som i utgangspunktet hadde apostolisk autoritet og ved det bar med seg Jesu autoritet, var dei som utkrystalliserte seg i den samlinga som vi no kallar NT. Den guddomlege autoriteten var først, deretter kom ein plass på lista over bøkene som skulle bli til NT.

Etter at apostlane var døde

På år 60-talet e.Kr. blei det meir og meir presserande å få Jesu liv nedskreve, for augnevitna var gamle, og mange var alt borte. Ein gong i byrjinga av 100-talet var dei fire evangelia truleg samla i ei varig form, og folk kunne tale om evangeliet etter Matteus osv.

Mot slutten av same hundretalet er det truleg at breva frå Paulus var samla ferdig på liknande måte. Dei fekk namna ‘Apostelen Paulus’ brev til romarane’ osv.

Apostelgjerningane høyrde først saman med Lukas-evangeliet som bind to av hans verk. Då første del blei utskild som eit evangelium, oppsto Apostelgjerningane, som heilt naturleg blei rekna som like autoritativt som første bind, evangeliet. Denne boka kom til å spele ei viktig rolle som bindeledd mellom dei fire evangelia og samlinga av breva frå Paulus.

Hos dei såkalla apostoliske fedrane, som er ei samling bøker frå første halvdel av 100-talet, har vi eit sterkt vitnemål om at Paulus sine brev var godkjende som autoritative i heile oldkyrkja. Hos dei blir det òg vist til «evangeliet» i eintal, men det er litt uklårt om det blir brukt om bodskapen eller samlinga av dei fire skriftene.

Kjettaren Markion – kyrkja sitt svar

Omkring 140 e.Kr. kom det ein lærar med namnet Markion til Rom. Han samla så mange tilhengarar at kyrkjeleiarane måtte ta stilling til læra hans. Markion avviste heile GT og store deler av NT, fordi han fann berre jødedom i dei. Han laga ei liste over skriftene som etter hans meining høyrde til i Den nye pakt. Den inneheldt Lukasevangeliet utan tilvisingar til GT, og 10 av dei 13 Paulus-breva i hans eigen redigerte versjon. Det er den tidlegaste eigentlege lista over bøkene i NT vi kjenner til. Markion var på den måten med på å framskunde den prosessen som alt var i gang i kyrkja, som gjekk ut på å få klart kva for skrifter som skulle høyre med i NT. Svaret frå kyrkjeleiarane til Markion var at det var fire evangelium, ikkje berre eitt, og at Paulus hadde skreve 13 brev, ikkje berre 10.

Omkring år 200 e.Kr. får ein inntrykk av at det er stor semje i heile kyrkja om størstedelen av innhaldet i NT: 4 evangelium, Apostelgjerningane, alle 13 breva frå Paulus, 1. Peters brev, 1. Johannes’ brev og Openberringsboka. Derimot var det usemje om seks av dei andre skriftene, Hebrearbrevet, breva frå Jakob og Judas, 2. Peters brev og brev nummer 2 og 3 frå Johannes. Enkelte personar tok andre skrifter frå 100-talet med i reknestykket; det viktigaste heiter «Hyrdingen» av Hermas. Men desse andre skriftene var aldri seriøst aktuelle til å bli inkludert i kanon; dei blei vurdert til å ha blitt forfatta altfor lenge etter aposteltida.

Eigentlege kanonlister

Den første eigentlege lista over NT-bøkene frå den rettruande kyrkja, har vi frå omkring 180 e.Kr. Lista går under namnet Muratorianum. Samanlikna med det NT vi kjenner i dag, manglar Hebrearbrevet, Jakobs brev, 1. og 2. Peters brev og 3. Johannes’ brev. Men så var det med eit skrift frå 100-talet som bar namnet Peters Openberring.

Den neste lista vi kjenner til er frå Origenes (ca. 185-254 e.Kr.). Han fortel at 22 av NT-skriftene var godtekne av alle på hans tid, men at fem mindre brev var omstridde, nemleg Jakob, Judas, 2. Peter, og 2. og 3. Johannes. Vidare nemner han at det var folk som kunne ha tenkt seg å inkludere to andre skrifter frå 100-talet, nemleg Hermas’ «Hyrdingen» og skriftet «Didache» - som tyder «undervisning, lære».

Den neste lista over bøkene i NT finn vi hos kyrkjehistorikaren Eusebius (265-340 e.Kr.). Han fører berre opp dei 27 skriftene som NT inneheld i dag, men legg til at dei 6 ovafor nemnde er omstridde. I perioden mellom 300 og 400 e.Kr. blir det mindre og mindre diskusjon om dei 6 små breva. I staden blir det stilt spørsmålsteikn ved Johannes’ Openberring, noko som ikkje var tilfelle før 300 e.Kr. Det kan ha sin grunn i teologisk skepsis, særleg til omtalen av tusenårsriket i Joh. Op. 20.

