Publisert

Hovmod


Ca leselengde:
8 min

«Det er typisk norsk å være god!»

Dette berømte utsagnet kom dåverande statsminister Gro Harlem Brundtland med under nyttårstalen sin i 1992. Etter den tid er dette eit uttrykk som har levd i den norske folkesjela.

«Det er typisk norsk å være god!»

Like godt kunne me sagt: «Det er typisk norsk å vera betre enn andre». For det er det me eigentleg meiner. Men me seier det ikkje, for det høyres ikkje så fint ut. Kva betyr det at Noreg er god? Det betyr ikkje at me har ein langrennsløper som er flink til å gå på ski, nei, det betyr at me er betre enn polakkane og svenskane. Kva meiner me når me seier at den norske økonomien går bra? Jo, at det går mykje betre med den norske økonomien enn økonomien til dei fleste andre nasjonar.

I Obadjas bok kan me lesa om eit folk som for 2600 år sidan kunne ha sagt: «Det er typisk edomittisk å vera god». «Det er typisk edomittisk å vera betre enn andre».

Edomittane, som heile denne profetboka er retta mot er etterkommarar av Esau, bror til Jakob, stamfar til jødane. Det er med andre ord ei bok som er retta mot israelittane sine fjerne slektningar. Ein del vil hevda at denne boka kan ha vorte skrive rett etter at Jerusalem vart knust i  år 586 f.Kr. I så fall gjev boka oss eit innblikk i korleis eitt av nabofolka reagerte når dei såg korleis Guds straff ramma Jerusalem.

Hovmodet som problem

Obadja viser oss at edomittane sin reaksjon avslører at dei har eit alvorleg problem. Dei var stolte og hovmodige. I sitt hjarte seier dei: «Kven kan støyta meg til jorda? Det hovmodige hjartet deira har narra dei. Ut av dette hovmodet kan me sjå korleis andre synder vert fødd. Seinare i kapittelet står det om deira skadefryd når dei har sett at Israel går til grunne. Hovmodet er ursynda som fører med seg andre synder.

Denne synda er noko som til stadighet Gud peiker på gjennom heile Bibelen. I Jesaja 3 – Sions døtrer er hovmodige – dei er bratte i nakken. I Jesaja 14 står det om kongen i Babel at han er hovmodig – vil løfta seg høgare enn Gud. (v.13-14) – Han ville sjølv vera Gud. Sjølv vera den som bestemte. Når me les om Adam og Eva som vert frista i Edens hage så vert dei frista til å bli hovmodige. Den listige slangen kjem med supertilbudet om at dei sjølve kunne bli som Gud. Hovmod er alvorleg. Hovmod er ei synd som i botn og grunn signaliserer at ein vraker Gud.

Men kva er eigentleg hovmod? Det er eit sånt ord som me ofte slenger rundt oss, men som det kanskje kan vera vanskeleg å definera. Me veit det er noko dårleg, men kva er det eigentleg? Hovmod er når me stoler på oss sjølve eller noko som er vårt. I Obadja kap 1 står det at edomittane sa:

Kven kan støyta meg ned til jorda? Obadja 1:3

Edomittane hadde bygd eit godt fundament. Noko trygt dei som dei trudde at dei kunne stola på.

Edomittane var hovmodige. Men kva har dette med oss å gjera? Er hovmod ei synd som kristne i dag må kjempa mot? Eller er det eit tilbakelagt kapittel? C.S. Lewis skreiv forholdsvis mykje om stolthet og hovmod som eit problem for kristne. Han meiner det er slik at i kjerna av det å vera stolt, så ligg det eit stadig jag etter å samanlikna seg med andre. Konkurranseinstinktet.

Stoltheten finn inga glede i å ha noko, berre i å ha meir enn nokon andre. Me kan seia at nokon er stolte av å vera rike, glupe eller vakre.

Slik er det ikkje. Dei er stolte av å vera rikare, glupare og vakrare enn andre. Viss alle andre hadde vore på deira nivå hadde dei ikkje hatt noko å vera stolt av. C.S. Lewis

Stolthet er å ha meir enn andre. Stolthet er å vera meir enn andre.

Korleis er det i ditt liv? Er det slik at dette jaget preger deg? At din glede, din stolthet, den ligg i at du er betre enn andre? Eller at din manglande glede er i at du er dårligare enn andre?

