Publisert

3 fordelar og 2 grøfter med å tale seg gjennom eit skrift Bør vi forkynne gjennom bøkene i Bibelen frå første til siste kapittel?


Ca leselengde:
5 min

For tida talar eg meg gjennom Paulus sitt brev til Romarane i den forsamlinga eg tener. Foreløpig er eg komen til kapittel tolv, så no er det berre fem kapittel att. Ein kan spørje seg kvifor eg gjer dette. Når vi har gode tekstrekker i kyrkjeåret og det i tillegg finnes så mange aktuelle tema å adressere i forkynninga, kvifor då lande på å gå gjennom eit skrift? Eg vil gje tre gode grunnar for det, og to grøfter ein kan gå i.
Fordelar
1. Gud sitt eige ord set agenda

Når vi samlast til gudstenester og møter, samlast vi til fellesskap med trussøsken for å lytte til kva Gud har å seie oss. Ved å ta utgangspunkt i eit skrift og tale seg gjennom dette så får Gud sette dagsorden.

I våre kvardagar strevar vi alle med spørsmål, spørsmål som vi med rette stiller til Gud. Det er gode grunnar til å adressere desse spørsmåla i forkynninga, men nokre gonger kan det gjere at vi ikkje slepp Gud til med det han ville seie. Kanskje vert spørsmåla våre noko annleis når Gud får tale først? Kanskje får vi nokre nye spørsmål? Ved å tale seg gjennom skrifter i Bibelen får vi hjelp til å halde oss tett på det Gud sjølv ville seie oss.

Som forkynnarar treng vi òg hjelp for å ikkje berre ri eigne kjepphestar, men å forkynna heile Guds ord. Erfaringa mi er at det utviklar meg som formidlar når eg må handtere tekstar eg ikkje ville ha plukka ut sjølv.
2. Å lytte slik vi les, og å lære å lese
Bibelen er ei tilgjengeleg bok med struktur og orden. Når Paulus skriv til ei forsamling, har han ein tanke bak alt som vert sagt. Når vi får sjå heilheita i eit skrift forstår vi betre enkelheitene. Dette gjeld når vi les og når vi lyttar til forkynning. Det var etter å ha lese Kolosserbrevet fleire gonger etter kvarandre at det gjekk opp for meg at eg er frelst av nåde åleine, og at dette sjølvsagt skapte eit nytt liv i meg som eg skulle leva. Eg såg at Paulus skreiv begge deler. Når han sa begge deler i same skrift så er det ikkje anten eller. Det er både og.
Vi treng å få sunne lesevanar, og å lære oss å lære Guds ord i samanheng. Dette gjer oss tryggare i trua vår og hjelper oss til å ikkje havne i teologiske grøfter eller å plukke ut det vi likar og hoppe over det som ikkje passar oss så bra. Eg håpar at det vert lettare for oss i forsamlinga å lese Romarbrevet etter å ha fått samanhengande forkynning over det.
3. Dei krevjande tekstane
I dei fleste skrifta i Bibelen så finn vi tekstar som vi opplever som krevjande av ulike grunnar. Nokre er krevjande for tanken. Andre er på kollisjonskurs med den allmenne oppfatninga av ting. Nokre utfordrar livet og andre utfordrar Gudsbiletet vårt. Få kristne formidlarar plukkar fram desse når vi er bedt om å dele noko frå Guds ord. Dette er forståeleg, men det kan få alvorlege følger. Vi kan ende opp med ein gud i vårt bilete. Tilhøyrarane våre kan miste tillit til oss fordi vi berre legg fram det som er enkelt å seie. Når dei sjølv les Bibelen, raknar våre enkle løysningar. Sist, men ikkje minst: tilhøyrarane kan miste uvurderleg hjelp frå Guds ord.
Ved å tale seg gjennom eit skrift så vert vi satt fri frå å velje. Dette gjer at det ikkje vert unødig støytande når vi kjem inn på sårbare emne som tilhøyrarar strevar med. Vi tek det fram fordi det er hit vi er komne.
Grøfter
1. Smal likevel?
No har eg talt over Romarbrevet i eitt og eit halvt år. Og om det berre var eg som hadde talt så vil eg seie at forsamlinga ville blitt feilernært på ein så avgrensa del av Bibelen over så lang tid. No er det slik at det er mange som talar hos oss, og difor vert det variasjon i forkynninga. Om det ikkje hadde vore det, trur eg vi hadde mista breidda i Guds ord. På dette området har tekstrekker ein styrke.
2. Bibeltime eller preike?
Når du skal tale deg gjennom eit skrift, studerer du det i sin samanheng. Du les deg opp på innhald og bakgrunn, og eg trur at dette gjer at ein kan havna i bibeltimemodus. Om du talar deg gjennom eit skrift utanom hovudsamlinga til forsamlinga som bibeltimar er dette sjølvsagt ikkje eit problem. Det er likevel ein fare for at det vert «kunnskapsoverføring» i staden for forkynning.
Eg har den overbevisninga at som forkynnarar har vi i oppgåve å formidle kunnskap, anvende kunnskapen inn i livet, og ikkje minst å male frelsaren vår for augo til dei som lyttar. Dette meiner eg at eg har frå nettopp Guds ord. Om vi sviktar i dette, har vi ikkje forkynt.
Oppsummering
Det som gir oss næring til å leve etter Guds ord—som vi lærer—er å vite kven Jesus er og kva han har gjort for oss. Når vi talar oss gjennom eit skrift på denne måten må vi sørge for at vi får gjort dette. Det kan vere meir krevjande i nokre tekstar enn andre, men oppgåva står der likevel. Gleda er at heile Guds ord viser oss kven Jesus er og kva Guds vilje i vårt liv er, så får vi studere, be og prøve å formidle det vi finn til dei som høyrer.

 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
5 min
Ressurstype

  Aktuelt

Emne

  Forkynnelse

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Steffen Stensland.
  Steffen Stensland kommer fra Fogn i Ryfylke, men bor nå på nordvestlandet sammen med kone og barn. Han har mastergrad i teologi fra Fjellhaug internasjonale høgskole og jobber i en kombinert stilling hos Norsk luthersk misjonssamband. Han er pastor og fellesskapsutvikler i regionen.
   Ressurser av Steffen Stensland
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.