Publisert

Lydnad er ikkje avleggs – men eit gjensvar til Guds kjærleik


Ca leselengde:
8 min

Lydnad har lenge vore eit vanskeleg omgrep i vestleg kultur. I generasjonen til mine besteforeldre var kadaverdisiplinen i Hitler-Tyskland innprenta som ein farleg lydnad. I mine foreldres generasjon kom 68-opprørarane sine ideal i staden: Autoritetane er døde; lydnad er gamaldags og livsfiendtleg. 68-rørsla meinte at fridom står i motsetnad til å underordne seg nokon; å vere lydig mot skulen, politiet eller Gud er teikn på at ein ikkje er fri og sjølvstendig.

Min generasjon har fått hauste fruktene av løysingane til begge dei føregåande generasjonane. Vi har vakse opp i ei tid der det meste som tidlegare var sjølvsagt, er blitt enten forkasta eller gløymt. Det einaste som blir tolerert i det postmoderne samfunnet er den lydnaden som er knytt til den einskildes hjarte: Kvar og ein har si eiga sanning.

Også i kyrkja har vi på 1900-talet hatt våre kontroversar om lydnad. For dei kristne i generasjonane til mine foreldre og besteforeldre var heilaggjering viktig – å vere ein som følgjer etter Jesus med sin måte å leve på. I deira ungdom blei det tala mykje om korleis ein skulle leve og oppføre seg som kristen. Det høyrde heime under dei gode reglane at ein skulle utvise fullt ansvar for familien, gi pengar til misjon og ikkje bruke eller misbruke alkohol. Det var og ein del problematiske reglar, som gjekk ut på korleis ein skulle kle seg eller sjå ut på håret, og kva som var greitt eller ikkje greitt å gjere på ein søndag.

Når ein ser bort frå at det var gode grunnar for mange av desse reglane, kjem ein ikkje bort frå at mange fekk eit overveldande inntrykk av at kristentru handla mest om korleis ein skulle leve, om lover og forbod. Når vi samanliknar med dagens tenkjemåte, er det vel truleg at dei på den tida tenkte litt meir i svart og kvitt. Resultatet kunne lett bli at kristenlivet blei svært slavisk og avgrensa. Det kunne ligge nær både for kristne og ikkje-kristne å rekne dei såkalla lastekatalogane som det sentrale i kristendomen. «Slik må du oppføre deg om du vil kalle deg kristen, men elles treng du ikkje bry deg.»

For å kome unna denne forvanskinga av den kristne bodskapen gjorde min foreldregenerasjon opprør. Ikkje berre dei forresten: I det miljøet eg sjølv vaks opp – i Evangeliska Fosterlands-Stiftelsen (EFS) – hadde dei slitsame diskusjonar om slike spørsmål. Til dømes blei det heftig debatt då to EFS-pastorar gjekk Vasaloppet sjølv om det blei arrangert på ein søndag. Mange i EFS meinte det var eit klårt brot på Bibelens lære om kviledagen.

Men så nådde 68-rørsla Sverige, og med den kom det ein ny tenkjemåte også i kristne miljø. Det oppstod eit frigjeringsprosjekt der dei gamle levereglane blei skifta ut. Ein skulle ikkje rette seg etter forbod utanfrå, men blei i staden oppmuntra til å følgje si indre røyst. Bibelordet «Bokstaven slår i hel, man Anden gjer levande» (2 Kor 3:6) blei fromt tatt til inntekt for å tenkje slik. Det vart etter kvart tynt i rekkjene av dei predikantane som tala om lydnad.

Problemet er berre at det ikkje er mogleg å røske omgrepet lydnad ut av det kristne livet, om det er aldri så misbrukt og misforstått. Tvert imot, Peter nyttar uttrykket å vere lydig mot sanninga som synonym til å vere kristen (1 Pet 1:22). Og Paulus seier med liknande ordelag at aposteloppdraget hans er «å føre menneske til lydnad mot trua mellom alle folkeslag» (Rom 1:5). Og til sist omtalar Openberringsboka dei kristne som slike «som er lydige mot Guds bod og held fast på vitnemålet om Jesus» (Åp 12:17).

Også Jesus har mange utsegn som tydeleg føreset lydnad. Ein stad seier han: «Ingen som har lagt handa på plogen og ser seg attende, er skikka for Guds rike» (Luk 9:62). Og ein annan stad: «Den som kjem til meg og ikkje hatar far sin og mor si, kona si og barna sine, brørne og søstrene sine, ja, til og med sitt eige liv, kan ikkje vere min læresvein» (Luk 14:26).

