Jesu namn

Ca leselengde:
11 min

Tekst: Ludvig Hope



Nyttårsdag/Jesu navnedag
Tekstrekke 1
 
Lesetekster: 4 Mos 6,22-27
 Fil 2,5-11
Prekentekst: Luk 2,21
Fortellingstekst: Matt 1,18-25
Poetisk tekst: Salme 72,17-19

Då åtte dagar var gått og han skulle om­skjerast, fekk han namnet Jesus, som han vart kalla av engelen før han var komen i mors liv. (Luk. 2: 21.)

Namnet hans skal vera Jesus.

Det er det enkle, men også det store ordet i teksta idag. Med det namnet på tunga og med retten til å bera det i hjarta stig vi over grensa inn i det nye år.

Over den første dagen i året skal vi få lov til å skriva Jesu namn, vi skal få tala om det, syngja om det i kyrkja og bedehus, i heim og arbeidslag rundt heile Noregs land.

Det er store ting, dette.

Den som har fått dette namnet til eiga, så han kan bruka det på si ferd gjennom livet, han har fått løysing på livsgåta og nøkkelen til porten inn til det evige liv. For dette namnet vik han til side, den engelen som vaktar vegen til livsens tre, og vi kan finna heim att til paradiset. Ja, dette namnet dreg himmelen ned på jorda med den frelsa som Gud hadde tenkt ut før han grunnla verda. Med det kan vi, så syndige vi er, stiga fram for Gud og møta han som far og finna miskunn og nåde til hjelp i rette tid.

Når jeg det fatt i bønnen får,
straks himlen åpen for meg står.
Jeg bærer det i sjel og sinn,
det bærer meg i himlen inn.
(Sangboken nr 5)

Kva er det då ved dette namnet som gjer at det kan opna himmelen for ein syndar?

Bak dette namnet står Gud med heile si makt, han som rår over himmelen og jorda. Difor må himlane opna seg for det. Difor er Jesu-namnet sterkare og meir underfullt enn alle andre namn.

Sjå utover jorda! Finn du noko namn som samlar om seg så mykje elsk, og finn du noko som er så sett ned på og hata som Jesu-namnet? Der det vert kjent, der kløyver det ætta i to flokkar.

Det har sin grunn i at det finst ikkje noko anna i heile tilværet som kan frelsa oss enn Jesu-namnet. Når så dei stolte menneske ikkje vil bøya seg for denne sanninga, så renner dei hovudet mot berget og får ikkje ein einaste lovnad frå Gud om himmelen, om dei elles er aldri så gode og rettvise. Og så legg dei Jesu-namnet for hat. Men alle som søkjer frelsa med ærleg vilje etter Guds ord, dei finn døra inn til Gud opna for seg i Jesu namn.

Lat oss så sjå litt nærare på rikdomen i dette namnet.

Då Jesus la ut om dette for læresveinane sine, var det særleg to ting han drog fram. Det første var dette at dei skulle gå ut i heile verda og forkynna omvending og syndsforlating for alle folk i hans namn.

Kva vil da det seia at vi skal få syndsforlating i Jesu namn?

Det vil seia at han er ansvarleg for syndsforlatinga. Ordet som vi skal bera ut til alle folk og be dei ta imot og tru, det står Jesus inne for. Ikkje den som ber det fram, ikkje den som tek imot det, men han som har bede oss å bera det ut og sagt at vi skal tru det.

Når så du eller eg eller kven som helst tek imot ordet om syndsforlating, så står Jesus ansvarleg for Gud for det.

Er ikkje det stort? Har du fått syn for det?

Syndsforlatinga er såleis ikkje grunna på det du er, det du synest om deg sjølv, det du kjenner og meiner, nei, ho er grunna på Jesus Kristus. Han har "ved seg sjølv" gjort reinsing for våre synder og står inne for det med sin person og sitt namn i alle æver.

Det er visst ikkje for mykje å seia dette opp att fleire gonger; for vi synest ha så tungt for å fatta det. Så strir og strevar vi med mange ting, så vi kan bli slik at vi kan tru oss frelste. Så trur vi at vi kan tru når vi er såleis som vi meiner at vi  bør vera, når vi  kjenner litegrann godt i hjarta. Men når dette vesle gode der inne er opptært og borte, og vi ser berre vondt i hjarta, då tvilar vi.

Er du ein av dei?

Då har du ikkje fått syn for det du eig i Jesu namn. Og så rotar du ditt eige stakkars namn ihop med hans når det gjeld syndsforlating.

Dette er ravgale.

Trua på syndsforlating skal du byggja berre på Jesu namn. Grip det, så byggjer du frelsa heilt på Jesus, og det er nettopp det du skal.

Når du er i botnelaus skuld og ein annan betalar alt for deg, kva har då du å gjera? Det du er, det du trur at du er, det du synest og ikkje synest, har det noko med saka å gjera? Er ikkje skulda di betalt like fullt for det?

Jesus har betalt di skuld. Vi har syndsforlating i hans namn.
Du kan ikke tro, å, men kjære, så hør:
vår Gud har sin sønn ikke skånet.
Kom hit, kom til korset, se Frelseren dør,
foraktet, forlatt og forhånet.
Han sonet all verdens misgjerning.
(Sangboken nr 420)

Her er det også på sin plass å minna om at Jesus seier ikkje at vi skal forkynna syndsforlating i Guds namn eller i namnet til Faderen, men i hans namn. Skulle ikkje dette vera noko å tenkja på for alle dei som set Jesu ord så høgt, og som samstundes trur at vi kan gå beint til Gud utan Jesus til mellom-mann?

