Publisert

Å elska Jesus Joh 14:23


Ca leselengde:
11 min

Pinsedag
Tekstrekke 3
 
Lesetekster: 1 Mos 11,1-9
 Apg 2,1-11 eller Rom 5,1-5
Prekentekst: Joh 14,23-29
Fortellingstekst: Apg 2,1-18
Poetisk tekst: Salme 104,27-28.30.33

Jesus svara: Om nokon elskar meg, held han seg etter mitt ord, og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta vår bustad hos han. Joh. 14:23

Dei Gudsord som er tekne til tekst i pinsehelga, ber likså mykje bod om Guds kjærleik til oss og vår kjærleik til Han, som om den Hellige Ånd. Det ser kanskje noko rart ut, men tenkjer vi oss om, vil vi nok skjøna grunnen: at vi nettopp i denne helga skal tala til kvarandre om det arbeid Anden har å gjera, og såleis få det Guds Ånd skal gi oss. Hovudsaka er ikkje å høyra om Anden, hovudsaka er å få det som Anden skal gi oss. Frå Guds Ord og av eiga røynsle veit ein kristen at noko av det særmerkte ved Anden er dette at han syner og gir oss den kjærleik som Gud la for dagen i Kristus. Alle som finn denne kjærleiken og eig han i hjarta, har opplevt pinseunderet og fått Den Hellige Ånd.

Det er denne kjærleik, aust ut i vårt hjarta av Anden, som er sann, personleg kristendom. Alle eigenskapar i kristendomen, samla til eitt, er kjærleik — liksom alle Guds eigenskapar, samla til eitt, er kjærleik. Ingen kan vera kristen utan å elska.

Den som elskar, er fødd av Gud.

All sann kristeleg vokster er i grunnen framgang i kjær­leik. Av kjærleiken spring alle dei kristne dygder ut. Som sola varmar meir og meir etter kvart som ho stig, slik elskar ein kristen sterkare og djupare dess meir han veks i nåde. — Om vår kristendom let seg måla eller vega, så ville vi få vita om han var tung eller lett, sterk eller veik, alt etter som vi elskar mykje eller lite.

Anger, omvending, tru, bøn og gode gjerningar er ikkje kristendom. Anger veks fram av synet på eit feilande og fortapt liv. Omvending er eit menneske som søkjer hjelp hos ein annan. Trua er handa som tek imot hjelpa. Vona ser målet for trua og kastar anker innanfor forhenget, der Kristus har gått inn som føregangsmann. Bøna er rop frå ein hjelpelaus om hjelp, og gode gjerningar er frukta av eit sant kristenliv. Den som trur, vonar, bed og gjer godt utan at den sanne kjærleiken er fødd i hjarta - og det kan eit menneske - han eig ei tru som har kome til ro i seg sjølv, ei bøn som ikkje når Jesu hjarta, ei von som er død, og gjerningar som spring ut av eigen­kjærleiken.

Kristendom er kjærleik!

Om eg talar med menneske-tunger og engle-tunger, men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølla. Og om eg har profetgåva og kjenner alle løyndomar og all kunnskap, og om eg har all tru, så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting. Og om eg gir til føda for fattige alt det eg eig, og om eg gir min lekam til å verta brend, men har ikkje kjær­leik, då gagnar det meg ingen ting. 1. Kor. 13:1-3

Dette alvorsame Gudsordet let oss vita klart at alt som ikkje spring ut av den sanne kjærleik, det er ikkje kristen­dom, kor mykje det enn ser ut til å vera det.

Her er kristne som er så utruleg modige, sigers-visse og sannings-sterke. Dei har alt så forunderleg ferdig i sin kristendom og veit så visst som at to og to er fire korleis allting skal vera. Sjeldan saknar dei eit bibelspråk til å slå sine meiningar fast med  når det gjeld kristenliv og kristen-arbeid. Men likså tru mot sanninga som dei synest vera, likså harde og kalde er dei.

Dei er fattige på kjærleik.

Dette å vera sanninga tru i kjærleik, synes dei ikkje å ha fått tak i, og difor er dei midt i all sin styrke så små og veike, utan at det sjølve veit det.

Den sterke stål-is- kristendommen er farleg og lurer på oss alle. Han veks alltid fram der Guds Ånd får lite rom i hjarta.

Men så kan vi også her finne kristne som eig eit heilag sanningsmot samstundes som dei har eit mjukt, mildt og kjærleg sinn. Når det gjeld seg sjølv, er dei strenge og set store krav. Når det gjeld andre, er dei var­same i sine ord og tenkjer ikkje vondt. Sannings-trongen deira er fletta inn i kjærleik, og kjærleiken tenkjer ikkje vondt.

Sanninga brukar dei mest på seg sjølv, men kjærleiken helst på andre, utan at dei sjølve veit det. Og medan dei lever slik, sørgjer dei så tidt over seg sjølve, fordi dei elskar så lite.

Dei er «sanninga tru i kjærleik

I Joh. Openberring 2:1-4 er det tale om ein mann som hadde mist den første kjærleik. Ned gjenom tidene har det vore grunda mykje på dette ordet. Det som gjer det så tungt å skjøna, det som kan få ein kvar kristen til å skjelva, er at ein mann med så mange gode eigenskapar likevel kan vera fallen bort frå Gud.

Lat oss sjå etter: Han var tålmodig, han kunne ikkje tåla dei vonde, han hadde evne til å skilja mellom sanne og falske kristne, og han arbeidde for Jesu namn utan å verta trøytt. Men likevel var han ein fallen mann, fordi han hadde mist den første kjærleik.

