Publisert

Kvifor finn du ikkje fred?


Ca leselengde:
9 min

Kristi åpenbaringsdag
Tekstrekke 1
 
Lesetekster: Jes 60,1-6
 Ef 3,1-7
Prekentekst: Matt 2,1-12
Fortellingstekst: Matt 2,1-12
Poetisk tekst: Salme 72,10-14

Då dei såg stjerna vart dei umåteleg glade. Dei gjekk inn i huset og fekk sjå barnet og mora, Maria. Og dei fall på kne og tilbad det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra.  Men då dei vart varsla i ein draum at dei ikkje skulle venda attende til Herodes, drog dei ein annen veg heim til landet sitt. (Matt 2:11-12)

Ei stjerna var vegvisar for dei vise menn frå Austerland.

Til idag har ingen vitskapsmann funne vegen som denne stjerna fylgde. Heller ikkje har nokon funne sjølve stjerna som lyste vismennene inn i stallen, der dei møtte verdsens frelsar. Ein har vel også god grunn til å tvila på om dei nokon gong vil finna henne.

Dei menneske som kjenner denne fagre fortelling, vil alltid dela seg i to flokkar: dei som tvilar, og dei som trur.

Men kva skulle vera i vegen for at han som kan bu i ord, i eld og i skodda, at han også kan stiga inn i ei stjerna og gjennom stjerna føra spørjande og lengtande heidningar til Jesus? Han som gir lys til alle myriader av stjerner, kan ikkje han lysa gjennom stjerna? Og han som har staka opp vegen for alt som rører seg i verdsromet, kan ikkje han laga ein ny veg for ei ny stjerna? Eller kan han ikkje setja ein engel på himmelen til å lysa som ei stjerna? Dei som tvilar på dette, dei trur heller ikkje på ein allmektig Gud.

Ut fra dette ordet om vismennene fra Austerland lyser det imot oss ei stor trøyst. Trøysta er den at dei menneske som søkjer sanninga med ærleg sinn, kan Gud på underleg vis føra fram til lyset.

Eg kan ikkje løysa den gamle gåta, om ein ærleg heidning kan møta Frelsaren utan gjennom Guds ord. Så mykje er på den eine sida visst at Gud har ikkje synt oss nokon annan veg. Men på den andre sida er det likså visst at Gud har mange underlege vegar som han kan bruka, om han vil.

Korleis vismennene fekk vita gjenom stjerna at den store kongen var fødd i Jødeland, det får vi vel ikkje greie på før vi møtest med dei i det evige liv. Men vi veit at til heidningen Kornelius sende Gud ein engel, og til hoffmannen hos dronninga av Etiopia sende han Filip. Båe desse søkte fred, og Gud sende dei hjelp på uvanleg vis.

Kva skulle vera i vegen for at han kunne det, han som er allmektig?

Jau, han kunne, og han kan den dag i dag.

Også no er det mange som leitar etter sanning. Også no er det mange som leitar etter Jesus. Og ikkje så reint få finn han.

Men mange kjem aldri lenger enn til å leita etter Frelsaren. Dei finn han ikkje, endå dei kjenner Guds ord og vegen til frelsa fra dei var små.

Her tenkjer eg ikkje på den store mengda, som ikkje bryr seg om korkje Gud eller satan. Eg tenkjer på alle dei alvorlege, religiøse menneske som går i kyrkja og bedehus søndag og kvardag år etter år og aldri kjem lenger enn til å høyra om og spørja etter Frelsaren. Det er så sant som det står i salmen:

På jorden er en liten hjord
som haver for seg Herrens ord
uti den kristne kirke;
men deriblant der finnes skal
til denne dag et ringe tall
som Gud i sannhet dyrke.

Korleis har det seg at desse mange aldri finn fram? Ein eller annan stad må det vera ein brest i sjela. Der må vera eit hemmeleg rom som slike folk ikkje vil låsa opp anten for Gud eller menneske. Dei må ha eit delt sinn, ein uærleg hug. På det avgjerande punktet stansar dei. Når dei skal stiga over grensa, så smyg dei unna. Det er kanskje ei synd som dei ikkje vil sleppa, ein kamerat som held dei att, eit delt hjarta som seier nei.

Og så trur du at du skal få smyga deg innom døra i Guds rike med eit delt hjarta. Men det går ikkje.

Jesus Kristus, som er sanninga og livet, han kan frelsa frå all synd, men han kan ikkje bu i eit delt hjarta, eit hjarta som vil eiga både synda og Kristus.

Den som søkjer meg med heile hjarta sitt, han skal finna meg. Det ordet står fast.

Alle de som søkjer frelse utan å finna, vil de ikkje ein gong stilla dykk fram for Guds åsyn med heile dykkar liv utan andre tankar enn denne eine: finna frelsa, kva det måtte kosta?

Du, å du! Kor mange det er som går med eit stykke på vegen, men stansar opp når dei skal stiga over grensa. Då vert det for alvorleg, då vert det for mykje "pietisme" og "fanatisme", og så seier dei stopp. Når ein kjem så langt at ein må mista livet for å berga livet, då vil dei ikkje vera med.

