Publisert

«Døm ikkje!» Luk 6:36-42


Ca leselengde:
10 min

9. søndag i treenighetstiden
Tekstrekke 3
 
Lesetekster: 1 Mos 4,8-15
 Rom 14,10-13
Prekentekst: Luk 6,36-42
Fortellingstekst: 2 Mos 2,23-3,15;4,10-16
Poetisk tekst: Salme 145,3.8-10

Døm ikkje, så skal de ikkje bli dømt! Fordøm ingen, så skal ingen fordøma dykk! Tilgi, så skal de få tilgjeving. Luk 6:37

Dette ordet av Jesus:«døm ikkje!» kan mindre enn mange andre Guds Ord stå åleine. Det må tolkast i saman­heng med andre ord, om me skal finna den sanninga som Jesus vil ha lagt oss på hjarta.

Kvart menneske har rett, ja, plikt til å gjera seg opp ei meining og halda fast på den til det vert overtydd om at det har teke i miss. Denne retten og plikten har me fordi me er menneske.

Ingen har lov til å kalla det vonde godt. Det er likså gale som å kalla det gode vondt.

Når så folk som lever i synd og i all si ferd er imot både Gud og hans gjerning, likevel meiner at ingen har rett til å kalla dei «uomvende menneske», så er ikkje det i samklang med Guds ord. Det står skreve: «Ve den som kallar det vonde godt» og: «Døm ein rettferdig dom.»

Det slag ikkje-døming som vil at ein skal kalla det vonde godt, ber i seg korkje sanning eller kjærleik. Det er flate, saltlause sjeler, utan mot til å ha ei meining, som seint og tidleg spelar på den strengen.

Den forkynning som seier «vi kristne», «oss kristne» og «gode kristne» til mest alle menneske, det er ei satans morfin-sprøyte over sjeler og samvit. Det er ei religiøs løgn.

Jesus sjølv sparte ikkje på domsorda, når han møtte det vonde. Les Matt 23. Der ropar han ut:

Ve over dykk skriftlærde og farisearar, hyklarar som de er ! De stengjer himmelriket for folk; sjølve går de ikkje inn, og dei som gjerne ville, let de ikkje få koma inn. Matt 23:13

Om de vil, så kan de lesa vers etter vers med same tunge domsord frå Jesu munn over eit hardnakka og for­vendt folk.

Stefanus stod åsyn til åsyn med dei same menneska tett ved dødens port og ropte ut:

De harde halsar og uomskorne både på  hjarta og øyra, de står alltid imot Guds ånd. Apg 7:51

Peter tala så harde domsord til Annanias og Safira at dei makta ikkje å leva.

Og Paulus seier i 1 Kor:

Så støyt da den vonde ut frå dykk. 1 Kor 5:13

Gud har også sett domarar både i stat og kyrkje til å reinska det vonde ut og verna om det gode.

Kva er det då  Jesus meiner med orda: «døm ikkje»?

Først og fremst trur eg han meiner at me har så sørgje­leg lett for å sjå det gale andre gjer, men så utruleg tungt for å få auga på det me sjølve gjer gale. Andre sine feil,- sjølv dei minste, vert i våre auge til svære synder som me dømer syndaren for, både hardt og urettferdig, mens me sjølve gjer det som er mykje verre utan å døma oss for det.

Grannen er eit troll, men du er alltid skuldlaus — i dine eigne augo. Sjølvsagt vil du nok vedgå at heller ikkje du er fullkomen, men skulda er hans, hennar og deira. Det du har gjort, er som ei lita flis, men det andre har gjort, er som ein bjelke.

Såleis ser og dømer me menneske.

Her er det Jesu ord har ærend til oss. Anten me veit det eller ikkje, så er denne skavanken så samanvaksen med heile vår person at det berre er Guds miskunn som kan gi oss ein annan hug.

Me kan godt likna oss med mannen som ser i ein kikkert; forstørringsglaset set han på andre sine synder, men når han skal sjå på sine eigne, snur han kikkerten og ser frå den galne enden. Då vert det vonde me sjølve har gjort, så yrande lite og så langt borte, men andre sine feil vert store og kjem tett innpå ein. Sjølv for ein kristen er det svært å gjera seg fri for denne usanne måten å sjå på, og difor seier me så mange usanne, syndige ord om andre og dømer andre der me skulle døma oss sjølve.

Er du som gir deg ut for å vera ein kristen, vaken her? Eller er du ein av desse mange som har så mykje å seia på andre kristne, mens du i hjarta ditt synest du er bra sjølv?

Da råkar Jesu ord deg: «Døm ikkje!» Nettopp på den måten vert di synd til ein bjelke i Guds augo, og det du dømer hjå andre vert ei flis. Den største synda sit i ditt eige auga, og kjem ikkje den bjelken bort, så misser du snart evna til å sjå dine eigne synder. Men ein kri­sten som vaker over seg sjølv her og strevar med å få bjelken ut or auga sitt, han seier alltid dei mildaste ord om andre og dei tyngste om seg sjølv. Han har kome lengst i sanningskjærleik, gudsfrykt og helging. Han vert boren av Guds Ande og eit audmjukt sinn.