Kva er då den første kjærleik, som er så god å eiga og så  farleg å missa for ein kristen?

Kunne vi finna svaret på det spørsmålet, så ville vi med det same få lys over det Jesus legg oss på hjarta i ordet idag: å elska han.

Vi vil då med varsom fot prøva å stiga innom den døra der den første kjærleik festar bu, og der han enda lever eller er død.

Den første kjærleik må vera det vi først fekk og opp­levde i samfunnet med Gud, med andre ord: det som sær­merkte vårt kristenliv i den første tid. Det synest liggja klart i ordet: den første kjærleik.

Er dette rett — som eg trur det er — så byd dette ordet oss å gå attende til den første tid i vårt kristenliv, om vi kunne finna ut det som særmerkte oss då.

Alle som veit kva det er å lengta med heile si sjel etter å verta eit frelst menneske, og som midt i all denne djupe lengting kjende det meir og meir umogeleg å verta frelst, dei hugsar den tida då lyset rann og dei fekk tru seg frelste.

Da lagdes i min munn den nye sang,
som nå meg følger under all min gang,
om Lammet som er slaktet og til Gud
har kjøpt meg med sitt blod fra døden ut.

Mellom alt det nye og store vi då fekk, var det fram­for alt ein person som vart stor og kjær for oss. Det var Jesus Kristus.

Var det ikkje slik?

Han vart midpunktet for heile vårt liv.

Han tok oss så heilt at vi gav oss heilt til han. Det var uråd å løyna nokon ting for Han. Den minste småting du berre ottast for kunne vera gale tenkt eller gjort, var nok til at du gjekk inn i løynrommet ditt og bad han om råd. Der tilstod du alt, der opna du hjarta ditt heilt, der klaga du, der gret du, der bad du, der jubla og takka du. Som augnesteinen kjenner smerte når det minste sandkorn legg seg der, slik stakk det i sjela når du ottast for at du hadde gjort han imot.

Dette vil med andre ord seia: Det som mest sermerkte den første tid i vårt kristenliv, var eit fint-merkande sam­vit, ei ærleg ånd og ei open sak med Gud inn i inste hjarte­rot.

Guds Ord og løynrommet vart difor også mykje i bruk den tida.

Når vi kom ut att frå slike stunder med vår Frelsar og Far, kunne vi smila midt i gråten, og ånda var fri og glad.

Det du ikkje kunne seia til noko menneske, det sa du til Han. Ikkje berre det som låg i dagen, bar du fram for Han, men også tankane, lystene, freistingane og det som låg i djupaste hjartedjup. Som barnet ser inn i mors auga, såg du inn i Frelsar-auga.

Nå kan jeg hvile, fullkommen glad,
sjelen kan nyte Himmelens mat;
hjertet er renset, skylden betalt,
selv er jeg intet, Jesus mitt alt!

La meg få leggja til her at med åra er det mykje som vert omforma  i kristenlivet  utan at det difor er noko gale på ferde. Det kan ikkje alltid vera vår og angande blomar, korkje i naturen eller i ånds-riket. Av blomen skal det verta frukt, som skal mognast til hausten.

Men det som aldri må skifta om i kristenlivet, det er den opne sak med Gud, den barnlege, tillitsfulle tiltru til Han. Hjarta må aldri latast att. Ikkje eit einaste rom, ikkje den minste krå. Alt må liggja ope for Han.

Her er det så mange som kjem bort - smått om senn - til hjartedøra til slutt kan verta heilt stengt  for Jesus. Her er faren stor for oss alle. Ligg vi under i denne striden, så vert kristendommen meir og meir ei maske som vi ber utanpå. Det indre barne-samfunnet med Gud døyr ut. Løynrommet har vi ikkje stort bruk for lenger. Husandakten vert meir og meir nok for oss, ja, stundom sluttar vi med den også. Du har igrunnen ikkje noko å be om. Visst må du be og lesa Ordet av og til, for du er då ein kristen. Men det er berre utanpå no. Hjartedøra er låst.

På bønnemøta kan du be; opna eit møte med Guds ord og bøn kan du også, du er med i kyrkjeleg og kristeleg arbeid, du gir til misjonen, du er uthaldande og tålsam, og du har skjøn på sann kristendom. Alt er rett i det ytre, men den første kjærleiken har du mist.

Lat oss tenkja oss om.

Har eg mist den første kjærleiken?

Skulle så nokon av oss verta tvinga av samvitet til å svara ja, så er det eit tungt svar, men vonlaust er det ikkje. For Gud seier til oss: «Kom ihug det du har falle ifrå, og vend om og gjer dei første gjerningane.»

Det vil seia: Finn plassen din på nytt, opna hjarta ditt for Han no som i den første tid, så får du att det du har mist. Ver viss om det. Det er ikkje Han som har gått bort frå deg, det er du som har vendt deg frå Han. Dersom du då vender om og gjer som før, så finn du Han på den samme plassen, og Han gir deg det du har tapt. Den Ånd som Faderen sende her ned, han skal gi deg kraft til å opna hjartedøra, og han skal leggja Kristi kjærleik enda ein gong i ditt bryst.

Står du skamfull over utruskapen din, så hugs enno ein gong at Gud har sendt Sonen sin, den einborne, til verda, så vi skal leva ved Han. I dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud, men at Han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre.

Difor kan vi få att det vi har mist.

Måtte den Hellige Ånd no på pinsedag få gi oss meir av denne kjærleik!

«Men vil min kjærleik kolna av, Min Frelsar, eg deg bed:
Å, minn meg om din kross og grav Og om Getsemane!»

_____


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
11 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Skrifthenvisning

  Johannes´ evangelium  14: 23

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.