Publisert

Flyktningkrise og terrorfrykt – del 2


Ca leselengde:
5 min

Når vi fylgjer med på tv om det som skjer rundt om på jorda, er det som vi må seia med Sigbjørn Obstfelder: «Jeg er visst kommet på en feil klode! Her er så underlig …» Det er som vi nesten kunne tru at heile tilværet har kome ut av kontroll. I så fall måtte Gud ha abdisert, men det veit vi at han ikkje har. Han ber namnet «Eg er». Guds evig allmakt går att gjennom heile Bibelen, men ikkje minst i Daniels bok får vi eit glimt av Gud som historia sin Herre og kongars Konge. Dette er ei historiebok for Israel, men det er samstundes ei lærebok for oss om Guds makt, styring og kontroll.

Har Gud mista kontrollen?

I Daniels bok møter vi jødefolket i ein uhyre dramatisk situasjon. Det kunne synast som at alle Guds lovnader var gått ut på dato, og at alt var tapt. Det var dei store verdsrika med sine kongar som syntes å ha overteke makta, og at Gud hadde mist kontrollen. Slik kunne det til tider også sjå ut i Daniel og vennene sin livssituasjon. Måten Gud greip inn på overfor Daniel og vennene, viser at Gud likevel hadde kontrollen, og at han handla til deira berging og beste.

Måten Gud handla med Nebukadnesar og dei andre kongane på, viser også korleis Gud har kontrollen. Dei framtidssynene som ligg i Daniels bok, viser det same. Historia har oppfylt det profetiske ord langt på veg, og skal gjera det også med det som som står att.

I starten av boka les vi at «Herren gav» Juda-kongen Jojakim og nokre av kara i Guds hus i den heidenske kongen Nebukadnesar si hand. Det var altså ikkje berre slik at den kaldeiske kongen erobra Juda og førte folket til Babylon. Det var Gud som stod bak det heile, det var han som «gav». Som Gud brukt ein heidensk konge til å straff jødefolket, brukt han også ein heidensk konge til å føra dei heimatt. Det heiter at Gud «vekte» slike tankar i hugen åt persarkongen Kyros, at han tok initiativ til at jødefolket kunne få fara tilbake til Jerusalem for å byggja opp templet.

I høve til Israel brukt altså Gud heidenske styresmakter for å fremja sin vilje og styra historia. Det same gjer han i dag. Gud har ikkje endra seg. Midt i alt som skjer rundt om i verda, inkludert det som den seinare tida har kome tett inn på oss, har Gud kontrollen og styrer historia mot sitt endelege målet. For oss ser det ut som at det er verdslege styresmakter som styrer, altså kongar i bibelsk språkbruk, men det er i siste instans konganes Konge som har styringa.

I Guds hand

I dei synene og draumane som vi møter i Daniels bok, er poenget kva som skal skje med verdsrika då og i den næraste framtida, samstundes som det gjeld endetida. Dette vert gjort klart fleire gonger, og i den samanhengen heiter det at Gud «lét tider og stunder skifta», og at han «set kongar av og set kongar inn». Det er altså ikkje berre det amerikanske folket som bestemmer kven som skal vera president i USA, eller Putin som bestemmer kor lenge han skal sitja med med makta i Russland. Heller ikkje her på berget er vi heilt sjølvstendige slik sett!

Ut frå dette perspektivet er ikkje alt av krig, terror, flyktningstraumar og naturkatastrofer uavhengig av Gud. Sjølv om all vondskap kjem frå syndefallet, og sjølv om Satan står bak det heile, har Gud teke det i si hand, slik at han har hand om det og alt må til siste samverka med hans plan for historia fram mot målet, som er ved Jesus atterkome til dom og frelse.

Når vi les Daniels bok, ser vi at det ikkje berre er i det store historieløpet Gud har styringa og kontrollen, men også i den einskilde sitt liv. Han styrer Nebukadnesar, som han tek seg av Daniel og venene hans. Han har med det hand om også den einskilde si livshistorie, på eit eller anna forunderleg vis. Nebukadnesar vart både sett inn i kongsmakta, teken ut av denne og sett innatt etter som han føreheldt seg til Gud, og etter som Gud ville bruka han.

I styringa av historia og av det babylonske verdsrike brukte Gud Daniel som sin tenar. Ut frå det sytte Gud for at Daniel fekk opplæring ved kongens bord, som var den høgst universitetsutdanninga då, og han gav Daniel innpass hjå kongen, slik at Daniel fekk mykje makt. Ved at Daniel stod kompromisslaust inn for Herrens ansikt, fekk han stor innverknad på livet i det heidenske babylonske verdsriket. Ein mann kan altså bety mykje positivt, når ein held seg til Herrens ord og vilje.

Samstundes fekk både Daniel og venene hans oppleva Guds undergjerning inn i livet, ved at Gud berga dei frå døden i løvehola og eldomnen. Det er ikkje berre uttrykk for ei søt søndagsskulehistorie, men for at Gud i alt har kontrollen. Han har hand om sine til det ytterste. Av desse lærer vi den rette gudsfrykta, å overlata seg til Herren – same kva konsekvensane av det måtte vera, i vissa om at vi då er i den allmektige sine hender. Dei hendene er i den ny pakts tid naglemerka.


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
5 min
Ressurstype

  Aktuelt

Emne

  Guds allmakt

Skrifthenvisning

  Profeten Daniel  1 - 12

Serie

  Flyktningkrise og terrorfrykt – del 1

  Flyktningkrise og terrorfrykt – del 2 (vises nå)

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Johannes Kleppa.
  Johannes er gift med Oddlaug og har en datter. Han er skribent, bibelskolelærer og forkynner. Tidligere har han vært redaktør i den kristne dagsavisen Dagen.
   Ressurser av Johannes Kleppa
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.