Publisert

Gud i ei narcissistisk tid Korleis forholde seg til "det moderne menneske"?


Ca leselengde:
15 min

Folk er seg sjølve like, pleier vi å seie. Meininga er å uttrykkje at grunnleggande behov, spørsmål og problem går igjen til alle tider og i alle kulturar. Samstundes er det slik at alle folk og kulturane dei høyrer til alltid er i endring. Men det folk er opptekne av får ulike uttrykk etter som tida endrar seg.

Før den andre verdskrigen meinte mange psykologar og teologar at dei store spørsmåla i Vesten var knytt til skuldkjensle. Protestantiske kyrkjer utleier viktige deler av teologien sin frå ei tid då hovudspørsmålet var ”Korleis kan eg finne nåde hos Gud?” Til og med Sigmund Freud, som sjølv var prega av kristen arv, vigde store deler av sin produksjon til spørsmålet om skuld – særleg den undertrykte skuldkjensla som fører til angst og nevroser.

Etter den andre verdskrigen skimtar ein ei endring på dette. Før denne dramatiske hendinga i Vestens historie hadde det terapistanes lenestolar sete folk som rett nok måtte ha hjelp i ulike psykiske kriser, men som likevel hadde ein relativt stabil kjerne i sin personlegdom. Dei var godt orienterte i tilværet og kunne definere seg sjølve, visste vel kva som var rett og gale og kvar dei sjølve var på veg.

Men etter krigen begynte eit nytt symptombilete å vise seg. Dei som søkte psykologhjelp var meir og meir plaga av å kjenne seg tome, framande i verda og utan meining med livet. I staden for skuld gav dei meir uttrykk for ei diffus, men gnagande kjensle av skam. Noko var gale; det var vanskeleg å setje fingeren på, men det fekk dei til å kjenne skam. Då var dei eksistensielle spørsmåla ikkje lenger knytta til å finne ut av si skuldkjensle, men slike som ”Kven er eg?” ”Kvar høyrer eg til?” ”Er eg god nok slik som eg er?”

Idéhistorikarar og sosiologar prøver ofte å forklåre denne utviklinga med dei endringane i samfunnet som kjenneteiknar etterkrigstida. I takt med at samfunnet endrar seg og den einskildes plass i heilskapen blir mindre tydeleg, er det blitt vanskelegare å finne ein naturleg kvilestad i livet. Det har gitt opphav til nye psykososiale mønster blant folk i store deler av Amerika og Europa. På 70-talet var prosessen komen så langt at leiande sosiologar sette etiketten ”narcissistisk” [1] på den vestlege kulturen etter den andre verdskrigen.

Det narcissistiske mennesket

Kva eigenskapar er det då som gøymer seg bak denne diagnosen? I følgje psykologiske handbøker er narcissisten ein person med desse kjenneteikna: han er storslått, manglar empati og er altfor kjenslevàr for omverdas tankar om han.  Han har ofte eit splitta eller utrygt oppvekstmiljø som bakgrunn; han fekk ikkje den stadfestande tilbakemeldinga som skulle til for at han skulle utvikle seg til eit trygt individ. Han overdriv både som sjølvoppteken og egoistisk.

Lyfter vi blikket frå dei tunge tilstandane som er omtala i handbøkene og ser på generelle trekk ved nåtidsmennesket, vil ein seie fylgjande.

Etter den andre verdskrigen har mange i Vesten vakse opp under ustabile ytre tilhøve. Den gradvise oppløysinga av familieliv og bornas aukande tid i barnehage – for ikkje å tale om nacissistiske foreldre – har til saman gjort mykje for å rote til oppvekstmiljøet. I samfunnet som heilskap, til dømes på bondebygda, er det blitt vanskelegare å sjå seg sjølv som ein del av den store samanhangen. Mange nåtidsmenneske ser seg heller som fragment i eit utrygt tilvære der ingen ting er stabilt.

Det narcissistiske mennesket er ofte eit individ som er blitt forma av denne manglande stabiliteten i nærmiljøet. Når levekåra stadig er i endring, blir også personen sjølv ustabil. Han har fått ein svak kjerne i sin personlegdom, og lever med konstant konflikt retta mot sin eigen  identitet. Den manglande tryggleiken må derfor bli kompensert med input utanfrå, og bevisst eller ubevisst går han på jakt etter merksemd, oppmuntring og stadfesting frå dei som er rundt omkring. Det innvendige tomromet må fyllast opp.