Det er dette sinn som gir oss kraft til å vera i san­ninga og tenkja høgre om andre enn om oss sjølve. Men det er nettopp dette sinn som er så veikt hos mange av oss kristne. Difor har me så lett for å tala vondt om kvarandre, difor lurer me på kvarandre sine feil, mistenkjer kvarandre og slår djupe sår i sjelene med vår tunge og ukristelege dom.

Kor smått det ser ut mellom oss! Det ser ut som denne synda vert større og større mellom oss kristne. Det er som me ikkje lenger ser denne syndefulle rot som skyt opp.

No er det ikkje så å forstå at me skal vera blinde for dei synder som andre kristne gjer, så me let sanninga gå til grunne. Også her gjeld det som før er sagt : Ve den som seier at det vonde er godt. Det Jesus vil få fram, så vidt eg forstår, er dette at all døming som har si rot i eit sjølvkjært sinn, er av det vonde. Slik døming er ukriste­leg. Alt som ikkje spring ut av trong til å gjera godt mot sine medmenneske, det har rot i eigenkjærleik, æresykje og partisinn, om det elles er stasa opp med dei mest gudelege ord. Dei gudelege orda hjelper ikkje, når det som driv oss, er hugen til sjølve å verta størst ved å trakka på andre. At me gløymer at domen til sist vert liggjande over oss sjølve, gjer ikkje skulda vår mindre.

Den som dømer andre, får domen att sjølv; men den som dømer seg sjølv, vert ikkje fordømt med verda.

Vil me så vita meir om kva det er Jesus meiner med dette å la vera å døma og fordøma, så kan me lesa det han seier i neste vers i teksta i dag. Det står:

Gi, så skal dei gi dykk! Eit godt, stappa, sikta og overfullt mål skal dei gi dykk i fanget. For det målet de måler med, skal dei maåla att til dykk med. Luk 6:38

Dette er det rette kristensinn: å vera god, miskunnsam og storhjarta.

Som domen kjem att over oss sjølve når våre ord og gjerningar spring ut frå ein vond natur, så kjem velsig­ninga att over oss når me hjelper, gir og velsignar andre. Den som på denne måten stappar posen godt til andre, får sin pose att endå meir fylt.

Såleis er den kjærleik som spring ut frå Kristi hjarta, også når han bur i ein frelst syndar, og denne kjærleiken var det me skulle ofra på kvarandre og bera ut i verda som Jesu Kristi vitne.

Det er som eg høyrer desse orda frå hjartedjupet frå ein flokk menneske: Ja, no fekk han og ho og dei høyra sanninga! Det var då bra at ein endeleg ein gong hadde mot til å seia dei sanninga og kle av hyklarskapen dei fer med.

Du som tenkjer slik,  kven du så er, – høyr eit par ord til deg før du legg bort boka. Kvar sann kristen kjenner seg dømt og tukta av dette ordet. Om du hadde øyra til å høyra det som rører seg i eit kristenhjarta ei slik stund, så vilde du møta sår og djup klage og bøn fylt av skam og sjelesmerte: Herre, tilgi meg, eg har synda!

Den sanne kristne tek domen inn over seg og bed Gud om nåde og tilgjeving for sine synder. Om du kunne fylgja han gjennom livet, så ville du tidt finna han i ei krå for seg sjølv, bøygd over Bibelen, og utan at han sjølv sansar det, fell heite tårer ned på boka og dei ihoplagde hender. Det er sanninga det, om ein kristen! – Men du, kva gjer du? Du gjer deg sjølv stolt og stor på det at andre får tukt. Under dine hender ligg ingen tårevåt Bibel. Du har ingen ting å be om nåde for. Du har aldri gjort deg betre enn du er, seier du. Og likevel jublar du over at andre får tukt og trur at ingen har rett til å tukta deg. Forstår du ikkje at du dårar deg sjølv og lever på ei stor løgn?

Ein dag vil Guds domsklokka ringa sine tunge tonar inn i di stolte sjel, og som steinen søkk i vatn, vert du dregen fram for Guds dom. DÅ får du røyna korleis det går når eit menneske skal stå for Gud på eiga rek­ning og sjølv svara for sitt liv.

Vel løper tiden hastig hen og bliver evig borte;
men det vil komme visst igjen hva du i tiden giorde,
når Gud engang til dommen vil den ganske verden sanke,
og det skal svares nøye til hver gjerning, ord og tanke.

Skal du og eg koma vel forbi denne svære dagen, så må me la Guds Ord døma oss i dag og så møta Gud ved nådens kongsstol, der me får miskunn og finn nåde til hjelp i rette tid. Det er vår einaste berging, men den er også viss.

Lat oss bøya oss for Gud og be om nåde.

«Den som kjem til meg, skal eg så visst ikkje støyta ut», seier Jesus.

Kom da til Jesus, din Frelser! Gud er ei lengere vred,
Han deg så evindelig elsker, vil fylle ditt hjerte med fred.
Be kun, han gjerne deg hører, sikkert til himlen deg fører,
salig og glad du da bliver, du som er trett av all synd -
o, du som er trett av all synd.

DA er dommen, som låg over deg, drukna i Kristi frelsarhjarta, og du er evig frelst og fri.

Han gjer syndarar salige. Hans namn vere lova!


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli


 


Støtt foross.no
Ca leselengde
10 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Skrifthenvisning

  Lukas´ evangelium  6: 36-42

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.