Ei anna side ved hovmodet er at den i større grad enn mange andre synder kan forkle seg med ein religiøs innpakning. Dette skjer når ein byrjer å samanlikna sitt eige religiøse liv eller sin forsamling sitt religiøse liv med andre. Det er som farisearen i tempelet som står og takkar Gud for at han ikkje er som alle andre. Han samanlikner seg med resten og oppdager at han sjølv kjem godt ut. Han er betre. Han er flinkare. Kanskje det er slik med deg også at du byggjer di glede som kristen på at du er flinkare å lesa i Bibelen eller å gå på møter enn andre? Då er dette synd, pakka inn i kristent glanspapir.

Hovmod og stolthet er alvorlege og dødelege synder, fordi dei har som sitt formål å byggja liv, verdi og meining på noko anna enn Herren. Hovmodet vil dra deg bort frå Herren og inn i ditt egosentriske univers. Viss dette skjer så får det alvorlege konsekvensar. At det hadde konsekvensar var noko som edomittane skulle få komma til å oppleva.

Hovmodet sin konsekvens

Ein dag skulle det stolte folket som ikkje rekna med Herren i sin kvardag få seg eit sjokk. Dei som ikkje med Herren som ein realitet skulle få erfara at han i aller høgaste grad er reel. Obadja fortel om ein om ein dag som vert kalla for Herrens dag, der Herren skal gripa inn og gje edomittane den rettferdige straffa for deira urettferdige gjerningar (v.8, 15).

Herrens dag er mykje omtalt i Det gamle testamentet. Herrens dag er når Herren skulle gripa inn til dom mot sine fiendar og frelse for dei som trur på han og venter på han. Dette kan vera i enkeltdagar gjennom historien, men Obadja er blant dei som også peiker på at det skal vera ein endeleg oppgjersdag for alle folkeslag (v.15).

I NT kan me sjå korleis Paulus, bl.a. i 1.Tess 5:2 knytter Herrens dag opp mot Jesu gjenkomst. Då skal alle folkeslag møta Herren, også dei som i dette livet i sitt hovmod har behandla Gud som at han ikkje er Gud. Fil 2:10 fortel oss at eitkvart kne skal bøya seg denne dagen og vedkjenna at Jesus er den Bibelen fortel at han er – Herre.

For Guds fiendar, om det er edomittar eller hovmodige nordmenn som lever i 2015 skal dette vera for seint. Punktumet har den dagen blitt satt. Dommen har falt.

Redninga

Det tredje punktet eg vil seia litt om er redninga. Er det noko håp for hovmodige menneske? Ja, det er ein redning som vert skissert for oss i denne teksten. På Herrens dag så stod det at det på Sions-fjellet skulle finnast ein berging. Sions-fjellet, tempelet, Guds nærvær. Redninga frå Gud er å komma til Gud! I NT så kan me i Hebrearbrevet 12 sjå at Sion-fjellet vert forstått som himmelriket. Inngangsporten til dette, er Jesu Kristi reinsingblod, som talar sterkare enn Abel sitt blod. For hovmodige hjarter er det ein ting ein kan få springa til – det er Jesu blod.

Dette lærer oss noko om å vera audmjuk, som er det motsatte av hovmod. For kva er det eigentleg å vera audmjuk? Her kan det snika seg inn ein misforståing ved at me tenkjer at me vert meir audmjuke av å fokusera meir på å vera audmjuke. At me gjennom å jekka oss sjølv ned viser oss at me ikkje har noko å vera stolte av. Men slik er det ikkje. C.S. Lewis sa at det å vera audmjuk ikkje er å tenkja mindre om seg sjølv, men mindre på seg sjølv. Det er at vårt fokus vert flytta frå oss sjølve og vår konstant kretsande egoisme og over på ein annan person. Over på Jesus.

I Jesus får våre hovmodige tankar eit kraftig dødsstøt. Vår synd er nemlig så stor at han var nødt til å døy for oss. Sånn er du. Har du nokon grunn til å vera stolt i møte med Gud? Nei. Samtidig er du og så elska, at Jesus var villig for å døy for deg. Dette er evangeliet. Dei gode nyheitene som samtidig stadfester vår verdi og vårt ufattelege frelsesbehov. Bibelen fortel om ein frelsar som var villig til å betala prisen for hovmodige nordmenn som trur dei er best.


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
8 min
Ressurstype

  Livet

Skrifthenvisning

  Profeten Obadja  1

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ingvald André Kårbø.
  Ingvald André Kårbø kommer fra Øygarden utenfor Bergen, er gift med Camilla og bor i Tromsø. Han jobber som lærer på Fjellheim Bibelskole i Tromsø.
   Ressurser av Ingvald André Kårbø
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.