Narcissistens hunger etter stadfesting fører i sin tur til at han blir eit offer for dei som er rundt omkring. Etter som det er så viktig for han å passe inn, blir han overdreve vàr for trendar og prøver heile tida å leve opp til dei ideala som er mest populære i hans nærmiljø. Slik, tenkjer han, skal han gjere seg fortent til den verdien som han inst inne er sterkt i tvil om at han verkeleg har.

Skamma – narcissistens eksistensielle smerte

Ikkje ein gong den mest perfekte mellom oss maktar å leve opp til dei ideala eller krava vi blir møtte med. Er du ein narcissist, blir resultatet av slik å kome til kort ei konstant gnagande kjensle av skam.

Skuld heng saman med kva eit menneske gjer, medan ein kan seie at skam handlar om korleis eit menneske trur at det er. Lewis B Smedes skriv i boka Skam, skuld och befrielse:

Kjensla av skam gjeld vårt personlege eg – ikkje noko gale vi har gjort eller sagt, men det vi er. Skamma seier at vi er verdlause. Heilt og fullt.[2]

Det er vanskeleg å argumentere med den skamfulle om skamma hans fordi han er heilt lamma av den. Meir eller mindre umedvite lever narcissisten derfor i ein konstant kamp for å unngå situasjonar som medfører skamkjensle. Same kor mykje han kavar, er han inneslutta av skammas strupetak og det oppstår ein av to reaksjonar: nekte for si skamkjensle eller forsvare den.

Når narcissisten ikkje lukkast i å leve opp til dei ideala han sjølv eller folk omkring har lagt på han, ligg det nær for han å ta avstand frå skamma si. Som psykologen Bo Sigrell skriv:

Har ein gjort ei handling som gav skuldkjensle, kan ein prøve å gjere det godt igjen. Skamma derimot blir opplevd som umogleg å reparere. Ein opplever det som om heile eins personlegdom er grunnleggande feilslått. [---] Den einaste utvegen er å bli borte, forsvinne til ingen stad.[3]

Det andre typiske reaktionsmønsteret, forsvaret, ser ut til å vere heilt annleis enn det første, men er likevel i slekt med det å fornekte si skamkjensle. Dersom det verste som kan hende meg er at idealbiletet av meg sjølv blir knust, ligg det nær å forsvare mine feilsteg i staden for å vedgå dei. Narcissisten er ekspert på å røme frå eige ansvar. Om hans orsakingar ikkje blir godtatt av andre, er det ikkje uvanleg at han blir aggressiv i sitt forsvar.

Forstå i staden for å tilgi

Mot denne bakgrunnen er det ikkje så underleg at det narcissistiske mennesket har problem med snakk om synd og skuld. Sjelesyrgjaren og psykoterapeuten Göran Bergstrand skriv:

Det å bli pressa til å vedgå om seg sjølv at ein er skuldig, er [for narcissisten] å få sitt sitt verde redusert. Å be om eller ta imot tilgjeving er å gjere seg sjølv underlegen og avhengig av den som tilgir.[4]

Narcissisten vil ikkje ha tilgjeving. I staden vil han bli forstått. Når alt kjem til alt, ligg alle feil utanfor han sjølv, meiner han. Rett nok lukkast han ikkje alltid med å leve slik han bør, men framfor alt er han å sjå på som eit offer – og eit offer kan ein då ikkje påstå har skuld!? For narcissisten blir tilgjeving for synder ”eit uforståeleg svar på eit spørsmål han ikkje stiller. Dessutan: om eg gjer så godt eg kan må han [Gud] vel bere over med resten. Gud er då god! Er det ikkje ’yrket hans’ å tilgje? (Voltaire)”[5]

Ein konsekvens av dette – og det kan nok i røynda sjåast på som både årsak og verknad – er at det kristne syndsomgrepet på radikalt vis er blitt omdefinert i narcissismens tidsalder. I staden for å tale om synd som menneskas grunnleggande opprør mot Gud – deira vantru og uvilje mot å innrette seg etter Suds vilje – ser det narcissistiske mennesket på det mislukka strevet etter å leve opp til eigne og andres (Guds?) ideal.

Dette igjen har som konsekvens at synda blir flytta til ein stad ”utanfor” menneska. Dei får ein ytre målestokk å teste seg på, og treng aldri sjå innover i eiga sjel. Slik blir det sjølvsagt at ein aldri må konfronterast med problemet den djupe skulda – det som evangeliet skulle vere løysinga på.

