I den same tida tok Jesus til ords og sa: Eg lovar deg, Fader, du som rår over himmelen og jorda, at du har løynt dette for dei lærde og kloke, og openberra det for dei ulærde og barnslege. Matt 11:25
Første delen av dette ordet høyrest nokså meiningslaus ut. Det Jesus seier her synest strida imot alt som heiter fornuft og vanleg folkevet.
Eg lovar deg, Fader, seier han, fordi du har løynt dette for dei lærde og kloke og openberra det for dei ulærde og barnslege.
Dette, som dei ulærde og barnsleg har fått syn på, men ikkje dei lærde og kloke, må vera frelsa i Kristus Jesus. Med «dei lærde og kloke» tenkjer vel Jesus først og fremst på farisearane og dei skriftlærde, og dei ulærde og barnslege er truleg læresveinane hans. Den vesle flokken som hadde funne Jesus som frelsar, høyrde ikkje til dei lærde. Då dei etter Jesu himmelferd stod fram, borne av Guds And, sa folk om dei: Er dei ikkje alle ulærde menn ?
Desse underlege orda av Jesus driv oss til å spørja: Kan då ein som er lærd og klok ikkje verta frelst? Og, om så er, kan då det vera noko lovprisingsemne for han som vil at alle skal verta frelste?
Nei, såleis kan det ikkje vera.
Meininga må vera at Jesus prisar Faderen fordi han har laga det slik at det er ikkje ved lærdom og klokskap ein finn frelsa. Det må vera det Jesus meiner.
Og skulle ikkje det vera noko å prisa Gud for – også for oss?
Tenk om ein måtte vera lærd og klok for å koma inn i Guds rike?
Kor mange vart vel då frelste!?
Då vart ikkje eg frelst, kanskje ikkje du heller. Berre eit lite fåtal av oss menneske har evne og råd til å verta lærde, så dersom vegen til Gud var slik laga at det berre var dei lærde og kloke som fann fram, då ville den store mengda vera bonlaust dømd til å gå fortapt.
Men korleis skal det så gå med dei lærde og kloke? Finst det inga råd for dei?
Jau, om dei vil, så kan dei leggja til side lærdommen og klokskapen og koma til Gud i Jesu namn og sanna at dei i grunnen ingen ting veit. Vegen står åpen også for dei kloke til å verta barnslege. På den måten kan dei få leggja ifrå seg det som elles ville stengja vegen for dei til Gud. Det har så mange lærde og kloke gjort.
Nikodemus, Paulus, Augustin, Luther og mange andre gjorde det og fann Frelsaren.
Her ser me då Guds visdom: Alle kan finna og eiga det barnslege sinn, om dei vil, men alle kan ikkje verta kloke og lærde. Difor la Gud vegen til Himmelen gjennom det barnslege sinn.
Då verda ved sin visdom ikkje kjende Gud i Guds visdom, så fann Gud for godt ved dårskapen i denne forkynninga å frelsa dei som trur. For jødane krev teikn, og grekarane søkjer visdom. 1. Kor 1:21-22
Ei menneske-tankens flukt deg når,
Ei vises gunst deg finner,
Men troen som ydmyk til deg går,
Deg ser og livet finner.
Gud vere takk at ikkje vegen til Gud skal finnast ved klokskap og lærdom!
Når Gud har vore så stor i sin visdom at også den ulærde og barnslege kan finna fram, då kan alle verta frelste. Då kan gamle mor og far og mange andre, som aldri kom utanfor si vesle bygd, og som laut slita og slepa all sin dag utan å læra noko større, då kan også dei verta frelste. Ja, dei kan verta frelste lettare enn mange som visste mykje meir enn dei. Så mang ein gong har dei lærde og kloke måtta sett seg ved sida av dei ulærde og barnslege for å læra Guds visdom.
Tru aldri dei som meiner seg å vera lærde og kloke fordi dei har lese nokre bøker, rekna mange reknestykke, skreve nokre stilar eller kanskje nokre bøker, lese nokre språk og spekulert litt på jord og hav, på skyer og stjerner.
Trur du at noko av dette gir deg den sanne visdom, så er du dum. Og så dumme er dessverre mange. Men allermest dumme er dei lærde og kloke som vil retta både på Gud og hans ord. Så fortel dei oss at det verset og det verset i Bibelen kan ikkje vera ekte, det er innskote seinare av ein annan forfattar. Den og den salmen, som går under Davids namn, kan ikkje vera av David, og så og så mykje av Jesaia-boka har ikkje den profeten skrive – og mykje meir. Kva har dei å byggja sine rettingar på? Spekulasjonar for det meste. I dei fleste høve finst det ikkje verkelege prov for det dei fører fram. Men dei er så lærde og kloke – i eigne augo – at dei lyt sjå å få retta på Guds Ord.
Soleis vert dei kloke dumme.
