Om kvelden same dagen, den fyrste dagen i veka, var dørene stengde der læresveinane heldt til, av di dei var redde jødane. Då kom Jesus og stod midt imellom dei og sa til dei: Fred vere med dykk! Joh 20:19
Også i ordet i dag ser me at Jesus er ute og hjelper sine motlause vener. Dei me får vita om i dag, har låst seg inne fordi dei er redde jødane, men også til dei finn Jesus vegen. Medan dei sit og sturer som skræmde fuglar, veit dei ikkje ordet av før Jesus står midt i salen og lyser fred over dei.
Det måtte vera ei stor stund.
Slikt kan ein Jesu ven aldri gløyma.
Læresveinane vart glade då dei såg Herren. Ja, har menneske nokon gong vorte glade, så måtte dei som sat der, verta det – då dei så uventa fekk sjå Frelsaren att åsyn til åsyn med dei naglemerkte hender retta ut imot dei, og med desse orda i munnen:
Fred vere med dykk! Joh 20:19
Det måtte gjera godt i fredlause og såre sinn.
I ordet om fred er det lagt inn noko av det høgste og største som tilværet eig.
Av alt det eit menneske kan vinna her i verda, er fred det største. Me kan vera kva me vil og vinna alt me ynskjer – er freden borte, så er gleda og lukka det det også. Om me vassar i rikdom og all slag verdsleg lykke – er me fredlause, så er me fattige og grenselaust ulukkelege. Men om me sit i fattigmanns stova og må slita tungt frå morgon til kveld eit heilt liv – eig me fred, så er me lukkelege og rike.
Det visste også den himmelen som sende sin engleher over Betlehemsmarkene den første julenatta, og det visste Han som gjekk inn til sine gjennom stengte dører med fredshelsing.
Tenk om kvart menneske hadde fred!
Tenk om kvar heim, kvar huslyd, kvart grannelag og kvar bygd i heile landet levde og arbeidde i fred, og tenk om det var fred mellom alle folk på jorda!
Var me ikkje då rike?
Er det ikkje ufreden som gneg sund rota til all lukka og som gjer oss redde Gud, oss sjølve og kvarandre? Er det ikkje freden som mennesket leitar etter med sverd og blod og tårer?
I tusentals år har ætta på ymse vis sett alt inn på å vinna fred. Det er eit gripande syn å sjå alle offer og all liding som mennesket har bore for å finna freden.
Og så har alt mislukkast til i dag.
Aldri har vår jord vore meir fredlaus enn no. I den djupaste redsla for enno meir ufred ropar dei beste menneske me har, at sverdet må bort og krigen ryddast ut og nasjonane slutta å væpna seg. Men desse same menneske synest reint å gløyma at etterpå kjem lovløysa, ran og mord.
Det er ikkje stål, bly og krutt som skaper krigen, det er mennesket sjølv!
Kva hjelp er det då i å slå vatn på kruttet?
Men endå mennesket støtt renner panna mot harde fjellet, så tek det alltid til på nytt: ein gong må det vel lukkast å nå fram til fred! Opp att og opp att på same vis som før.
Såleis går det når folk er blinde. Medan dei ropar på fred og strir av all makt for å nå han, så rømmer freden som skuggen for sola, og ufreden veks.
Slik har det gått til i dag.
Me har ein gong hatt ein mann imellom oss som synte oss vegen til fred, og som den dag i dag har midler og makt til å gje kvart menneske og heile verda fred. Det er han som slo fiendskapen ihel på korset.
Gjennom han går vegen til fred. Annan veg finst ikkje. Det er ikkje berre det at han skaper fred, men Han er vår fred.
Me vil prøva om det kunne lukkast å få ein liten glytt inn i dette under at Jesus er vår fred. Me må prøva å få det klårt for oss at Jesus ikkje berre vil gje oss sin fred, og at hans fred skal vera med oss. Det me først og fremst må få syn på er at Han er vår fred.
Det er på mange måtar stor skilnad på at Jesus er vår fred og at han gir oss fred. Me kan godt eiga fred i Jesus utan å kjenna freden i hjarta, men i lengda kan me ikkje ha hjartefred utan at me ved trua eig Jesus som vår fred.
Tenk berre på dette ordet av Jesus:
Dette har eg tala til dykk, så de skal ha fred i meg. Joh 16:33
Lat meg ta eit bilete. Det er som å smyga inn i ei festning som ligg inne i sjølve fjellet. Om krigen rasar utanfor og kulene slår ned her og der så jorda skjelv – der inne i fjellet er det fred.
Freden. er i festninga. Ikkje i meg.
Det er ikkje det eg er, men det eg har kome inn i – det er festninga som er freden. Og i denne festning-freden bur eg medan ufreden rasar.
Ei slik festning er Jesus Kristus.
I Jesus søker jeg min fred,
All verden har kun smerte,
Hans kors det er mitt blivested,
Der hviler seg mitt hjerte,
Der kan jeg bo
I stille ro,
Der finnes allting som min tro
Så lengselsfullt begjærte.