Når Jesus talar om å «hate» sine nære slektningar meiner han sjølvsagt ikkje dette bokstavleg. I Bergpreika seier han jo til og med at vi skal elske våre fiendar (Matt 5:44)! Det Jesus krev er ein lydnad og ein lojalitet som står over dei naturlege banda vi har til slekt og vener – til og med over vårt eige liv. Han vil med andre ord seie at dersom valet står mellom lojalitet til Jesus og lydnad mot noko som helst anna, så er det sistnemnde som må tape.

Det er Jesu guddomlege identitet som ligg bak slike sterke krav. Då han kom som menneske, blei han rett nok vår bror, men han er samtidig Son av den heilage Gud. Sagt på ein annan måte: når vi blir kristne får vi ikkje berre ein ny besteven; vi får og eit personleg tilhøve til han som skapte universet, Kongen over kongane og Herren over herrane. Det er for meg ein heilt absurd tanke at vi liksom skulle ha samfunn med den Høgaste i universet utan samtidig å ha noko form for lydnadstilhøve til Han.

Trass i dette er det fleire tilhøve som gjer det vanskeleg for mange å godta desse perspektiva på det kristne livet. Eit av desse var eg inne på ovanfor: i det postmoderne samfunnet blir du nærast sett på som eit romvesen dersom du friviljug underordnar deg nokon annan enn deg sjølv. Vi skal heller ikkje undervurdere synda som vi alle ber med oss, og som heile tida vil få oss attende til start: frå å vere gudssentrerte til å vere sjølvsentrerte. (Sjå Ef 2:1-10).

Ein annan grunn til at lydnad kan kjennast problematisk er at vi er blitt fora med undervisning der lydnad mot den Heilage blir spela ut mot Guds nåde. Men å stille opp ein motsetnad mellom lydnad og nåde er feilslått og bygg på ein illusjon! Det er det viktig for meg å få slå fast. Det gamle og Det nye testamentet har eitt og same skjema for korleis ein truande blir berga frå fortapinga: Gud grip inn livet til det mennesket.

I spørsmålet om frelse står såleis nåden 100 prosent i fokus. Men både i Det gamle og Det nye testamentet er det like så tydeleg at Herren må få lov til å ha innverknad på vår levemåte dersom vi vil bli verande i dette samfunnet med Han. «Ikkje skikk dykk likt med denne verda, men la dykk omskape ved at de får eit nytt sinn» skriv Paulus (Rom 12:2).

Faktum er at Bibelens vekt på lydnad er ein direkte konsekvens av det den seier om Guds nåde. Det einaste som kan skape sann endring i våre liv og som har evig verdi, er det som kjem frå Herren sjølv. Slik er bodskapen vi møter gjennom heile Bibelen. Alt som har si rot i oss sjølve, er prega av synd og derfor diskvalifisert (jfr Matt 15:13). Men det lydnaden gjer er at den hjelper oss å gripe tak i det som Gud har sagt og gjort i staden for det vi sjølve synest og tenkjer. Lydnaden let Gud vere Gud og mennesket vere menneske. Og det paradoksale er at nåden slik blir ei drivkraft til å leve etter Guds vilje, ikkje eit alibi for å sleppe å ta levemåten alvorleg (sjå Rom 6:13-14; Tit 2:11-14).

Dette kan og seiast på ein annan måte: Gud fortener vår lydnad ikkje berre fordi han er mektig, men først og fremst fordi han er god. Om Gud hadde villa tvinge oss til lydnad, hadde han hatt all verdens makt til å gjere det. I staden valde han å røre ved våre hjarte med sin nåde og si miskunn, for med det å skape i oss ein lengt etter å leve etter hans vilje.

Berre den lydnaden som er gjensvar til Guds kjærleik, kan derfor med rette seiast å vere lydnad etter Guds vilje. Som Jesus sjølv seier det:

Som Faderen har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik! Held de boda mine, er de i min kjærleik, liksom eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik. Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vere i dykk, og gleda dykkar kan vere fullkomen. Joh 15:9–11


Teksten er oversatt fra svensk av Kjell Magne Yri.

Deler av denne artikkelen er tidlegare publisert i tidsskriftet Petrus nr 8 2006.


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
8 min
Ressurstype

  Hva Tror Vi

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Olof Edsinger.
  Olof Edsinger er svensk teolog og forfatter. Han bor i Storvreta utenfor Uppsala sammen med sin frue og deres tre barn. I ni år arbeidet han som generalsekretær for Salt- barn og unge i EFS. Nå er han generalsekretær for Svenska Evangeliska Alliansen og lederutviklingskonsulent i NLM ung.
   Ressurser av Olof Edsinger
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.