Publisert

To vegar til livet Luk 10:23-37


Ca leselengde:
8 min

22. søndag i treenighetstiden
Tekstrekke 3
 
Lesetekster: 3 Mos 19,1-2.16-18.33-34
 Jak 2,1-9
Prekentekst: Luk 10,25-37
Fortellingstekst: Luk 10,25-37
Poetisk tekst: Salme 1,1-3b.6

Så vende han seg i ser og sa: Sæle er dei augo som ser det de ser. v. 23

Då gjekk det fram ein som var kunnig i lova; han ville freista Jesus og sa: Meister, kva skal eg gjera så eg kan vinna eit evig liv?  v. 25.

Jesus stig fram og prisar sin Far fordi han har skjult  løyndomen i frelsa for dei 1ærde og kloke, men openberra det for dei ulærde og barnslege. I same stund vender han seg til læresveinane og seier : «Sæle dei augo som ser det de ser

Då kjem det fram ein klok og lærd mann og spør: «Meister, kva skal eg gjera så eg kan vinna eit æveleg liv?»

Denne lærde mannen kunne ikkje vera så barnsleg å tru at det var råd å få livet ved å sjå på Jesus. Det var altfor dumt og truskyldig for så klok og lærd ein kar. Folk med litt vit og sunn sans kan ikkje tru slikt. Men sei meg, meister, kva skal eg gjera, så eg kan vinna det evige livet?

På dette spørsmålet frå den lærde svarar Jesus med eit motspørsmål: Kva står skrive i lova? Korleis les du?

Når så mannen har sagt kva som står i lova, så  seier Jesus: Gjer det, så skal du leva.

Er ikkje det eit underleg svar?

Av dette svaret til den lovlærde og av det han før hadde sagt til læresveinane, får me vita at det er to vegar til livet. Den eine er å sjå Jesus, den andre er å halda lova.

Det er ikkje råd å mistyda orda, dei er k1åre og enkle. Det er heller ikkje sagt ironisk for å ha mannen til narr. Det er sagt fordi det er slik.

I lova er Guds vilje lagt inn så fast at kvart menneske som fullt ut er og gjer det lova seier, skal leva ved det. Den som i eitt og alt gjer det lova byr, har ved eiga makt arbeidd seg inn til Gud, og den som er det lova seier ein skal vera, han er fullkomen. Han er lik Gud utan å vera Gud, og har på den måten den rette naturen til å leva i all æva.

At eit menneske ikkje maktar å gå denne vegen inn til livet, er ikkje lova si skuld , det er vår skuld.

Lova er hellig, og bodet er hellig og rett og godt. Rom.7:12

For me veit at lova er åndeleg, men eg er kjøtleg, selt under synda. Rom. 7:14

Kva er det då lova krev av eit menneske? Kva er det me skal vera og gjera, så me kan vinna livet?

For det første må det vera sjølvsagt at alle som vil gå lovvegen inn til livet, må ikkje eiga noko av det som heiter synd, ikkje i ord eller gjerning, i tanke eller hug i livsens djupaste grunn. Om det berre ein einaste gong i heile vårt liv skulle stikka fram ein einaste vond tanke i hjartedjupet, så er all von sløkt om å nå inn til livet på denne vegen.

Men det er ikkje nok med det at me skal vera heilt igjennom fri for synd, me skal også elska. Heile vårt liv -  og vår inste livsgrunn – skal vera boren av den same kjærleik som er i Gud. Av heile hjarta, med all vår hug og alt vårt vit skal me elska Gud over alle ting  og var neste som oss sjølv. Den som ikkje orkar dette, han er forbanna.

Slik står det skrive. Det er lova.

At lovlærde, farisearar og mange andre både før og no mistyder lova og berre brukar ho til litt ytre politur, er ikkje anten Gud eller lova skuld i. Lova er like hellig og sann om så kvart menneske var ein hyklar.

Men Han som er heilag og rein og samstundes elskar, han såg at ingen makta å gå lovvegen inn til livet. Så sende han oss Sonen, som vart fødd av ei kvinne, fødd under lova, så han kunne kjøpa dei frie som var under lova, så me kunne få barneretten. Gal. 4:4-5.

