Kvinner som løftar blikket

I ei tid som vår, er det ei gåve å høyra til i eit kristent miljø med rom også for å kunna feira kjønnsforskjellar. Kvinner er skapte som kvinner; til ei unik rolle i samfunnet, i historia. Som den eine av to menneske som vart skapte for til saman å spegla av noko av Guds vesen på jord, er dette ei nøkkelrolle. Ho er verdt å feira og finpussa, verdt å utforska og uttrykka med dei mange nyansane ei slik rolle innbyr til.

Ut frå ei kristen tenking er vi primært komplementære, og ikkje konkurranseinnstilte vis a vis menn. Det er her skoen trykkjer, særleg i vesten og særleg frå siste halvdelen av 1800-talet.

To grøfter

Mange spørsmål står i kø når ein opnar som dette. Må eg som kristen droppa feminisme og likestilling? Står kvinnefrigjeringa som ein motsats til bibelsk tru? Dessutan, er det ikkje ekstremt arrogant av meg som skribent, lærar og temmeleg likestilt å snakka kritisk om feminisme?

Mange vil hevda at eit kritisk søkelys på kvinnekampen dei siste 150 åra er ein luksus ein kan unna seg når ein nyt godt av alt det generasjonar av kjempande, til dels rasande, kvinner har oppnådd. Eg er audmjuk for at dette er eit moment som bør med, og ein viktig ettertanke. På same tid har vi kanskje noko ukritisk latt feminismen få diktera ein litt avgrensande måte å tenkja om kvinner og menn på.

For det første har den ideologiske feminismen i altfor stor grad fått mange kvinner til nettopp å tenkja at det må vera eit enten-eller. Anten så forblir vi dørmatter in «the man’s world», eller så må vi sloss, legga av det såkalla feminine, og kreva å bli lik menn på flest mogleg punkt.

Denne dikotomien, eller «to-grøfts-tenkinga», er eit produkt av ein stadig meir uttalt filosofi som ser historia og samfunnet som ein pågåande kamp mellom ulike grupper med motstridande interesser. Skal du få noko, må du kjempa for det. Dersom ikkje du sikrar deg din rett, er det snart nokon annan som har overtaket. Samfunnet vert framstilt som ein kamparena, der kvinner er ei av gruppene som skal og må definera sine interesser og med ei slik gruppe- og kamptenking vert det gjerne til at eit fiendebilete av mannen kjem med på kjøpet.

Det er ein måte å tenkja på som er lite raus, lite utviklande og som i altfor lita grad reknar med tillit og takknemlegheit som verkeleg byggeklossar i alle menneskelege relasjonar, både i større samanhengar og i dei nære ting. Dermed er det eit stort rom for å kunna konfrontera både den ideologiske feminismen, men også diverse meir ubevisste utslag og tenkemåtar som me berre har tatt med utan at me heilt er klar over kva det gjer med oss.

Vi treng slett ikkje føla det som om vi «sviktar» kvinner ved å tenkja litt utanfor boksen i spørsmål som dette. Dersom eit feministisk verdsbilete deler verda inn i vener og fiendar så enkelt, er det i alle fall verdt å sjå etter andre alternativ.

Rollemodellen Rut

Bibelens verdsbilete baserer seg ikkje på ein slik konkurranseprega mentalitet, og når ein byrjar å sjå på dei historiene som er fortalde om kvinner i Bibelen, slår det meg kor mange vakre og ulike kvinner som vert modellerte for oss her.

Dei gir oss for det første ikkje ei stereotypisk idealkvinne som vi heile tida skal kava for å nå opp til. Bibelens kvinner er først og fremst, som heile det bibelske persongalleriet, framstilt svært menneskeleg. Her er kvinner som både har respekt for tradisjonar og varetek si eiga rolle, men likevel er både tøffe og målbevisste. Dei går, som menneske flest, på ein smell eller to. Dei er mangesidige, og samansette — og Gud kan bruka dei.

Eit godt døme er Bibelens Rut. Ho vert ein rollemodell for oss alle der ho vågar seg ut i ukjent land, nett i det livet hennar verkar å falla i grus. Ho er tøff, men ikkje tøffare enn at ho treng å lena seg både på svigermors gode råd (!), og landet og slekta sine tradisjonar. Det treng ikkje alltid handla om opprør, individualisme og sjølvrealisering for å skapa seg eit handlerom. Dei fire korte kapitla om Rut peikar på ein heilt annan veg. Rut sin framtidige mann Boas ordnar alt ut frå dei gjeldande tradisjonane. Med våre moderne briller kan det verka passivt og innta ei slik tilskodarrolle. Men våre moderne briller er dessverre litt for ofte «raske briller». I ei modernisert utgåve hadde kanskje Rut og Boas stukke av frå både svigermor og tradisjonar. Hadde dei blitt lykkelege av det?

Korleis les vi?

Pass på korleis de høyrer, sa Jesus ein gong, og eg trur det er ei bra påminning for heile bibellesinga vår. Den som tolkar Rut og kvinner opp gjennom historia i hovudsak som passive tilskodarar eller eit offer for eit «patriarkalsk» system, er medansvarlege for å definera mannsrolla som den vesentlege, og er sjølve med på å spela kvinna si særeigne rolle ut på sidelinja. Visst lener Rut seg på andre, og visst viser ho respekt for den orden ho er ein del av, men verkar ho ufri? Poenget er ikkje å underslå at det finst system som har halde kvinner nede, men å seia at det finst andre måtar å lesa av historia enn heile tida å sjå kvinner som offer.

Takknemlegheit og tillit

Er det noko vår tid treng, så er det kvinner som løftar blikket frå den hypnotiske stirringa på kven som får mest og har det best. Sterke krefter i samtida legg opp til at vi skal vera misfornøgde og at vi aldri har det så godt som vi fortener. Dette er krefter som kan binda oss djupt, og vi treng hjelp, både frå Gud og medvandrarar for å stå imot.

Å velja å sleppa til krafta i takknemlegheit og å visa andre (både menn og kvinner) tillit utan at vi tenkjer det går ut over eigen posisjon, er ein god måte å gjera eit lite opprør mot den snevre ideologien som alltid må tolka alt som ein maktkamp og stadige interessemotsetnader mellom grupper. Her får vi hjelp frå Bibelens komplementære samarbeidsmodell.

Vi er skapte til fellesskap. I det fellesskapet har vi kvinner ei nøkkelrolle, som bør utforskast heilt på eigne premiss. Det er trist når feminismen får oss til å sjå vår eiga rolle som ein serie med «lost opportunities» fordi vi ikkje er menn. Det kombinerer ei usunn overvurdering av mannsrolla med ein type misnøye vi rett og slett ikkje treng.

Den djupe sanninga i det kvinnene seier til Noomi, Ruts svigermor, mot slutten av Ruts bok dreier seg om både om å vera ei unik kvinne, og å vera fri nok til å lena seg på trygge rammer og finna sin plass mellom andre: «For svigerdotter di [Rut], som held slik av deg, har fødd denne sonen. Ho er meir for deg enn sju søner.»

Likte du artikkelen?

Relaterte innlegg

annonse

logo

Han som ikke visste av synd, har han gjort til synd for oss, for at vi i ham skulle få Guds rettferdighet. (2 Kor 5,21)

Vipps: 70979

Kontonummer: 1503 82 08168

Organisasjonsnummer: 917 742 065

Epost: post@foross.no

Nettstedet er utviklet av Marius Sørenes. Logo og grafisk profil er utformet av Creo-x AS.