Syndsforlatinga er ikkje grunna på Guds kjærleik i seg sjølv, men på Guds kjærleik i Kristus.

Gud er ikkje ei søt, truskyldig bestemor, som tilgir oss syndene og tek oss i fang fordi han tykkjer synd om oss. Gud tilgir synda for Jesu skuld.

Utanfor Jesus Kristus er kvart menneske ansvarleg for sitt liv, men den som gir seg over til Kristus, han svarar Kristus for - så lenge ein er hjå han. Med alt det han har gjort og er for oss, står han framfor Gud og talar vår sak.

Vi kan aldri stiga fram for Gud på eige ansvar og i vårt eige namn, ikkje eingong vårt kristennamn. Alt som skal føra oss over grensa inn til Gud og gje oss syndsforlating, signing og hjelp frå himmelen, i stort og smått, det får vi berre i Jesu namn.

Vi har ingen veg til Gud utanfor dette namn.

Ein mann skulle for ei tid sidan byggja seg hus, men sjølv hadde han ikkje noko å byggja for. Han gjekk til banken og spurde om han kunne få låna. Jau, han skulle få låna dersom han fekk tre gode menn til å svara for seg. Denne mannen var så heldig at han hadde ein god ven som var rik. Ein dag tok han mot til seg og spurde venen om det var råd å få bruka namnet hans i banken. Den rike svara ja og sette sjølv namnet sitt på papiret, og med dette gjekk han i banken.

Det for ein smil over andletet til bankmannen, og han sa: Ja, du er heldig som har fått dette namnet å koma her med. Ja, men - sa han som skulle låna - eg har ikkje meir enn eitt namn endå, og du sa at eg måtte ha tre. Å,vi har nok med dette eine, var svaret. På dette namnet kan du få alt det du treng og meir til.

Det er nok mange i vår tid som forstår kva det vil seia å få namnet til ein rikmann å gå i banken med, når dei treng pengar. Men så mange, så mange forstår ikkje kva namn dei har fått å gå til Gud med, når dei er fattige og syndige og skuldige i samvitet. Då vågar dei seg ikkje fram til Gud, men står motlause og tvilande og ser ikkje anten råd eller redning

Om du visste at du eig Jesu-namnet, og at du med det kan stå frimodig fram for Gud, så ville du aldri vera bunden og innestengd, motlaus og håplaus. Da ville du sjå at då Gud gav oss Jesus, så gav han oss alle ting med han, at med det namnet har du nøkkelen til Guds grenselause rikdom, inn til ei dagleg full syndsforlating.

Som et skjød det navn deg være,
hvortil du i nød og strid
all din kummer kan frembære
og der hvile med tillit.
Når vi i det navn oss bøye,
beder Gud i ydmykhet,
da vår Fader i det høye
sender nådegaver ned.

Med dette namnet skal vi få møta komande dagar. Ingen veit kva dei ber med seg til oss - og godt er det - men det  veit vi, at så lenge vi får eiga Jesu-namnet og stiga fram for Gud med det, så lenge kan ingen ting skilja oss frå Guds kjærleik i Jesus Kristus, vår Herre og så lenge er himmelen i nåde åpen over oss.

Det andre som Jesus gir oss kunnskap om når det gjeld namnet hans, er dette at vi skal be til Gud som far i hans namn.

Har vi noko å be om, så skal vi gå beint til Faderen i hans namn. Han brukar endå til så sterke ord, når han talar om dette, at han seier :

Den dagen skal de be i mitt namn, og eg seier dykk ikkje at eg vil be Faderen for dykk; for Faderen sjølv elskar dykk fordi de har elska meg og trudd at eg har gått ut frå Gud. Joh. 16: 2 6-2 7.

De har ikkje utvalt meg, men eg har valt ut dykk, og sett dykk til å bera frukt — frukt som varer ved, så Faderen kan gi dykk alt det de ber om i mitt namn. Joh. 15:16.

Her har Jesus sagt oss beintfram at vi skal be til Faderen, og at vi skal gjera det i hans namn.

Har du høyrt nokon av dei mange som ber, og mest alltid ber til Jesus, men sjeldan eller aldri til Faderen i Jesu namn?

Vi har mange slike bedarar. Dei synest ikkje ha fått auga på Jesu klåre ord om kven vi skal be til.

På ein måte har det vel ikkje så mykje å seia for Gud kva namn vi nemner, når vi ber, anten det er Jesu namn, eller det er Guds fadernamn. Gud ser ikkje på orda, han ser på hjarta. Likevel tor det henda at dette å be berre til Jesus spring ut av eit skeivt syn både på Jesu frelsarverk og på Gud som var Fader i Kristus.

Det er stort, som det står i salmen, at vi kan "for tronen gå og sige: Fader, ditt barn du hjelpe må; o Gud, hvor lader det deilig der at stå!" Men dette "deilige" veit dei lite om som ikkje har funne fram til Guds faderhjarta med si bøn i Jesu namn.

O Jesu navn, o søte ord,
et paradis på denne jord,
en rose full av livsens kraft,
en drue full av himmelsaft.

Måtte vi alle finna og eiga denne rosa, som er full av livskraft, så skal denne krafta bera også oss inn i himmelen.

I dette namnet vil vi stiga inn i det nye året. I dette namnet vil vi tru syndsforlating, i dette namnet vil vi gjera vårt arbeid og be vår bøn, og i dette namnet vil vi gå gjennom døden og inn i herlegdomens evige rike.

Vi bær det med i sjel og sinn,
og det bær oss i himlen inn.


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Teksten er språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli.


 


Støtt foross.no
Ca leselengde
11 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Skrifthenvisning

  Lukas´ evangelium  2: 21

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
  Flere ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

   Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.