Sjå til at det ikkje må vera nokon som gjer dykk til herfang, med verdsleg visdom og tom dåring etter fråsegner av menneske, etter barnelærdommen til verda og ikkje etter Kristus. Kol 2:8
Dette manings-ordet treng også me kristne som lever no, så vel å leggja oss på hjarta. Me vert freista til å verta så altfor kloke. Det barnslege sinn har me så lite av, og difor kjenner me så lite Kristus, Guds kraft og Guds visdom. Berre den vert i sanning vis som legg sin eigen visdom bort og grip om Kristus med barnsleg tru. Den som går denne vegen, vil meir og meir syngja med dei gamle kristne:
Og lær meg deg å kjenne, så har jeg visdom nok.
I det 27. verset i ordet i dag seier Jesus at Faderen har gitt alt i hans hender, og så ropar har ut desse orda, som har berga så mange arme menneske:
Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera, hos meg skal de få kvila dykk ut. Matt 11:28
Å ja! Slit og strev er me menneske godt kjende med. Tenk berre på alle dei millionar som ikkje har gjort stort anna enn å slita og slepa frå dei kunne bruka arm og neve. Fra morgon til kveld eit heilt liv var det berre slit for å berga livet for seg og sine, og enno var det ikkje meir enn så vidt det rakk til.
Er det berre moro?
Diktarar, folketalarar og rikmenn, som svingar spaserstokken i staden for å svingja hakka og sleggja, kan nok tala og skriva fint om den lukka som ligg i kroppsarbeidet; men sanninga er og blir likevel den at det er slitsamt og tungt og set merke på sin mann, merke som ein helst vil sleppa. Likså lite som ein kan gleda seg over dovningar og arbeidshatarar, som helst vil tiggja og vera til byrde for andre, likså visst må ein sanna at det tunge arbeidet gjer oss troytte og slitne.
Sume vil kanskje spørja: Du meiner vel ikkje at det er dei trøytte kropps-arbeidarane Jesus ropar inn til kvile hos seg?
Eg veit ikkje visst kva eg skal svara på det. Berre det veit eg at ein trøytt kropp kan også få kvile hos Jesus. Om alle dei som slit og ber tungt med kroppen, fann fram til Jesus, så skulle dei få kjenna at hos han er det kvile både for den som er trøytt av sjelestrid, og for den som er trøytt av tungt arbeid.
Ser me etter, vil me også finna at det mest er slike slitande og strevande menneske som kjem til Kristus og vert frelste.
Men til slutt vert det likevel mest sant at striden og slitet med synda og seg sjølv er den tyngste byrda eit menneske ber.
Hakke og spade, kontor og forrretning kan me gå bort ifrå. Me kan la armane få kvila og la hjernen slutta å tumla med bøker og tal; men dei urolege tankane, det dømde samvitet, dei mange slag og sår, dei tunge minne om det som var synda, misgjort og ugjort – dette er det ikkje så lett å kasta ifrå seg.
Hos mange kjem tvilen og dreg fram uløysande gåter og lagar kors for tanken, så både kroppen og sjela sukkar under den børa dei ikkje maktar å velta av seg. Mange sleit så hardt og bar så tungt her at dei seig saman og ville heller døy enn leva, lida og slita.
Om me kunne sjå all den sjelestrid som vert gjennomlevt i alle dei millionar menneske her er på jorda, ville me få sjå det me aldri hadde tenkt. Men lat oss hugsa at Jesus ser alt, og medan han ser det, ropar han ut: Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera, hos meg skal de få kvila dykk ut.
Synest du ikkje at dette er store og gripande ord?
Me skal få kvila ut hos Jesus. Det er ord frå hans eigen munn. Trur du han talar sant?
Det skulde du få sanna om du kom til han.
Du som er her: Er du trøytt og sliten? Å, kom til Jesus, så skal du få kvila ut.
Trøytte, slitne menneske, du som er trøytt av tvil, av synd, av mange såre minne, av tunge tankar og eit vondt samvit, ja, trøytt av deg sjølv, fordi du synest du mest ikkje har mot til å leva lenger – du, nettopp du: Kom til Jesus! Der skal du få leggja børa av deg og få kvila ut.
Men denne kvila, som Jesus gir, er ikkje så at ein ingen ting skal få å bæra meir. Også på skuldrene til den kristne ligg mange byrder, men no har han fått noko forunderleg hos Jesus å bera med, eit sterkt åk som gjer børa lett. Han slit og sleper ikkje lenger med eit dømt samvit, no ber han si bør som eit frigjort Guds barn ved Jesu Kristi nåde. Den børa han no ber, tyngjer ikkje ned, ho adlar og lyfter han opp. Dei lysaste augo og den sælaste smil finn du hos menneske som ber si bør med Jesu Kristi åk.
Børa dreg oss nærare Guds fader- og frelsar-hjarta, nærare Himmelen, og då er det lett å bera, ja, då er det godt.
Ta mitt åk på dykk, og lær av meg! For eg er mild og mjuk i hjarta, og de skal finna kvile for sjelene dykkar. Matt 11:29
Her er døra inn til løysing på livsens store gåte, inn til kvile for sjelene.
Trøytte menneske: kom og kvil deg!
Hvor finnes vel hvile, når sjelen er trett?
Hos Jesus - bare hos Jesus!
Hvor finnes den kraft som gjør vandringen lett?
Hos Jesus - bare hos Jesus!
(Sangboken nr. 334, v. 2)
Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli