Det siste året har vore sterkt prega av flyktningkrise og terrorfrykt. Alle nyhendemedia har vore prega av dette, og vi får det tett inn på oss gjennom direktesendingar og nærbilete på tv. Dette er på ingen måte nytt globalt sett, men så lenge vi har det på armlengdes avstand, skimtar vi det berre i augnekroken og det gjer lite inntrykk. Slik sett kan vi ha godt av å ha fått det tett innpå oss i vårt eige land og i Europa generelt. For dei menneska som vert ramma, og kristent sett, er jo situasjonen den same kor det skjer, og uavhengig av våre opplevingar og reaksjonar.
Dei fire grunnsøylene – skapinga, syndefallet, forsoninga og den kristne vona
Det store spørsmålet er korleis vi skal tenkja om dette ut frå ei kristen røyndomsforståing, og korleis vi skal handla etisk rett. Kva lærer Bibelen oss om dette? Slår vi opp i ei bibelordbok eller søkjer i ein databibel, finn vi ikkje noko på flyktningkrise eller terrorfrykt. Vi må altså leita etter overordna tankemodellar for å koma til rette med den aktuelle situasjonen. I kristen tenking inngår alltid fire grunnsøyler: skapinga, syndefallet, forsoninga og den kristne vona. Det er dei pilarane vi også må basera vår tenking og handling i møte med flyktningar og terror på, og då vil det vera nokre skriftavsnitt som aktualiserer dette på ein spesiell måte – til utfordring og til trøyst.
Skapinga lærer oss at tilværet har sitt opphav i Gud. Alt er skapt ved og til Kristus, og det står ved lag ved han. Ved Noah-pakta har dessutan Gud gjeve særskilde lovnader til jorda, ikkje berre til Guds folk. Gud vil gjennom alt ta seg av skapningen sin. Til det har han sett regnbogen til teikn, og denne omgjev Guds trone. Når Gud skal sjå til skaparverket og all skapningen, må han gjera det via den lovnaden som regnbogen vitnar om. Det gjev grunn til trøyst. Gud har kontrollen, og han handlar ut frå sin gode vilje i Kristus.
Då Gud hadde skapt universet, konkluderte han med at alt var overlag godt. Skapinga lærer oss med det kva som er rett og godt, og det forpliktar oss til å kjempa for det gode som låg i skapinga. Det er særleg ein kamp for mennesket skapt i Gud bilete, og ein kamp for å forvalta skaparverket i samsvar med skaparordningane.
Ved syndefallet vart det totalt gode brote, og vondskap og liding kom inn på jorda – med døden og fortapinga som den ytterste vondskapen. Som vi skal kjempa for det god i samsvar med skapinga, skal vi kjemp mot vondskapen og lidinga ut frå syndefallet med alle dets konsekvensar. Dette skal skje på alle livsområde, med frelse som hovudmål. Terror og flyktningkrise er ikkje i samsvar med slik jorda var frå starten, men er konsekvensar av synda – og difor skal vi motverka dette så sterkt vi berre kan.
Ved Jesu forsoningsverk har Gud skapt von om ei ny jord der rettferd og herlegdom råder, der syndefallets konsekvensar er bort og der vi er tilbake til den overlag gode og harmoniske situasjonen ved skapinga. Dette skal ikkje føra til at vi ikkje bryr oss om situasjonen på jorda no, eller at vi i lys av syndefallet resignerer og satsar alt på at alt ein dag skal ordna seg av seg sjølv ved Jesu atterkome.
Det at Gud har ofra alt for å gjera opp med synda og synda sine konsekvensar, og skapt von om eit evig herlegdomsrike, skal vera vår kraft og frimod til å gjera også denne jorda til ein så god stad som mogleg. Gud vil ikkje vondskapen og lidinga, det har han vist både ved skapinga og på Golgata. Då skal heller ikkje vi slå oss til ro med vondskap og liding. Med tanke på flyktningkrisa skal vi læra av det Guds seier til Israel, om at dei skal ta seg godt av innflyttarar, sidan dei sjølve har vore det i Egypt. Med tanke på krig og terror, skal vi handla i lys av at Jesus seier at den som skaper fred, er sæl.
Den skjulte Gud
Når vi får flyktningkrise og terror tett inn på oss, og vi samstundes får glimt av det same frå heile verda, kan det verka som heile jordkloda er ute av kontroll, og at vondskapen har teke heilt overhand. Det kan skapa angst og uro. Då får vi hugsa at Gud ikkje har abdisert. Han sit på truna enno, og han styrer historia og utviklinga mot det målet han har sett for skapinga og frelsa – ein ny himmel og ei ny jord. Gud har openberra seg, si frelse, sine planar og sin vilje for oss i Bibelen så langt vi treng det. Samstundes har ikkje Gud openberra alt eller alle detaljar i sin styringsmåte for oss, og difor forstå vi ikkje alltid hans handlemåte her og no.
I denne samanhegen snakkar vi om den skjulte Gud, altså at han ikkje gjer alt kjent for oss. Då er poenget at slik vi lærer den openberra Gud å kjenna i Bibelen, slik er også den skjulte Gud. I openberringa lærer vi å kjenna Gud som den heilage, kjærlege, rettferdige, allvise, allmektige og vi kunne lagt til mykje meir. I denne samanhengen løfter vi fram at Gud er kjærleg og allmektig, og ut frå det styrer han. Det kan vi ha tillit til også når vi ikkje forstår det.
Dette lærer vi gjennom heile Bibelen, men det er særleg to bøker som viser oss det – Daniels bok og Johannes openberring. Desse to (trøyste)bøkene heng tett saman, og dei viser på ein særleg måte at Gud er kongars Konge og historia sin Herre. Alt og alle er lagt under Guds makt og styring, slik at alt til sist må tena til at Jesus kjem att og opprettar sitt evige herlegdomsrike.