(Sangboken nr. 341, v.1)
Jesus er vår fred. Utan Han er det ingen sann fred.
Gå til kloster, til kyrkje, til bedehus, til teater, til dansesal, til kortstokk, til rikdom, til fattigdom, til moral, til synd, til silke eller filler, til krakk eller sofa, til helse eller sjukdom! Gå midt inn i Afrika til villmenn og urskog eller til den høgste kultur, gå kor du vil – der finst ikkje fred.
La folkeslaga verta styrde av kongemakt, pavemakt, demokrati eller diktatur, rydd militarismen ut or verda, snu deg og stell deg som du vil, men freden er borte.
Alle de høgmælte menneske som glir mot avgrunnen medan de rosar dykk av visdom og makt: Sjå dykk om, stans i farten og tenk. Kanskje de enno kunne sansa så mykje at de fekk sjå at de lever på ei løgn, og at de leitar fåfengt etter freden.
Ein kristen veit kor freden er.
Har han funne festninga.
Denne gamle frelsesklippe
Er et sikkert tilfluktssted;
Utenfor er mulm og mørke,
Der er stillhet, lys og fred.
(Sangboken nr. 362, v. 2)
Men korleis kan Jesus i seg sjølv vera vår fred?
Også på det spørsmålet gir Guds Ord eit klårt svar: Han gjorde fred.
Han er vår fred, fordi han gjorde fred.
Han braut ned skiljeveggen, fiendskapen mellom Gud og menneske. Han avlyste den lov som kom med bod og forskrifter og forlikte oss med Gud i sin lekam på korset, då han der slo fiendskapen ihel, og då han der forlikte alle ting med seg, med det han gjorde fred ved blodet. (Ef 2:15-16; Kol 1:20)
Freden mellom Gud og menneske er slutta i Jesus Kristus og underskreven med blodet hans.
Han sa: Fred vere med dykk! Og då han hadde sagt det, synte han dei hendene sine og sida si: Her ser de merke etter hjarteblodet som rann og såret i handa som vann freden.
Det er gjennom blod og sår at freden er vunnen. Han gjorde fred. (Ef 2:15)
Han er vår fred. Ef 2:14
Fred med Gud er ikkje den fred som hjarta vårt kan vinna og styra. Det er den freden som er vunnen av Jesus og som er i han.
Underlege, sæle, evige fred - freden i Jesus Kristus!
Dette har eg tala til dykk, så de skal ha fred i meg, seier han.
Tenk om fredspakta mellom Gud og oss var grunna på den freden som me kristne kan eiga i hjarta! Då ville pakta brytast mange gonger om dagen. Då ville me eiga von og trøyst kvar gong me fekk smaka fred, men vera reint rådlause når trykket av synda og livsbyrda reiv sund hjartefreden.
Her er det at mange kristne tek i miss og kjem inn i mørke og tvil.
Søk freden i Jesus. Så eig du fred midt i ufreden.
Ved Jesu hjerte stille er
Tross stormene på jorden.
Tross alt som enn meg trykker her,
Er Han min fred dog vorden.
Fred med Gud det er hans gjerd,
Ved hans soning vunnen.
Fred med Gud i fredlaus verd
Er ved honom vunnen.
(Lina Sandell)
Men me ville vera utru mot Han som ga freden, om me sprang over den sæle sanning at han også fører freden inn i vårt liv, slik at Kristi fred rår i hjarta. Det er ei nådegåve frå han til alle som trur.
Ved korsets fot hos Jesus
der har mitt hjerte fred.
(Sangboken nr. 385, v. 4)
At me fann fred for hjarta, gjorde at me lova både Gud og oss sjølve at
aldri mere vil jeg gå
fra dette sikre sted.
(Sangboken nr. 385, v. 4)
Då var det ikkje berre: Han er var fred, men då var det også: Min fred gir eg dykk.
Då fekk freden råda i hjarta, fordi frukta av Anden er kjærleik, gleda og fred. Og den Guds fred som går over alt vit, varer hjarta og tankane i Jesus Kristus, vår Herre.
Det opplever alle som går inn i festningen.
Der vil me også få kraft til å bera Ordet om fred ut til fredlause menneske. Er eg sjølv fredsmenneske, så lokkar eg også andre inn til Han som er fred.
Den dagen alle menneske tek imot Jesus, den dagen er det fred på jorda.
Aldri før!
Så kom då og ta imot Han, alle fredlause menneske!
Sårede hjerte, som lykken har fristet,
Jesus deg gir langt mer enn du mistet.
Motstå ei lenger den kallende frelserrøst:
Kommer du ei snart?Utslettet skyldbrev og tilflukt i nøden,
Kraft uti livet og seier i døden;
Glede og fred Han for intet tilbyr deg!
Kommer du ei snart?
Kom!
Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli