Publisert

Englane Luk 2:15


Ca leselengde:
10 min

Julaften
Tekstrekke 1
 
Lesetekster: Jes 9,1a.2.6-7 (A)
 1 Joh 1,1-4 (A)
Prekentekst: Luk 2,1-20 (A)
Poetisk tekst: Salme 98,1-2.4

Då englane hadde fare attende til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: Lat oss gå inn  til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.   (Luk. 2: 15)

Omkring jula og Jesus møter vi nokre av dei personar i den gamle pakt som står høgst i gudsfrykt og tru. Dei er blomen av Israelsfolket, når ein ser det frå den åndelege sida. Deira hjarta og syn er på ein særleg måte opna for den frelsaren som Gud hadde lova å senda dei.

Men innimellom alle dei menneske som møter oss i juleevangeliet, syner det seg også eit anna slag skapningar, som vi ikkje bør gløyma. Det er englane.

No når himlane har opna seg for Guds son, han som har vorte menneske, no må også tenarane i himmelen stiga ned og blanda sin song med dei menneske som ser morgonstjerna lysa over jorda. Dei syng ordet om fred utover vår fredlause jord, dei viser folk til Betlehem, der Frelsaren er fødd.

Ut frå det første verset i ordet idag vil vi stansa ei stund ved englane. Vi som lever no, har så altfor lite syn på desse tenande ånder, som Gud har sendt ut til å hjelpa oss i striden for vår tru. Det jordbunde, materialistiske synet har fått så altfor stor makt også over dei kristne.

Når det hender noko utanom det vanlege, så vil vi mest ikkje tru det. Om ein eller annan møter ein engel, på hav eller land, så trur vi helst at det er draum eller nervøsitet som har forvilla sansane. Vi set fine, framande namn på slikt - og trur så at vi har funne ei «naturleg forklaring» på det som ættene før oss trudde var «overnaturleg». Men i Guds ord er det sagt oss så klårt som dagen at englane går omkring mellom oss, og vil dei, så kan dei syna seg for oss, tala til oss, trøysta og rettleida oss.

-----

Noko av det første vi får vita om englemøte med menneske er då Hagar rømer for Sara. Då kjem ein engel til henne ved ei kjelda i øydemarka og seier: Gå attende til Sara og bøy deg for henne.

Abraham sit i teltdøra si midt på heitaste dagen. Han ser opp og får auga på tre  menn. Han går mot dei, helser på dei og bed dei sjå innom. Den eine var Herren, dei to andre var englar. Om ei stund går englane til Sodoma og skal  fri Lot ut av den byen som snart etter blir utstroken.

Abraham er gamal. Då sender han Elieser, tenaren sin, til sitt eige folk etter ei kona til son sin. Tenaren seier at det er kanskje ikkje så sikkert at han kan finna ei kvinna som vil reisa så langt bort fra heim og ætt. Då seier Abraham: "Herren, Gud i himmelen, som tok meg ut av farshuset mitt og fødesheimen min, og som tala til meg og svor meg til og sa : Di ætt vil eg gi dette landet - han skal senda engelen sin føre deg, så du der finn ei kona til sonen min"

For Abraham var det ikkje noko underleg at ein engel var tenar for menneske.

Jakob la seg til å sova under berr himmel med ein stein til hovudputa. Han drøymde om stigen som var reist mellom himmel og jord, og i draumen såg han englane som steig opp og ned. Då han var på heimveg frå Laban som ein rik og mektig mann - møtte han ein engel som tok ryggtak med han. Og lang tid etter, då han låg for døden, sende han bod til Josef og dei to sønene hans og sa desse fine og hellige orda: «Den engel som løyste meg ut frå alt vondt, han velsigne gutane.»

Ein engel tala til Moses ut av ein tornebusk som brann, men aldri vart oppbrend. Då Moses stod ved havet og skulle føra Israel over, står det at Guds engel som gjekk føre israelshæren, flytte seg og steig attom dei: skystolpen som var framfor dei, flytte seg og vart ståande attanfor, så han kom mellom egyptarhæren og israelshæren. På den eine sida var han skum og mørk, og på andre sida lyste han opp natta, og hærane kom ikkje innåt kvarandre heile natta.

Herrens engel kom til Gideon og sette seg under den eika som står i Ofra. — — Og Herrens engel synte seg for han og sa: Herren er med deg, du djerve kjempe.— — Då Gideon såg at det var ein engel, ropte han: "Å, Herre min Gud! Korleis skal det gå med meg som har sett Herrens engel åsyn til åsyn!"

Ein engel gjekk gjenom assyrarleiren og slo ihel 185 000 mann på ei natt. Og ein engel stod mellom øvstepresten Josva og satan.

Englar synte seg for Daniel, Sakarias, Maria, Josef og Jesus. Midt på havet i storstormen står ein engel framfor Paulus og set mot i han, så Paulus atter kunne trøysta heile skipsmannskapet. Peter låg bunden i jern mellom to stridsmenn i eit sterkt fangehus. Då står ein engel framfor han og seier: Skunda deg og stå opp! - og lekkjene fall av han. Engelen bed han så om å binda livreima om seg, knyta på seg skoene og kasta kjolen om seg og fylgja han.

Då tenarane til øvstepresten kom og ville gripa Jesus i Getsemane, drog Peter sverdet sitt og hogg øyra av ein mann. Jesus nektar han då å bruka makt. Han seier: "Trur du ikkje eg kunne be Far min og han i denne stunda ville senda meg tolv hærar med englar?"

Ein gong tala Jesus om dei små born, og om at ingen må freista dei små som trur på han. Så la han til: "For eg seier dykk, at englane deira i himmelen alltid får sjå åsynet til Far min som er i himmelen."

-----

Kan nokon som les dette og trur at Guds ord er sant, endå tvila på at englane vert sende ut til å hjelpa Guds folk på jorda?

Lat oss stansa ved det siste ordet av Jesus som vi nemnde. Her seier Jesus beintfram at det er englar som har det særleg på seg å vakta dei små borna. Er ikkje det ei stor trøyst for alle foreldre?

Når vi har dette for auga, så vil vi lettare skjøna korleis det kan gå til at småborn leikar ved fjord og elv, ved stup og svimlande avgrunnar utan å ta skade. Inga mor, langt mindre ei tenestejenta, kan halda barnet så støtt i handa som ein engel. Der inkje menneskeauga ser, der ser engelen, og der morshanda ikkje rekk fram, der står Guds engel som mur og vaktmann.

Når så den stunda renn for mange at dei kjem ut for det vi kallar ulukka, når borna på ein eller annan måte vert tekne i frå oss, då kan vi med Guds bok i handa halda fast på den trøyst at Gud ville det så. Engelen skulle ikkje vakta dei lenger, han skulle bera dei heim. Om vi ikkje forstår det no, så skal vi forstå det seinare.

Når barnet dreg ut frå heimen med sprettande mot, men lite erfaring, og skjulte farar lurer på den stortenkte og sjølvhjelpe ungdomen, då står englane på vakt og verja for kvar ein som ikkje beintfram vil styrta seg i avgrunnen.  Ja, også mange av dei som selde livet sitt til undergang, vart møtte og berga av englar.

Og når vi vaksne ferdast mellom farar av tusen slag på hav og land, så er Guds englar med oss. Når fiskaren berre har ein tynn planke mellom seg og ei "glupande grav", når bårer så høge som hus bryt i le, til luvart og for stamn, når sjølv den djervaste, gløggaste sjømann ikkje veit kor han skal styra, då står ein engel så tidt ved roret og bergar båten i hamn.

I den svenske indremisjonssoga er det fortalt om den merkelege presten Tolstadius. Han var ein gong ute og køyrde - så vidt eg kan forstå var det i Stockholm. Då han skulle over Skeppsholmsbrua, sprang hesten ut. Han prøvde å få makt over hesten att; men det var nyttelaust. Så bar det ut av vegen, bort mellom stein og berg. Alt håp syntest vera ute. Men nettopp som tilskodarane med ånda i halsen venta på det verste, så såg dei ein mann i matrosklede som med lynsnar fart kasta seg utfor berget og treiv hesten. I same stund stod hesten still. Så tok Tolstadius fram eit pengestykke og ville gje mannen til takk for hjelpa. Men då han rette ut handa, var mannen borte. Kor kom han ifrå? Kor for han av? Rundt ikring fanst det ingen stad der mannen kunne gøyma seg.

Bibelen svarar: Det er tenande ånder som er utsende til å hjelpa dei som skal arva Guds rike.

-----

Det er endå mykje meir å seia om englane. Det er mange gåter å grunna på, og meir enn ein av dei største tenkjarane og teologane har skreve dryge bøker om englane og deira kår. Det er mykje interessant i desse tankebygningane, mange store, vide syner som nok kan lokka og dra på dei som har hug til å grunna og granska.

Også om ein berre byggjer på Bibelen, kunne ein dra fram mykje meir om englane enn her gjort. Men eg vil slutta her. Det eg ville at de skulle ta med dykk frå ordet i dag er dette:

1. Her er ei åndeverd omkring oss. Ei verd som vi til dagleg ikkje merker med dei ytre sansane våre. Men ho er like verkeleg for det.

2. Til denne åndeverda høyrer englane. Dei er Guds tenarar, som han sender ut til hjelp for sine born på jorda.

Måtte vi som lever no, saman med våre fedrar ha tru til desse tenande ånder. Det ville styrkja vår tru på Gud og gi større frimod i livsstriden.

Jeg går blant engler hvor jeg går;
de skal meg vel bevare.
Slett intet satans makt formår
mot slik en himmelskare.
Bort verdens sukk og sorg,
jeg går i engleborg,
Og ingen rører meg et hår -
jeg går blant engler hvor jeg går.
(Sangboken nr 348)

 


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Teksten er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
10 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Emne

  Engler

Skrifthenvisning

  Lukas´ evangelium  2: 15

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.