Og så kjem dei aldri lenger.

Her går tusentals menneske og spør og spør og spør og sviv rundt i ring som ein bjørn i bur, som ser maten utanfor jernstengene, men ikkje kan få tak i han.

For dei fleste av desse endar det med at dei slår seg til ro i den store, tøyelege sekken som heiter "religiøsitet". Dei blir med i eit eller anna kristeleg eller kyrkjeleg arbeid og går jamt på møte og til gudstenesta. Det er som ein svalande salve på det blødande såret, ein voggesong for det urolege samvitet.

Og det verste av alt er at dei får medhald og trøyst frå mange preikestolar. Det står leigesveinar på meir enn ein preikestol og ropar ut til folket at desse som aldri kom over grensa, dei er gode kristne. Dei seier : fred! fred! - og der er ingen fred.

For ei straff alle desse falske trøystarane eingong vil få, når dei skal møta Gud og alle dei menneske som dei har ført vill!

Du som vil verta ein kristen: du må setja livet inn. Du må hiva alt anna til side for dette eine: Å riva Guds rike til deg. Sjølv det beste i livet må bort dersom det hindrar deg frå å vinna fram til Gud. Paulus seier: Det som var meg ei vinning, det har eg for Kristi skuld halde for tap. Han vann fram.

Det skal du også gjera.

Stjerna skal lysa deg fram til din Frelsar. Då kjem Guds ånd og tolkar Jesus for hjarta ditt, og du er frelst. Ingen kan seia korleis dette går til. Det er livsens store under: ein syndar fødd av Gud. Men for deg er det nok at du har funne han og er frelst.

Ordet idag syner oss ein lærdom til, som vi vil stansa ved.

Dei vise menn fekk av Gud vissa for at dei skulle ikkje fara same vegen heim att som dei kom. Drog dei same vegen heim att, så ville dei møta Herodes, som søkte å drepa Frelsaren, han som dei hadde funne.

Jesus var i fare då han vart fødd til verda. Og han er i fare kvar gong han vert fødd i eit syndarhjarta. Difor kan heller ikkje du og eg gå den same vegen som før om vi vil at Jesus skal leva i oss.

Vi må gå ein ny veg og søkja eit nytt selskap. Gjer vi ikkje det, så vil det vera vanskeleg, ja, reint uråd å eiga den frelsar vi har funne.

Mange har meint, og mange meiner den dag idag at dei kan nok vera kristne utan å gå ein ny veg, utan å gi opp det gamle laget, dei gamle kameratane. Og så er dei der også etter at dei har funne Frelsaren.

Og merkeleg nok: som Herodes ville at vismennene skulle koma til han etter at dei hadde funne Jesus, vil verdslege menneske også ofte no at vi skal koma og vera ihop med dei som før, når vi har vorte kristne.

Det kjem så dårande og ser så rett ut når dei ikkje vil sleppa oss. «De kunne kanskje vinna oss også», vert det sagt. «De vil vel ikkje gå ifra oss no, når de trur at de har vorte betre enn oss?»

Så let mange seg dåra, og så vart det ikkje klart skilje mellom kristendom og verdslegdom. Og så vart kristendomen hos desse menneske ei blanding av verdslegdom og kristendom. Til sist var det ikkje stort noko meir som var synd, fordi den Jesus som var fødd i hjerta, vart myrda. Eller rettare: du hadde mist din Frelsar, og dermed gudslivet.

Denne faren lurer særleg på oss kristne som lever no. Den strenge pietistiske tid, då mest alt var synd som høyrde denne verda til, den er no fordi. No held vi på å gå  for langt til den andre kanten.

Den kristne ungdomen skal vera ihop med den verdslege ungdomen, i lag og leik og det som verre er. I staden for frisinn vert det lettsinn, i staden for vakkert og sømeleg kledde ungdomar vert det pyntedokker, og i staden for kristendom vert det ei grå samrøring som ikkje høyrer heime nokon stad.

Om mi røyst kunne høyrast, så ville eg ropa ut til alle kristne og vara dykk for den vegen. Han er farleg, mykje farlegare enn mange trur. Eg veit han er farleg, fordi eg har prøvt han, og eg varar andre av eiga, dyr erfaring.

Det er betre å vera litt for mykje redd enn for lite redd.

Søk selskap med Gud i Bibelen og i bønerommet, og søk selskap med Guds folk. Den vegen er det du og eg skal draga. Gå så ut mellom dine medmenneske som ein kristen og lat ikkje dei draga deg til seg, men drag du dei til Gud.

På denne vegen får du kraft til å nå heimlandet fri og frelst.

Kom, søsken, la oss haste!
Vår livskveld kommer nær.
Vi alt vil fra oss kaste
som hindrer sjelen her.
Kom, la oss fatte mot
i Åndens kraft å vandre
til himlen med hverandre!
så blir vår utgang god.
(Sangboken nr 565)


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Teksten er språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli.

 

 


 


Støtt foross.no
Ca leselengde
9 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Skrifthenvisning

  Matteus evangelium  2: 11-12

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.