Ein gong byrja du. Underfullt liv, laga i løynd, voven djupt i jorda, med Skaparens auge hans nye, vesle skapning (Sal 139). Pusten frå Den veldige gav menneskebarnet liv (Job 33,4). Lyset opna auga til ei verd som til no var kjent gjennom vugginga. Gjennom eit skifte av mørke og lys, av hjarteslag og sukk. Den timelege tida møtte mennesket og gav sekund, minutt, timar, år. Utan ord, med strekte hender mot mor og far, men også mot forløysaren, kjelda som gav livet. Utan ord, kvilar blikket mot dei som er sendt til å bære, gje kvile og snart lære barnet om Skaparen og skapninga. Guds tid, hans æve, vert lagt i menneskehjartet (For.3,11).
Snart kryp den vesle, reiser seg opp og tek sine skritt. Snart dansar ho, hoppar frå steinar, spring mellom trea. Han veks og vil spørje og filosofere. Verda opnar seg for barnet, og det, lar verda kome til seg. Innpusten av fjella, enger med blomane, havet og kveldshimmelen med millionar av soler. Utpusten med latter, fridomsrop, song, gråt. Djupt i menneskebarnet, midt i den uendeleg vakre verda, ligg ei drivkraft til å kjenne meininga med livet. Medfødt nysgjerrigheit for den evige, lagt ned av Gud, for barnet er skapt i Hans bilete (1.Mos, 1,27). Freden vil kome, ved å kjenne den evige Skaparen.
«Eg elskar deg, bli i min kjærleik» (Joh. 15,9).
Mennesket reiser seg. Høgt som fjellet vil han gje av sin kjærleik, med lyfta hender, lovnadar og ordflaumar. I brennande overtyding om rett og gale ropar, kviskrar den unge i protest mot all sløvleik. Mot hykleri og det skinnheilage. I visnande rådville trekk den unge på skuldrene i likegyldigheit og gøymer seg frå verda, det mørke djupet. Andar ut lengsel, andar inn fellesskap. Den unge vil gå på dei vegane hjarte vil, men følgjer snarleg det som lokkar sitt auge (For.11,9).
Så byrjar skjelvingar. Ei uro kjem over mennesket og han klarar ikkje «fatta det Gud har gjort frå den første tid til den siste» (Fork.3,11). Mennesket ser som «i ein spegel, i ei gåte og skjøner stykkevis» (1.Kor 13:12). No får karet sprekkar. Dei klokkeklare, overbevisande, enkle ringane i livet vert stadig større, skremmande og forvirrande. Eigen mangel på vilje til å gjere det ein lærde var godt, kompliserer den vakre verda og bilete på seg sjølv. Idealet av den ein skulle vere sprekk. Den unge kneler, og ber bøna han ein gong lærte som no vert fylt: «Forlat oss vår skuld». Dei evige hendene kvilar over mennesket. «Eg elskar deg, bli i min kjærleik» (Joh. 15,9).
Hender, føter, tanke og hjarte lagar ei retning. No skal dei ta vare på og gje vidare. No er det ikkje ho som plukkar ein bukett, men får, av små hender. Dei vanlege dagane vert mange. Månadar og år verkar kortare i mylder av alt som hender. Mennesket har dagar der det nyt godt i livet. Det får eta og drikka og gler seg over alt det eig, som er ei gåve frå Gud (Fork.3,12-13). Den brennande kjensla til Gud skiftar. Den vert ei stille undring og respekt. Igjen gløymde ho Gud. Han gjekk eigne vegar. Det veldige lar menneskebarnet sitje dirrande og forvrengt i det livet ikkje vart og den ein skulle vere. «Jesus Kristus, miskunna deg over meg.» Den veldige kjem i stille sus, let sine naglekrossmerkte hender av tilgjeving og fred slutte om det skjelvande mennesket. Og slik på ny få vise det timelege mikroaugeblikket mot Guds evige. «Bli i min kjærleik».
Kvart år vert stillare. Stega saktar seg, stien vert ein sirkel ved dei faste, daglegdagse gjeremåla. For ei tid får mennesket igjen trekkje inn livskjelda. Halde i små hender, vugge i søvn og lage krossmerket. Signing fyller i augeblikk der eigne gjev vidare trua på skaparen, frelsaren, hjelparen. Den langsame, gjevne tida lat mennesket sjå attende. Masker er ikkje meir. Berre krystall. Og no, eit stille pust: «Jesus Kristus, miskunna deg over meg». Guds ord opnar seg og mennesket får søke han bortanfor sine ord. Bortanfor si tid. I hans lys ser det lys (Sal.36,10), og hjartet vert stille. Tida mennesket vart gjeven svinn, og dagane att er få.
Så sluttar den timelege tida. Med sukk utan ord overgir menneskebarnet si and i Guds hand. Det går til sin siste bustad og får del i den evige tida. Med teikna andedrag kviskrar Skaparen barna attende til støvet det var, det blømande morgongraset visnar og tørker inn, svinn bort (Sal.90,3-6). Djupt i jorda, gøymer det som no fullbyrdast med Sonen. Anda går attende til Gud (Fork.12,7) og det som ein gong vart voven, er no ferdigskapt og foreint med Gud. Gud ordnar alt vakkert, til si tid.
«Men eg set mi lit til deg, Herre,
eg seier: «Du er min Gud.»
Mine tider er i di hand»
Sal 31, 15-16