Publisert

Herren har bruk for deg!


Ca leselengde:
10 min

Tekst: Ludvig Hope



Palmesøndag
Tekstrekke 1
 
Lesetekster: 2 Mos 12,21-28
 Ef 2,12-18
Prekentekst: Joh 12,12-24
Fortellingstekst: Matt 21,1-17
Poetisk tekst: Salme 118,1.20-22.26

Gå bort i den landsbyen som ligg beint framfor dykk. Så snart de kjem inn i han, skal de finna ein fole som står bunden, ein som enno ikkje noko menneske har sete på. Løys han og lei han hit! Og dersom nokon seier til dykk: Kvifor gjer de dette? - då skal de seia: Herren har bruk for han, og han sender han straks attende hit. Dei gjekk så av stad og fann folen bunden attmed ei dør ut mot gata, og dei løyste han. (Mark.11: 2-4)

Jesus er på veg til Jerusalem.
Kort før har han sagt til læresveinane at han må dit opp og lida mykje vondt av dei eldste, øvsteprestane og dei skriftlærde, som til slutt vil ta livet hans.

Frå Johannesevangeliet veit vi at på denne ferda var han ein tur innom Betania. Der gjorde dei eit gjestebod for han, og Lasarus sat med han til bords. Det var den same gongen at Maria salva føtene hans med eit pund ekte nardussalve og tørka dei med håret sitt.

Dette samværet i Betania og det Maria gjorde, har sikkert gjort Jesus glad og meir frimodig. Då Judas kritiserer Maria, tek Jesus kvast imot han: «Lat henne vera i fred! Det er som ho skulle gøymt det til gravferdsdagen min. For dei fattige har de alltid hos dykk, men meg har de ikkje alltid.»
Tankane om døden og gravferda arbeidde alt i han og kvar minste oppmuntring styrkte han til å møta den store striden. Han som bad læresveinane vaka ein time med seg, han verdsette det hjartelaget Maria synte.

Så ekte menneske var Jesus.
Og korleis skulle han elles verta prøvd i alt likt med oss?
Dagen etter at dette hende i Betania, vert det spurt i den store folkehopen som hadde kome til Jerusalem til høgtida, at Jesus er på veg mot byen.

Men denne gongen vil han ikkje koma på vanleg vis. Denne gongen vil han koma som konge i Sion, så profetordet skulle verta oppfylt.

Han sende så to av læresveinane sine av stad etter det dyret han ville ri på inn til byen. Og han sa til dei: «Dersom nokon seier til dykk: Kvifor gjer de dette? så skal de svara: Herren har bruk for han.»

Så set Jesus seg på eselfolen og rir inn i Davids by på ryggen av eit utemt dyr, mens folkehopen hyllar han, ærar han, velsignar han og ropar hosianna.

Etter dette skulle ein tru at folket tok til å skjøna kven han var, og at dei og no for godt ville ta imot han som Davids son og Messias. Men han som kjenner det arme mennesket, han sette ikkje lit til hyllestsongen, Han visste at det berre var stilla før stormen, og at «hosianna» om kort tid ville slå om til «korsfest».

Men denne tunge tanken gjer han ikkje harm. Berre ei sorgfull tåre væter kinnet hans.
Han synest synd på folket, sitt eige folk, fordi det ikkje kjende si gjestingstid. Og endå han veit at desse same menneska snart skal driva han inn i døden, så møter han dei mjuk i ånda.
Du underlege mann!

Der aldri var noen som Jesus på jord,
så medynksfull, kjærlig og mild!
Det finnes ei noen som Jesus så stor,
især for de får som for vill.
( Sangboken, nr. 241)

Denne er det som skal hengjast på eit tre og reknast mellom ugjerningsmenn. Og tru meg: dei kom til å gjere like eins med han i dag, om han stod mellom oss!
Han er for god for oss.
Menneska tåler ikkje sanningslyset så nært innpå seg. Og så må han bort!

-----

Når vi så skal prøva å finna fram litt av den lærdom og det lys som dette ordet ber i seg, er det naturleg for meg å stansa ved denne setninga:

Herren har bruk for han.

Når vi skal bruka dette ordet på oss, vil det lyda slik: Herren har bruk for deg.

Lat meg då først få seia at alle de som lever borte frå Gud, de som står han imot og ikkje vil la dykk frelsa, alle dykk har Jesus bruk for. Ikkje berre slik at han vil bruka dykk til å hjelpa andre menneske, men slik at det står eit rom i himmelen og ventar på dykk, eit rom som de fekk retten til ved hans blod.

Frelsarkjærleiken hans har bruk for deg.
Når barnet har rømt bort frå far og mor og lir vondt, så er det ikkje berre barnet som har bruk for heimen, men mors- og farshjarta har også bruk for barnet. Er det godt for barnet å stiga innom døra heime att, så er det også gildt for far og mor at barnet kjem heim.
Det er gleda i himmelen over ein syndar som vender om.

I Guds hjarta og i Guds himmel er det eit rom som ventar på deg. Det rommet har bruk for deg. Og der er ein tone i den evige lovsong som du, nettopp du, er skapt og kjøpt til å syngja.
Ingen annan enn du kan ta den tonen.
Men det som dette ordet først og fremst vil seia oss, er dette: alle som har funne fram til samfunn med Gud, vil Herren bruka til sine tenarar.
Eg ville difor gjerne gjera dette ordet så personleg som råd er, - ja, om eg kunne, så ville eg nemna namnet ditt og seia: Herren har bruk for deg.
Kan du få deg sjølv fram for Guds åsyn så du høyrer dette sagt til deg?