Det narcissistiske mennesket og Gud

Men detta tyder ikkje at det narcissistiske mennesket skulle vere mindre religiøst. Ikkje i det heile! Men den Gud han vender seg til er på avgjerande måte annleis enn den Gud vi møter i Bibelen. Reint allment kan vi seie at synet på Gud som allmektig og opphøgd, den Heilage som ”alle kne skal bøye seg for [...] i himmelen, på jorda og under jorda”[6] ligg langt frå narcissistens førestellingsunivers. Det første bodet i dekalogen – ”Du skal ikkje ha andre gudar enn meg”[7] – blir heller oppfatta som noko ”umotivert, urettferdig og urimeleg” (Fredrik Brosché).

Om Gud verkeleg fins, er han derfor frå ein narcissist sitt perspektiv anten Ærendssveinen eller den store Terapeuten. Sjelesyrgjaren Anders Olivius skriv:

Det blir forventa at Gud skal oppfylle ynskje av alle slag. Som ei stor og gåvmild mor skal han gi gode gåver utan grenser. Og kvifor skulle han gi til andre men ikkje til meg?[8]

Teologen Agne Nordlander fyller ut:

Når det narcissistiske mennesket blir religiøst, blir det drege mot bøn, meditasjon och åndeleg liv. Han ser det som heilt opplagt at han har rett til å vende seg til Gud direkte utan mellominstansar som ein forsonar, nådemiddel, prest eller kyrkje. Han krev rask merksemd, andlet til andlet. Han aksepterer ingen formaliteter eller uttrykk for respekt når han står framfor Gud.[9]

Konsekvensen av dette blir at Gud aldri fullt ut får vere Gud i narcissistens liv. Så lenge Gud ”oppfører seg” og uppfyller menneskas ynskje og krav får han vere god nok. Men det kan aldri bli tale om å godta djupare motstand frå Gud mot eigne vurderingar. Så snart Gud blir umogleg å handtere kjenner narcissisten seg nemleg utrygg, og det var nettopp det han ville unngå når han vende seg til Gud: han ville oppnå tryggleik og fylle sitt indre tomrom. Som foreldre som alltid er til stades, skal Gud syrgje for at narcissisten ikkje kjenner seg utrygg i ei uroleg verd.

Narcissistens sjanse til å bli fri

Korleis kan då narcissisten kome gjennom dei låste dørene i sitt indre og bli fri? Korleis kan han bli kvitt si redsle for Gud Slik Han Faktisk Er, slik at han ikkje berre dyrkar sin eigen projeksjon av Gud som Ærendssveinen eller Terapeuten? Korleis kan han oppdage den reparasjonen som i tradisjonell teologi blir omtala med termer som synd og nåde, lov og evangelium, personleg ansvar og den Guds dom som seier ”du er frikjend”?

I samtale eller forkynning trur eg vi kan gjere oss bruk av tankar i det klassiske ”preikeskjemaet” som Fredrik Brosché lyfter fram i sin artikkel ”Syndernas förlåtelse åt allt Sveriges folk”. Brosché peikar her på kor viktig det er at forkynnaren tek utgangspunkt i skapinga: Gud har skapt oss alle, han elskar oss, og ved å ha skapt oss og sendt Jesus Kristus har han vist kor uendeleg gåvmild han er mot oss. Ein skapning som er utsett for så stor omsorg frå Guds side kan heilt enkelt ikkje vere utan verde! Derfor, meiner Brosché, kan ein med dette som utgangspunkt leie også ein narcissist fram til den erkjenninga at han står i eit gjeldstilhøve til Skaparen sin.

Den same erfaringa skin gjennom i mange av dei råd som sjelesyrgjarar og terapeuter med erfaring frå dette emnet deler med seg. Litt forenkla kan ein seie at narcissistens panikk for å ikkje strekkje til må bli møtt med bodskapen ”du er god nok slik som du er”. Først når det har gått inn hos tilhøyraren, er det grunnlag for å prøve å klargjere kva som trass alt står i opposisjon mot Guds vilje i livet hans.

Eg for min del er blitt overtydd om kor viktig det er at vi i kyrkja kan demonstrere at eit samfunn fyllt av kjærleik fins. Stadfestinga som narcissisten så desperat er på jakt etter, kan aldri bli formidla berre med ord; den må òg få konkret uttrykk gjennom ekte omsorg. Berre i eit slikt lækjande miljø kan dei låste dørene i det indre av mange nåtidsmenneske ha ein sjanse til å kunne låsast opp.

Göran Bergstrand, som har skrive fleire artiklar om dette, ser nærare på den sterke kjensla av einsemd som er eit resultat av narcissistens sjølvsenterering. Han knyter seg til D W Winnicotts definisjon av einsemd som at ”ingen tek imot mine gåver”. Han seier at lækjinga for det narcissistiske mennesket kjem i gang når han opplever att folk omkring kan stadfeste han med positiv tilbakemelding og ta imot dei gåvene han har å tilby.

Overført til kristen samanheng inneber dette at narcissistens veg inn i forsamlinga ofte går gjennom den typen fellesskap som blir tilboden til dømes i alfagrupper eller små grupper i heimane. Det inneber òg at eit såkalla ”gåvebasert” arbeid, der medlemanes personlege utrustning, evner og nådegåver, ligg til grunn for korleis kyrkja legg opp verksemda si, har framtida for seg.

Men dette må ikkje få vere sluttpunktet i kyrkjas arbeid med å møte nåtidsmennesket. Narcissisten treng òg – om det enn kan kjennast vondt – å få hjelp til å møte den Gud som er uendeleg mykje større enn han sjølv, og som han står i personleg skuld til gjennom si synd.

På mange måtar handlar dette om å lære å sjå på seg sjølv som eit ansvarleg subjekt. Fordi narcissisten kjenner seg utrygg er det vanskeleg for han å bli konfrontert med si eiga skuld. Men når han blir tatt inn i eit fellesskap der han får identiteten sin styrka og stadfest, blir det sakte men sikkert mogleg for han å ta ansvaret for livet sitt. Som Göran Bergstrand skriv:

Skulda kjem når ein har oppdaga sitt verde. Det er bruk for ein. Ein har gåver å gi andre som kan vere til stor glede for dei.[10]

Ein sunn måte å innrette seg på

Dersom vi som kyrkje vil sette spor etter oss i ein narcissistisk kultur, har vi ikkje noko anna val enn å tilpasse verksemd og forkynning til måten menneska omkring oss faktisk fungerer. I klartekst: Når spørsmålet som gneg i folkesjela er ”er eg god nok?”, er det meiningslaust for kyrkja å ta utgangspunkt i dei spørsmåla som prega Sverige under vekkingane (med syndenaud) på 1800-talet.

Men det er like viktig at vi ikkje gifter oss med tidsånda og let den narcissistiska kulturen definere dei omgrep og sanningar vi forvaltar som kyrkje. I narcissismens tidsalder blir ofte synd det same som å mislukkast, nåde det same som stadfesting og Gud ein projeksjon av mine eigne kjensler. Om vi kjem tidsånda i møte på desse punkta får vi sikkert og visst mange sympatisørar. Men svært få vil få hjelp til å leve det livet i fridom som Jesus har vunne for oss ved å døy og stå opp igjen!


For ein lenger artikkel om det narcissistiske mennesket og hans møte med den kristne bodskapen om frelse, sjå Olof Edsingers artikkel på www.sea.nu.

 

 

[1] Se särskilt Christoffer Laschs bok Den narcissistiska kulturen från 1979.

[2] Lewis B Smedes, Skam, skuld och befrielse (Libris 1993), s 17.

[3] Bo Sigrell, Narcissism: Ett psykodynamiskt perspektiv (Natur och Kultur, första pocketutgåvan 1999), s 164f.

[4] Göran Bergstrand, ”Skulden har många namn”, Tidsskrift for sjelesorg 1/97, s 7.

[5] Fredrik Brosché, ”Syndernas förlåtelse åt allt Sveriges folk” i Tro åt svenska folket (Pro Caritate 1987), s 36f.

[6] Fil 2:10.

[7] 2 Mos 20:3.

[8] Anders Olivius, Att möta människor: En grundbok i själavård, Stockholm: Verbum förlag, tredje helt omarbetade upplagan 1996, s 183.

[9] Agne Nordlander, ”Jesus Kristus och honom korsfäst” i Med smak av nåd: Festskrift till Agne Nordlander, Örebro: Libris 2000, s 234.

[10] Göran Bergstrand, ”Skulden har många namn” i Med livet som redskap: sex själavårdare berättar (Libris 1998), s 95.


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
15 min
Ressurstype

  Aktuelt

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Olof Edsinger.
  Olof Edsinger er svensk teolog og forfatter. Han bor i Storvreta utenfor Uppsala sammen med sin frue og deres tre barn. I ni år arbeidet han som generalsekretær for Salt- barn og unge i EFS. Nå er han generalsekretær for Svenska Evangeliska Alliansen og lederutviklingskonsulent i NLM ung.
   Ressurser av Olof Edsinger
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.