Krig har fylgt menneskeslekta
Det gjekk ikkje lang tid etter syndefallet før vi fekk det første drapet, og sidan har drap fylgt menneskeslekta. Det gjekk noko lengre tid før vi høyrer om krig, men noko av det mange reagerer på når dei les Det Gamle Testamentet, er all den grusomme krigen. Alle folk krigar. I Israel si historie les vi om Herrens krigar, eller det vi kalla heilag krig. Det var fram til Israel hadde innteke lovnadslandet etter utløysinga frå Egypt. Seinare fører også Israel krig, men då er det i sitt eige namn.
Krig har fylgt menneskehistoria, og Bibelen seier krig og rykte om krig er noko som vil prega tida før Jesu atterkome. Krig er med andre ord ein konsekvens av syndefallet, og noko som vil prega syndefallets jord til alle tider – i større eller mindre grad. For landet vårt tenkjer vi i første rekkje på andre verdskrigen når vi snakkar om krig, men den tidlegare historia har mange krigar– mot Sverige, England og andre, men aldri mot Russland.
Krig skaper frykt, og erfaringa av krig ber i seg liding og katastrofer, men også for heltemodig dåd. Vi tenkjer gjerne at det er meir eller mindre usiviliserte samfunn som fører krig, og som prøver å løysa problem på denne måten, men slik er det slett ikkje. Det var ei kulturmakt som Tyskland som starta dei to siste verdskrigane, og det var eit opplyst land som Russland som gjekk til krig mot Ukraina. Ofte er krig uttrykk for aggresjon, erobrarvilje og maktkamp, men det utløyser også forsvarskrig og sjølvforsvar.
Rettferdig krig
Sjølv om krig er resultatet av syndefallet, og livet på den nye jorda vil vera i fullkomen fred, er ikkje all krig eller militærteneste i strid med kristen etikk. Då Gud gav ordre til Israel om å gå til krig, opptrådte ikkje Gud uetisk eller gav ordre til synd, sjølv om israelsfolket i sjølve krigføringa kunne gjera feil. Rett nok kan vi ikkje samanlikna seinare krigføring med Herrens krigar i GT, men vi må tenkja om desse krigane at dei var i samsvar med Guds heilage og rettferdige vesen og vilje. I kristen etikk talar vi om «rettferdig krig», ikkje om «Herrens krig», når vi skal grunngjev etisk forsvarleg krig og forsvarleg krigføring. Dette er i praksis forsvarskrig.
Når vi talar om rettferdig krig, seier vi ikkje at krigen er uproblematisk eller at alt som skjer kan forsvarast, men vi snakkar om ein bestemt type krig. Skal krig definerast som rettferdig krig og med det forsvarast etisk, er det nokre gunnleggande premiss som må oppfyllast. Dei viktigaste er at krigen må vera erklært av rett styresmakt, at den må ha rett intensjon eller motiv og at den må førast på rett måte eller proporsjonalt mellom verkemiddel og det ein skal oppnå. Alle tre desse premissa må vera oppfylte for at krigen skal kunna definerast som rettferdig.
Krigen i Ukraina
Om vi aktualiserer dette på krigen mellom Russland og Ukraina, ser vi at Russland fører urettferdig krig, medan Ukraina kjempar ein rettferdig krig. Sjølv om Putin har fullmakt frå dumaen, slik at det kan seiast at det er rett russisk styresmakt som går til krig, er altså ikkje det nok. Det er heller ikkje nok om ein legg til grunn at krigen frå russisk side kanskje kan seiast å verta ført på rett vis, ved at dei går etter militære mål, ikkje sivile. Ei anna sak er at sivile uansett vil lida i ein krig.
Russland har ikkje rett intensjon eller føremål med krigen, ved at dei set i gang ein angrepskrig på eit fritt og sjølvstendig land som ikkje trugar dei på noko vis, same kva dei vil oppnå ved krigen. Dei handlar i strid med det som er Ukraina sine interesser og rettar, og dei vil utvida eiga maktsfære. Då er krigen urettferdig med tanke på Russland sin handlemåte eller intensjon og motiv.
Ukraina fører derimot rettferdig krig, fordi det er rett styresmakt som har sett i gang ein forsvarskrig mot ei angripande makt, landet har rett intensjon eller føremål ved at dei vil verja sitt sjølvstende og sitt folk og dei fører krig med rett proporsjonalitet ved at dei forsvarer seg i samsvar med slik dei vert angripne. Også forsvarskrig fører drap og liding med seg, men det gjer ikkje krigen urettferdig. Det er kort og godt ein del av krigens vesen, også når han står i det gode si teneste.
Etisk sett er det altså grunn til å støtta Ukraina i deira krigføring – ja, det er etisk sett faktisk ei plikt. Tilsvarande er det etisk rett og plikt å fordømma Russlands krigføring. Der det er etisk rett å støtta, må det også vera ei etisk plikt å hjelpa, og der det er etisk rett å fordømma, må det også vera ei etisk plikt å motarbeida. Korleis dette skal skje reint praktisk, er eit politisk spørsmål, og det er styresmakta – inkludert vår eiga styresmakt – som må finna ut korleis det kan gjerast best, og så handla i samsvar med det.
Krigsfrykt
Midt i krigens uhygge og frykt, er det to avgjerande moment med tanke på tryggleik og framtidsvon. Det eine er at Gud er historia sin Herre, og han er kongars Konge. Gud har ikkje overlete jorda – og i det aktuelle tilfellet Europa – til dei sitjande statsoverhovuda. Om Putin har stor makt, er han ikkje allmektig. Det er berre Gud, og han styre historia mot eit bestemt mål. Han har kontrollen.
Det andre er Jesu lovnad med tanke på at han skulle forlata denne jord: «Fred etterlet eg dykk. Min fred gjev eg dykk.» (Joh 14:27) Jesus presiserer at denne freden ikkje er av denne verda, men at det nett er Jesu fred som gjer at vi ikkje treng frykta. Det dreier seg om ein fred i hjarto, som er uavhengig av fred eller ufred i samfunnet. Det er ein fred som gjeld no, men som også peikar framover mot ein evig fred, ei ny jord utan krig og liding. Det er vår von og vår trøyst.
Denne teksten ble først publisert i mars 2022