Publisert

Den sommaren vi vart dissidentar


Ca leselengde:
5 min

Denne sommaren har vi ikkje trengt finjustert seismikk for å lesa av at bedehus- og bibelfolks grunnleggande idear knytt til familie og samliv blir skaka i grunnen. Regnboge-ideologiens implisitte krav om å gjera aktivt knefall for visse idear om samliv og seksuell frigjering, utfordrar fridomstanken i samfunnet generelt, og det utfordrar mange kristne spesielt.

Så lenge Pride-toget har gått forbi utan å stoppa på kvar einaste stasjon, har kristne og andre tradisjonelt orienterte, berre kunna slå seg til tåls med tanken om at slik er det i eit fritt samfunn. «Det går så mange tog».

Men så skjedde det noko. Brått kravde kulturministeren vår orsaking frå ein mann som berre nølte litt før han gjekk om bord (Adresseavisen).

Konkurrerer vi om fridomen?

Tida er inne for konservative og tradisjonalistar av alle slag til å skifta frå hjartesukk-modus til genuin samfunnskritikk.

Kvifor er det ikkje lenger bra nok å heilhjarta vera for allmenne rettar for alle? Kvifor er det samstundes blitt viktig for skeive at alle i tillegg aktivt promoterer deira syn på familie, kjønn og seksualitet ved til dømes å gå i Pride-tog, flagga med eit anna flagg enn det vi har felles, eller gi facebook-profilen regnbogetema?

Det er interessant at mange no synest å meina at til dømes kristne med eit tradisjonelt syn på kjønn og familie, nærast skulle gjera eit innhogg i skeive sin fridom berre ved å ta vare på sitt syn. Konkurrerer vi om fridomen? Er han brått blitt ein sparsam ressurs og ein del av eit nullsum-spel? Aller helst skulle vi fått eit svar frå kulturministeren.

Norske kristne manglar trening

Kristne har til alle tider, heilt i tråd med det Bibelen på svært realistisk vis skisserer, levd med ulike grader av utanforskap, men etter mange år som majoritet, manglar norske kristne trening i å vera i opposisjon.

Amerikanaren Rod Dreher, ein profilert journalist, mangeårig spaltist, kulturskribent og forfattar, er ein mann det i denne samanhengen er vel verdt å låna øyra til. Han fortel historiene til mange aust-europeiske dissidentar i boka «Live not by Lies» som kom ut i fjor, og finn openberre parallellar mellom desse dissidentane og tradisjonelt orienterte kristne i møte med Woke-rørslene sine krav om aktiv tilslutning.

I sommar har særleg vi som har følgt EM-fotballen tett, fått mykje å tenkja på i så måte. Der ein lenge har favorisert ei mest mogleg apolitisk ramme rundt sportsarrangement, er det i norske studio i dag ei heilt anna haldning. Her er det blitt gjengs å markera Pride, og den som vågar å stilla spørsmål ved om politisering av idrett er ønskjeleg, blir fort stempla og mistenkeleggjort. Åge Hareide var tidlegare i sommar ein av dei som fekk merka det.

Den nye minoriteten

Pride-protest er faktisk ikkje viktig for kristne primært på grunn av homofilisyn. Pride-ideologien utfordrar den kristne tankegangen knytt til familie og seksualitet på langt breiare basis enn som så. Det er lett å tenkja at det er urimeleg å reagera på noko som berre dreier seg om rettane til den svært avgrensa minoriteten av homofile og andre skeive.

Faktum er at Pride-rørsla grunnleggande sett signaliserer eit verdisett som på mange punkt skil seg frå det tradisjonelt kristne. Eit heilhjarta ja til menneskerettane har vi likevel felles. Ettersom regnbogerøsla på rekordtid har vunne terreng og blitt ein majoritetsposisjon, treng dei som tilhøyrer den nye minoriteten å finna gode strategiar for å vera minoritet. Der meiner altså nemnde Rod Dreher at vi har mykje å læra av kristne som har levd under totalitære regime.

Det kan naturlegvis høyrast drastisk ut, ja endå svært fjernt frå vårt egalitære og konsensusbaserte sosialdemokrati, men som sagt: noko har nettopp endra seg drastisk. I sommar merka vi det. Det er ikkje nok å støtta menneskerettar for alle. Det er ikkje nok å seia: «folk må få leva som dei ønskjer, og vera frie til å ta sine val.»

Måtte stå skulerett

Det er faktisk heller ikkje nok å forsikra om at ein elskar Pride og støttar rørsla hundre prosent. Åge Hareide-dømet viser oss dette, for Hareide var jo så absolutt ikkje nokon Pride-kritikar. Alt han ville, var å spissformulera for å få i gang ein viktig samtale om politisering av idretten. Han måtte stå skulerett for ei heilt legitim ytring.

Dømet Hareide viser oss Pride-rørsla sitt nye krav: at du ukritisk og aktivt bør ta del i regnbogerørsla for å vera ein akseptabel innbyggar. Det er i møte med slike krav at vi for det frie samfunnets skuld må håpa på gode dissidentar som set fridom over markeringsrett og identitetspolitikk.

Prøv rolla som dissident

Rolla som dissident både i og utanfor kyrkja synest svært utakknemleg, særleg med tanke på kva som møtte ein jovial og populær fotballtrenar som Hareide. Likevel bør tradisjonelt orienterte kristne våga å prøva ut rolla som dissident. Det er gode grunnar til å vera svært håpefull, ja gleda seg over ei slik rolle.

Motivert av behovet for å verna eiga tru og integritet, kan kristne tena det frie samfunnet gjennom å insistera på retten for den einskilde til å ta vare på sine idear om det gode livet og om kva som er ein verdifull måte å leva på. Det er fint at det går fleire tog. Men då kan jo ikkje alle vera på det same.


Først publisert i Vårt Land.


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
5 min
Ressurstype

  Aktuelt

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Sofie Braut.
  Sofie er 40 år, gift med Håvard og har tre barn. Hun har en variert bakgrunn fra kirke- og bedehusliv. Nå arbeider hun som lektor på Tryggheim videregående skole, og er blant annet utdannet med hovedfag i engelsk litteratur fra Universitetet i Bergen. Sofie har i mange år også frilanset som bokmelder og skribent.
   Ressurser av Sofie Braut
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.