Det som var umogleg for lova, fordi ho var maktlaus ved kjøtet, det gjorde Gud då han sende sin eigen son i syndig kjøts likning og for synda skuld og fordømde synda i kjøtet. Rom. 8:3

Difor kan Jesus seia at dei som ser han er sæle; for alle som tek imot han er ikkje under lova, men underden. Rom. 6:14

Såleis, mine brør, døde de og, frå lova ved Kristi lekam, fordi de skulle høyra til ein annan, det er han som er oppstaden frå dei døde, so me kan bera frukt for Gud. Rom. 7:4

Uskyldig Lam, som så for meg
Deg ville ofre hen,
Din kjærlighet har bundet deg
Å få oss løst igien.
Du led og slet vårt fengsels bånd
med naglet fot og hånd.
Du gikk som løve av din grav,
din død oss livet gav.
Sangboken nr.665 v.2

Sæle er dei augo som ser dette.

Mange profetar og kongar var ønskte å sjå det vi ser, og fekk ikkje sjå det, - og høyra det me høyrer, og fekk ikkje høyra det.

No kan me seia til oss sjølve og til andre:

Der er liv i å se på det Golgata kors,
ja, just nu er det liv og for deg!
Å synder, så kom da til ham og bli frelst.
Se på ham som tok straffen på seg!
Sangboken nr.144

Ved dette syn vert eit menneske født av Gud og får lova prenta i hjarta. Ved Kristus får me lova att, ikkje som bod, men som natur.

Den som elskar, er fødd av Gud.

Den som elskar, held lova.

Den kristen som i denne meining ikkje vil ha noko med lova d gjera, han har nekta sitt Gudsliv. Han vil ikkje vedkjenna seg at lova er prenta i hjarta.

Men kan ein kristen ha noko med lova å gjera, slik som ho står prenta i Bibelen eller i katekisma?

Kvar kristen som vil vera ærleg for Gud og sann mot seg sjølv, veit om mange tider i livet då alt floka seg i hop til ein uløysande hespel, til ein gråversdag og ei mørk natt. Gudslivet med den heilage viljen fekk ikkje alltid fri veg gjennom vår vrange natur. Er det ikkje då godt å ha ei bok å gå til og som seier oss med klare ord det som ligg og skrik og kjempar bortgøymt for oss sjølv inne i hjarta?

Er det ikkje dette ein kristen strir for: å elska Gud over alle ting, ikkje misbruka Guds namn, lyda far og mor, halda seg borte frå alt usant og uærleg, frå misunning og vonde lyster. Står ikkje dette skrive i hjarta, og står det ikkje skrive i lova?

Gjer me då lova om inkje med trua? Nei, langt ifrå, me stadfestar lova. Rom. 3:31

Så skulle lovkravet verta fullnøgt i oss som ikkje ferdast etter kjøtet, men etter Anden. Rom. 8:3

Er det ikkje nyttig også for ein ærleg mann at det står utanpå ei dør: Her må du ikkje  gå inn? Eller inne hos gullsmeden: Rør ikkje  det som ligg på disken. Om han aldri har tenkt å gjera det, så er det godt også for han å få ei åtvaring gjennom ord.

Me veit at lova er god, dersom nokon brukar henne på lovleg vis. 1.Tim.1:8

Når så Jesus tek opp spørsmålet om kven som er vår neste og set fram likninga om presten, levitten og samari­tanen, så gjer han ikkje det berre for å vise den lovlærde rette vegen. Heller ikkje er det sagt oss at Jesus er den gode samaritanen, men Jesus vil gjera det tydeleg: me skal gjera som samaritanen gjorde.

Det er du og eg, som er fødde av Gud, som ut frå vår nye natur skal hjelpa den slegne og halvdøde mannen ved vegkanten. Det er me som skal lyfta han opp på den berande frelsekrafta, så han kan koma inn i nådens hus og få «balsam frå Gilead» i sine sår.

Og så går misjonæren til heidningane for å lyfta såra og halvdøde menneske opp til Kristus. Han lyfter og lyfter eit heilt liv. Så går sjukesystera og mange andre frå hus til hus, frå sjel til sjel gjennom bøn og arbeid og lyfter fortapte menneske opp til Guds frelsande nåde.

Det ingen kunne driva fram ved lovbod, det gjer den kristne, fordi Kristi kjærleik tvingar han.

Tenk hvilken nåde det er av Gud,
At vi får være hans sendebud
Og til den døende verden gå,
kjærlighetssæden fra Gud å så!
Sangboken nr. 764

Du som fekk sjå Jesus og såleis fann vegen heim til Gud: Gå og hjelp dei som er såra til døden av synda. Hjelp dei til Kristus.

Det er difor du enno er her i verda.


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli


 


Støtt foross.no
Ca leselengde
8 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Skrifthenvisning

  Lukas´ evangelium  10: 23-37

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.