Den første gongen vi møter ei liste med akkurat dei skriftene som NT inneheld i dag, er i påskebrevet frå biskop Athanasius av Alexandria frå 367 e.Kr. Deretter er det ikkje meir usemje om dei seks ‘små’ breva, og omkring 400 e.Kr. er det slutt på all diskusjon om korleis NT skal sjå ut.

Kriterium for ein plass i kanon

Visse kjenneteikn var avgjerande for at eit skrift kunne bli godkjend som eit heilagt skrift i Den nye pakt. Desse kriteria var viktige for å hindre at falske autoritetar skulle få innpass i den kristne forsamlinga.

Det viktigaste var at skriftet skulle vere apostolisk, som tyder enten skreve direkte av ein apostel eller nokon i den næraste krinsen rundt apostelen. Dette kriteriet hadde to underpunkt: rett alder og rett lære. Skriftet blei berre rekna som apostolisk dersom det kunne førast attende til den tida då apostlane levde, og dersom det var klart i samsvar med læra til apostlane. Når Hebrearbrevet var omdiskutert, var det fordi dei ikkje var sikre på kven som hadde skreve det, då det ikkje er direkte angitt i brevet. Dei som fekk brevet tilsendt, visste det sjølvsagt, men så gjekk det i gløymeboka, og ein mangla visse om kven i krinsen rundt apostlane det stamma frå.

Det andre store kriteriet var utbreiing. For å bli godtatt måtte skriftet vere kjend i heile kyrkja og i bruk ved gudstenestene. Dette er sikkert grunnen til at dei korte breva ikkje utan vidare fann vegen til NT-kanon. Dei var truleg ikkje kjende i heile kyrkja, sjølv om dei var apostoliske nok når det gjaldt innhaldet.

Nokre konklusjonar

Jesus har ikkje gitt oss noko direkte openberring der han fortel kva skrifter som høyrer med i NT. Men det tyder ikkje at vi ikkje kan seie noko om det.

For det første må vi streke under at det er Jesu eigen autoritet som er den kristne forsamlinga sin øvste og djupast sett einaste autoritet. Han overdrog denne autoriteten til apostlane sine. Den er ikkje berre knytt til munnleg overlevering av hans liv og lære, men og til skreve materiale som apostlane står bak. Dette er dei heilage skriftene i Den nye pakt. Kanoniseringsprosessen gjekk ut på å finne fram til dei skriftene som alt hadde guddomleg autoritet. Denne måten å gjere det på skulle sikre at kyrkja ikkje blei grunnlagd på falske autoritetar.

Avslutningsvis vil vi hevde at det er nyttig å sjå på konklusjonane både i eit historisk og i eit teologisk perspektiv.

Frå historisk synsstad er kanoniseringsprosessen for NT avslutta. Det vil ikkje bli tillagd fleire bøker, og ingen kan bli fjerna. Langt den største delen av NT høyrer til der utan diskusjon, nemleg 21 av dei 27 bøkene. Om dei 6 mindre skriftene kan det seiast at dei ikkje høyrer til i kanon med same rett som dei andre 21, men dei blei med likevel. Like eins kan vi seie at frå historisk synsstad kan ingen skrifter som i dag ikkje er i NT, seiast å ha ein historisk rett til å bli inkludert.

Men dei historiske konklusjonane gir ikkje heile biletet. Dei teologiske er òg viktige, sjølv om dei ikkje er så lette å kome til rette med. For det første minner vi om at vi ikkje har noko ord frå Jesu munn som fortel kva skrifter som skulle inkluderast i NT. Derfor er NT, ulikt GT, i prinsippet ein kanon som ikkje er avslutta. Når det er sagt, skal vi nemne tre tilhøve ein må ta omsyn til når ein skal vurdere NT-kanon.

For det første var prosessen fram mot NT-kanon nokså lik den som førde fram til GT-kanon, og det ser ikkje ut til at Jesus hadde noko å innvende mot utvalet av bøker i GT. Derfor kan ikkje vi heller ha innvendingar mot den tilsvarande historiske prosessen som førde til at NT blei utkrystallisert.

For det andre peikar Jesu lovnad om Den heilage ande framover, og vi får lov til å rekne med at han leidde vegen til heile sanninga også i prosessen som førde til utvalet av skrifter som var autorisert av Gud sjølv (Joh 14:26; 16:13).

Og til sist bør vi rekne med at Gud har omsorg og iver for sitt ord (Jer 1:12). Derfor kunne han ikkje, som herre over historia, tillate at hans kyrkje på jorda skulle bygge på ein autoritet som ikkje var frå han sjølv.


Teksten er først publisert hos nettsiden Ordet og Israel, og er oversatt fra dansk av Kjell Magne Yri.


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
9 min
Ressurstype

  Hva Tror Vi

Forfatter
Skrevet av: Henrik Nymann Eriksen.
  Henrik bor i Danmark, er teolog, gift med Helen og har tre barn. Han har arbeidet i KFS (Kristeligt Forbund For Studerende) og på DBI (Dansk Bibel Institut). Nå er han forstander på Luthersk Missions Højskole i Hillerød. 
   Ressurser av Henrik Nymann Eriksen
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.