Publisert

Fridomsbrillene Bibelens budskap i møte med det typisk norske


Ca leselengde:
6 min

Eg er ein brillebrukar.

For litt over ti år sidan kom eg til den konklusjonen at eg måtte skaffa meg eit par briller for å få med meg kva som skjer rundt meg. Og briller er ei fantastisk oppfinning. Gjennom brillene kan eg sjå omverda klart og tydeleg. Eg ser og forstår verda gjennom dei brillene eg har på meg. Desse brillene kan eg ta av meg om eg ynskjer det. Dei er eit valfritt tilbehør til Ingvald som eg treng, men som eg samtidig bestemmer heilt fritt om eg vil ha på eller av.

Men eg har også eit anna par briller som har grodd fastare inn i hovudet mitt. Det er eit par briller som eg har vakse opp med og som har vorte forma gjennom livet. Det er mine kulturelle briller. Og glasa i desse brillene er kulturen som eg er ein del av og som preger korleis eg forholder meg til kvardagslivet.

Norsk kristendom

Som kristen er det viktig å vera merksam på at eg er ein kristen nordmann. Det vil seia at når eg trur på Jesus så har Gud tatt bustad i ein nordmann som bevisst og ubevisst ber med seg sin norske kultur. Folk,  også kristenfolk, er prega av det samfunnet og den byen dei høyrer til. Denne finn me også eksempel på i Bibelen. Du kan for eksempel lesa i Johannes Åpenbaring 2-3 om sju forsamlingar i dagens Tyrkia. Desse forsamlingane bar med seg eit avtrykk av den byen dei budde i. Og dette avtrykket var i mange av tilfella ikkje eit positivt avtrykk.

Det er viktig at den kristne kyrkja har eit reflektert forhold til sin eigen kulturelle samanheng. Det er ingen «kristen kultur» der alt kulturen er prega av er noko som vert framelska i kristen etikk. Den kristne trua er derimot i sitt vesen motkulturell. I einkvar kultur vil den kristne bodskapen komma med korrektiv til delar av den lokale kulturen eller til konsekvenser av den lokale kulturen. Så kva med den norske kulturen? Kva er det i vår kultur som treng verta konfrontert?

Med dette spørsmålet i bakhovudet har eg opplevd det som fascinerande å fylgja med på Harald Eia sin nye programserie, «Sånn er Norge». Den fyrste av episoden av denne serien handla om kva som kan seiast å vera typisk norske verdiar. Den verdien som framfor alt skil nordmenn frå innbyggjarar i andre land er verdien av å vera uavhengig eller fri. Det å verna om enkeltmennesket sin fridom ligg djupt i den norske folkesjela. Dette er interessant! Og mitt spørsmål vert då: Ut frå ein kristen tilnærming til tilværet, gjev dette kristne i Noreg nokon særskilde utfordringar? Er det slik at vår innarbeida fridomstanke også kan prega vår tilnærming til den kristne trua? Kan me grunna våre inngrodde fridomsbriller gløyma eller oversjå delar av Bibelens budskap?

Fridom til Kristus

Min påstand er at fridomsidealet kan prega vårt forhold både til Kristus og til hans kropp, Kyrkja. For å byrja med forholdet til Kristus så er Bibelen veldig tydeleg på at i Kristus har dei som trur på han vorte frigjort. Til fridom har Kristus frigjort oss! (Gal 5:1). Jesus har kjøpt menneskeslekta fri frå si fortjente syndestraff ved å sjølv ta på seg straffa for menneskeslekta sine synder (Gal 3:13-14). Derfor er den som trur på Jesus fri til å vera Guds barn. Men kan denne fridomen misforståast? Om me oppfattar den kristne fridomen som eit synonym til å vera uavhengig, så kan dette føra til at me  misforstår den kristne fridomen utan å tenkja over det.

Fridomen i Kristus er ikkje ein fridom til å vera uavhengig. Tvert i mot er fridomen i Kristus ein fridom til Kristus. Det er ikkje uavhengighet, men avhengighet av Kristus. Eller som Dietrich Bonhoeffer skildrar det i «Creation and Fall»:

Fridom er ikkje noko eit menneske har for seg sjølv, men for den andre. Det å vera fri er «å-vera-fri-for-den-andre», fordi eg er bunden til den andre. Det er berre ved å vera i relasjon til den andre eg er fri.[1]

Konsekvensen av dette er at den kristne fridomen er å vera bunden til Kristus. Han er Herre, og hans ord er også dei orda som bind meg.

Fridom til den andre

At kristen fridom er å vera fri for den andre har også konsekvenser for korleis eg bør tenkja om Kristi kropp, Kyrkja. Når sjølvstendeidealet medvite eller umedvite får prega kristenlivet fører dette også til at ein kan byrja å tenkja at kristenlivet berre handlar om Kristus og meg. Det vert utelukkande ein individuell sak. Men Bibelen skildrer oss som trur på Jesus som Kristi kropp. Det å vera ein del av denne kroppen er dermed å vera ein del av eit forpliktande, relasjonelt fellesskap der Kristus er hovudet.  Det er ikkje sololøp.

I denne samanhengen har eg gjort meg ein tanke: Er det ikkje ein tendens i norsk kristenliv til at det er ein låg grad av forplikting? Eit døme kan vera at det vert «arrangert» møter som eg «går på». Denne ordbruken kan vera eit symptom på ein sjølvstendig shoppingtilnærming til kristenlivet der dei møtene eg «går på» avhenger av om eg set pris på talaren eller musikkuttrykket som vert tilbudt. Ein slik tilnærming til det kristne fellesskapet plasserer meg i sentrum, i staden for Kristus og min neste. Og på dette punktet har Bibelen noko å seia til oss.

Normalen bør vera at kristenlivet vert levd ut i eit fellesskap. Det er ikkje utan grunn at Hebrearbrevet åtvarer mot å halda seg borte frå Kristi forsamling når den kjem saman. I staden formanar brevet oss til å setja mot i kvarandre (Heb 10:25). Så kan det vera ulike forhold som gjer det vanskeleg å regelmessig vera ein del av eit gudstenestefellesskap, men desse unntaka kan ikkje undergrava hovudregelen.

Kristenlivet vert levd ut der eg er fri-til-å-tilhøyra-Kristus og der eg er fri-til-å-tilhøyra-min-neste. Og dette skjer i ei kristen forsamling der eg er forplikta overfor dei andre med-lemmane på Kristi kropp, og dei andre med-lemmane også er forplikta overfor meg. Til den frigjorte norske folkesjela er dette eit viktig korrektiv. Eit sjølvstendig liv er ikkje noko å trakta etter. Det som i sanning er den gode fridomen er å vera knytt til Kristus og til Kristi folk. Det er til denne fridomen mennesket vart skapt. Det er til denne fridomen mennesket vert frelst ved trua på Jesus.


[1]Bonhoeffer, Dietrich. Creation and Fall (Minneapolis: Fortress Press, 1997), 63


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
6 min
Ressurstype

  Aktuelt

Skrifthenvisning

  Galaterbrevet  5: 1

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ingvald André Kårbø.
  Ingvald André Kårbø kommer fra Øygarden utenfor Bergen. Han er gift med Camilla og arbeider som radio- og TV-pastor i P7 Kristen Riksradio.
   Ressurser av Ingvald André Kårbø
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.