Publisert

Kva med himmel og helvete? Korleis fortapinga er ei naturlig konsekvens av Gud som skapar


Ca leselengde:
4 min

Det er ingen tvil om at det var mykje meir forkynning om himmel og helvete i våre kyrkjer før enn no. Men Det nye testamentet inneheld både mange lovnader om ein himmel og mange åtvaringar mot ein æveleg straffedom. Og sanninga er at Jesus sjølv er den som talar mest om at folk kan gå fortapt. Derfor bør vi absolutt ikkje avfeie læra om himmel og helvete som noko perifert eller uvesentleg.

Vi har lett for å assosiere både himmel og helvete med kjensler som skaper blokkering, og som er til hindring  for djupare studier på dette området. Derfor er det viktig å vise at Bibelen ikkje talar om himmelen som ein stad der vi møter kjære slektningar igjen. Heller ikkje talar den om helvetet som ein stad der djevlar plagar sin offer med eldgaflar. Begge desse førestellingane er karikaturar som ikkje har støtte i dei bibelske tekstene.

Nykkelen til å forstå Det nye testamentets tale om dei to utgangane er heller å legge vekta på tilhøvet den einskilde har til Jesus Kristus. I sin avskilstale til læresveinane seier Jesus at

det evige livet er å kjenne deg, den einaste sanne Gud, og han som du har sendt, Jesus Kristus. Joh 17:3

Og på liknande måte seier han

eg kjenner dykk ikkje. Matt 7:23

til dei som blir dømde til å vere skilde frå han til æveleg tid. Av dette kan vi dra den slutninga at lovnaden om eit liv i himmelen etter døden er ein lovnad om å få vere saman med Jesus i all æve. Og på tilsvarande måte er hovudinnhaldet i omgrepet helvete det å vere skild frå Kristus for alltid.

Berre med desse definisjonane blir det mogleg å tale meiningsfyllt om dei to utgangane. Den som er blitt frelst har ved si tru fått kome inn i eit levande samfunn med den oppståtte Kristus. Den som går fortapt har gitt avkall på dette samfunnet med Kristus ved si vantru. Dermed seier Jesus og apostlane at vårt tilhøve eller ikkje-tilhøve til den oppståtte her på jorda blir permanent ved døden og den siste domen.

I 2. Tess 1:8-9 skriv Paulus om

dei som ikkje kjenner Gud og ikkje er lydige mot evangeliet om vår Herre Jesus

at

straffa dei får blir ei evig fortaping, langt borte frå Herrens åsyn og frå hans makt og herlegdom.

Fordi Gud er slik

Kva er samanhengen her? Korleis kan ein kjærleg Gud døme menneske til helvetet? Eg vel her berre å handsame logikken bak den bibelske læra om dei to utgangane. Mitt grunnleggande standpunkt er at trua på ein dobbel utgang er ei naudsynt fylgje av Guds vesen.

Dersom Bibelen skildrar Gud på ein sann måte, er det Gud som har skapt heile verda. Det gode som verda kan by på – liv, kjærleik, glede, fred osv – har med andre ord sitt utspring i Herren sjølv. Å leve i samfunn med Gud blir då det same som å ha samfunn med kjelda til livet og kjærleiken. Som Jesus sjølv seier:

Eg er vegen, sanninga og livet. Joh 14:6

Mot denne bakgrunnen kan vi forstå at Jesu ord om det evige liv, eit liv i himmelen, handlar om å kjenne han. Og med same tenkjemåte må vi vedgå at det får øydeleggande konsekvensar å ta avstand frå Gud som livsens og kjærleikens kjelde. Ein person som ikkje er i samfunn med Gud er i ein tilstand der alt Gud står for er fråverande. Denne tilstanden, der livet, kjærleiken, gleda, freden etc. ikkje fins, blir i Bibelen skildra med eit drastisk biletspråk.

Bileta er så skremmande som det vel er mogleg. Det er denne tilstanden av gudsfråvær som i kristendomen blir kalla helvete.

Er det då Guds ynskje at noko menneske skal kome til helvete? Nei, Bibelen er tydeleg på det: Gud

vil at alle menneske skal bli frelste og lære sanninga å kjenne. 1. Tim 2:4

Gjennom Jesus har Gud gått i døden for vår skuld, for å gjere denne redninga frå fortaping mogleg. Han har bore straffa for alle våre synder på korset. Jesus sjølv sa det slik:

Så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Joh 3:16

Kvar og ein som omvender seg frå si vantru og synd, er derfor velkommen til å leve i samfunn med Guds Son, Jesus Kristus, både nå og i all æva. Men dersom vi avviser dette tilbodet frå skaparen vår, då er Bibelen tydeleg: Det ventar oss ein eld i helvete. Openberringsboka uttrykkjer det slik:

Men dei som er reddhuga, vantruande og vanheilage, dei som myrdar og driv hor, trollmennene, avgudsdyrkarane og alle lygnarane, deira plass skal vere i sjøen som brenn med eld og svovel. Det er den andre døden. Op 21:8


Teksten er oversatt fra svensk av Kjell Magne Yri


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
4 min
Ressurstype

  Hva Tror Vi

Skrifthenvisninger

  Johannes´ evangelium  17: 3

  Johannes´ Åpenbaring  21: 8

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Olof Edsinger.
  Olof Edsinger er svensk teolog og forfatter. Han bor i Storvreta utenfor Uppsala sammen med sin frue og deres tre barn. I ni år arbeidet han som generalsekretær for Salt- barn og unge i EFS. Nå er han generalsekretær for Svenska Evangeliska Alliansen og lederutviklingskonsulent i NLM ung.
   Ressurser av Olof Edsinger
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.