Mange ville då spørja med alvor: Kva kan Herren bruka meg til? - og så ein dag finna svaret. Andre ville prøva å finne ein veg bort frå Jesu ynskje med den gamle, kjende grunnen at Herren kan ikkje bruka dei. Dei seier dette, anten fordi dei ikkje vil la seg bruka av Gud, eller fordi dei synest at dei ikkje duger til å gjera noko. Her er verkelege kristne som meiner at Herren ikkje kan bruka dei, og som difor også synest at livet vert så fattig og tungt. Men det er ikkje sant. Det finst ikkje eit einaste normalt kristenmenneske som Herren ikkje kan bruka. Det er eg fullviss om.
Spørsmålet er ikkje om han kan bruka oss, men om han får lov.

Det sat ein liten gut på skulebenken. Han var snill og trudde på Gud, men hadde små evner. Ein dag då han som vanleg stod fast i leksa, vart læraren harm og sa til han: «Du er eit esel!» Sidan måtte guten bera dette namnet mellom kameratane, og ingen vil tvila på at det var eit tungt namn å bera. - Ein dag då denne same guten var på sundagsskulen, las dei ordet om då Jesus rei inn i Jerusalem på eit esel. Då var det som guten vakna, og han gjekk til lærarinna og spurde om Jesus også no kan bruka eit esel. Ho svara ja! Då ropte han sjeleglad: «Så kan han også bruka meg!»

Du som spør: Kva kan Herren bruka meg til? - kan du ikkje vera snill og god mot dine medmenneske? Kan du ikkje syna i livet ditt at du høyrer Herren til? Kan du ikkje vera ærleg og trugen i arbeidet ditt, rettferdig i ord og gjerningar?
Kan du ikkje bera borna, mannen, kona, foreldra og andre av dine næraste i bøn fram for Gud?
Kan du ikkje på ein eller annan måte hjelpa andre til å gå ut med Guds ord til vårt eige og til andre folk?
Til alt dette og mykje meir har Herren bruk for deg.
Om du ikkje sjølv synest at du kan vera eit esel for han, så kan du hjelpa andre til å vera det, så dei kan bera Jesus inn i folket.
Og om du synest at du ikkje duger til noko av alt dette, om du ikkje kan gjera det så godt som du ville, så kan du i alle fall prøva å gjera ditt beste.
Det kan du.

Tenk deg om litt så vil du snart få sjå at Herren har bruk for deg, og at det er meir enn nok å gjera kor du lever i verda. Ikkje berre nok av det du skal gjera, men også meir enn nok av det du kan gjera.
Ulukka er vel den at vi vil helst gjera noko som ruvar stort - i eigne og andre sine auge. Får vi ikkje det, så vil vi ingenting gjera. Og så går vi forbi det arbeidet Gud ville bruka oss til, og ser ut mot det vi ikkje kan makta og ikkje er kalla til.

Ikkje alle skal stå på ein talarstol eller gå til misjonsmarka, men alle skal vi vera Jesu Kristi medarbeidarar og hjelpa andre menneske inn til Gud.
Kunsten er å få dette fram for vårt syn og inn i vår tru, at heile livet, alt det vi er og alt det vi eig, skal vi la Herren få bruka.

Like visst som ein forkynnar skal la seg bruka av Kristus, skal kroppsarbeidaren, arbeidsherren, rikmannen, butikksveinen, far og mor, - ja, kven du måtte vera, - tena Herren med alt det dei er og eig.
Du skal bera bod om din Frelsar på den staden der du bur, i det arbeidet du har og ved det Gud har gitt deg her i verda.
Til alt dette har Herren bruk for deg.

Bruk meg, nådefulle Frelser,
som det her behager deg!
Allting gjort for deg hvor lite,
er dog alltid stort for meg.
( Sangboken, nr. 485)

Om du enno spør etter noko å gjera for Jesus, så la meg nemna noko særskilt til slutt.
Borte i ei hytte ligg ein sjuk, gamal og einsleg mann eller kvinna. Det er kaldt i rommet, det er smått med mat, og vegen til Gud kjenner dei ikkje.
Du er frisk, du har ved og mat, og du kjenner vegen til Gud. Frå denne hytta ropar det til deg: Herren har bruk for deg!
Når du tenkjer deg om, trur ikkje du også at det er slik?
Vil du la deg bruka i denne hytta for Herren?

Heidningen sit i mørke. Mange unge ber om å få gå ut med ordet om Jesus Kristus, men vi har ikkje pengar til å senda dei. Du har pengar, meir enn nok. Måtte du etter denne dag aldri gløyma at Herren har bruk for dei.

Søk de forvillede – Jesus det venter,
kraft vil Han skjenke til alt hva Han bød!
Vis dem til Frelseren, veien er åpen,
si dem: for deg og for meg er han død!
(Sangboken, nr. 762)

Det er store ting som har hendt ein kristen at han skal få bruka si tid og sitt liv på denne måten. Og til alle dei som tente Herren, vil han ein gong seia dette fagre ord: «Du har vore tru over lite; eg vil setja deg over mykje. Gå inn til gleda hjå herren din!»
Då skal sverdet byttast med palmegrein og tårene med sigerssong.

Snart skal høres fra frelstes kor:
Ære være deg, Guds Lam!
Amen, halleluja! Gud er stor!
Ære være deg, Guds Lam!
Halleluja, jeg er så glad!
Snart når jeg hjem til Sions stad!


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli.


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
10 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Emner

  Disippelliv

  Jesu liv

Skrifthenvisning

  Markus evangelium  11: 1-10

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.