Publisert

Salmesong i Kina Song- og salmehistorie frå verdas mest folkerike land


Ca leselengde:
12 min

Gode salmediktarar har alltid ‘spela på lag med’ den stadeigne kulturen i språk og uttrykksmåtar. Slik har folk fått hjelp til å syngje frå hjartet. Og om melodi og musikk reflekterte noko av det folkelege, vart effekten dobbel. Dette ser vi no i Kina.

Døme frå vårt land: Kulturnære Blixsalmar

For vel 100 år sidan fekk Elias Blix eit sterkt og varig nedslag i norsk kyrkje- og kulturliv. Salmene hans slo igjennom både i kyrkjer, skolestover og bedehus. Mange hugsar frå barneskolen morgonsalmen «Syng i stille morgonstunder». I min grendeskole song vi også første verset av «No soli bakom blåe fjell sitt ljose andlet gøymer» når skoledagen var slutt. Og kvar 17. mai blir framleis Blix sin fedrelandssalme nytta i nasjonale medier og i mange lokalsamfunn.

Kvifor fekk Blix eit slikt gjennomslag?

Fordi han var ein dyktig poet og sette varme ord på tru og vedkjenning? Ja. Men meir må seiast: Han brukte nynorsk og fann ein biletbruk og eit ordval folk kjende frå oppvekstmiljøet sitt.

Gode salmediktarar har alltid ‘spela på lag med’ den stadeigne kulturen i språk og uttrykksmåtar. Slik har folk fått hjelp til å syngje frå hjartet. Og om melodi og musikk reflekterte noko av det folkelege, vart effekten dobbel.

Vestleg salmesong i Kina

Eit studium i kinesisk salmesoge er spennande nettopp frå denne synsvinkelen. Kina har ei mangfaldig misjonshistorie frå tidlege hundreår og fram mot vår eiga tid. Vestlege misjonærar, både frå katolsk og protestantisk hald, var naturleg nok prega av sin heimlege kultur – ikkje minst når det galdt songen. Dei omsette kjende hymner til kinesisk, og melodiane fylgde ofte med. Truande kinesarar lærte dei, vart ofte glad i dei og song dei gjerne.

 Døme på nye impulsar: Knut Samset og pastor John E. Su

Etter kvart våga kinesarar seg frampå som salmeskaldar. Dei kunne også lansere melodiar med kinesisk preg. I det mangfald av arbeid med salmebøker som gjekk føre seg i Kina i første halvdelen av førre hundreåret, vil eg nemne to viktige aktørar.

Misjonær Knut Samset frå ‘Kinamisjonen’ var plogspiss for ei luthersk salmebok som etter kvart vart nytta i mange forsamlingar, især der Kinamisjonen hadde arbeid. Første utgåva kom i 1921.

I 1937 var han på veg med manus til den utvida utgåva da han vart teken av ‘Folkets frigjeringshær’ og døydde som deira fange.[1] Men ein kladd låg att på kontoret hans, så boka kom ut same året. Samset hadde sans både for å prege kinesarane sin trusliv med solid evangelisk teologi og for å ‘finne’ hjarta deira og gi salmane ei språkleg form og melodiar som kjendest hjartenære for kinesarane. Han omsette norske salmar til kinesisk og makta å gje dei ei språkdrakt som kinesarane likte. Men han sleppte også til kinesiske salmeskaparar og kinesiske melodiar.

Den kinesiske forkynnaren John E. Su er den andre eg vil nemne. Han hadde sør-kinesisk musikk ‘i blodet’, og laga musikk med kinesisk preg til bibelord. Han presenterte dette på sine mange reiser som predikant. Han besøkte heile 19 kinesiske provinsar med songane sine i dei turbulente tidene på 1940-talet. Han var ein typisk vekkjingskristen, utdana ved North China Theological Seminary. Han vekte sansen for å bruke kinesisk musikk i trusopplæring og tilbeding hjå mange, også hjå studentar ved ulike Bible Institutes.

Mange kinesarar lærte ei rekkje bibelord utaboks ved songana hans. Han hadde ei sterk tru på Guds inspirerte ord. Prinsippet hans var at all liturgi, ja, alt stoff meint for tilbeding, skulle vere forankra i Bibelen’.[2]

The Chinese New Hymnal

Under og etter kulturrevolusjonen (frå 1970-talet av) har den kristne kyrkja i Kina hatt ein uventa sterk vekst. Ein kan undrast over dette, for den berande ideologien i kinesisk politikk ønskte ikkje å fremje religionen. Frå rundt 1980 organiserte dei kristne seg dels i kyrkjer som staten aksepterte (dei såkalla Tre sjølv-kyrkjene), dels i huskyrkjer som ikkje var godkjende av staten. Vekkinga førte med seg ein sterk vekst med stort mangfald. Landet er kjempestort, og dei ulike kyrkjene med vestlege røter hadde ulik teologisk profil og ulike tradisjonar.

Men salmesongen kunne ikkje stilne, og eg vil halde fram to sentrale bidrag frå dei siste førti åra.

The Chinese New Hymnal vart ferdigstilt til bruk i Tre-sjølv-kyrkjene i 1983. Ho blir nytta av millionar kyrkje-gjengarar – sjølv om også andre bøker er i bruk.[3]

Arbeidet med denne boka tok til da kyrkja i Kina kom inn i den ‘the postdenominational period’. Vestlege misjonærer fekk ikkje vere i landet, og det kristne konfesjonelle mangfaldet skulle samlast under to paraplyar, katolsk og protestantisk. The Chinese New Hymnal er eit salmesongens svar på denne utfordringa – for protestantisk kristendom sin del.

Boka er ingen lettvektar. Klare prinsipp låg til grunn for redaksjonen. Ein skulle ta omsyn til ulike kyrkjelege tradisjonar i ulike delar av landet. Ein skulle prøve å finne samlande tekstar både når det galdt tema, teologi og uttrykksmåtar. Kjende salmar frå den verdsvide kyrkja og frå kyrkjesoga i den vestlege verda høyrde med. Heile 400 salmar og i tillegg 40 enkle refreng/viser vart tekne inn.

Og her kjem eit poeng som minner om Blix: Av dei 400 salmane er 102 skrivne av – eller sterkt prega av – kinesiske kristne kunstnarar. I teologien talar vi om ‘stadeigne’ kyrkjelege tradisjonar. Jamvel om mange kristne sto i eit spent tilhøve til kinesisk offisiell politikk, hadde dei kjærleiken til fedrelandet djupt i ryggmargen. Kinesisk kultur, språkføring og folkemusikk berre måtte kome til uttrykk i salmesongen deira.

I Tre-sjølv-kyrkjene har det skjedd som ofte også har skjedd i den vetslege verda: At salmesongen ikkje berre fekk uttrykke det den syngjande kyrkjelyden trudde. Salmane har skapt og grunnfesta mykje sunn teologi i hjarta til nye kristne. Om forkynninga kan ha vore varierande, har salmesongen vore ei berebjelke. Manga salmar blir lærte utaboks og formar tru og tankar om dei store spørsmål i livet.

Xiao Min

Framleis er det nok i mangfaldet av huskyrkjer at frimodet er størst til å stå opp mot statens krav på ideologisk lojalitet. Men når det gjeld kjærleiken til fedrelandet, har Tre-sjølv-kyrkjene og huskyrkjene mykje felles. Salmesongen er faktisk eit døme på dette.

Og da må vi starte i året 1990 – med ei ung bondejente i provinsen Henan. Namnet er Lü Xiao Min.[4] Sjukdom hadde hindra henne frå å fullføre ‘ungdomsskolen’. Ho grubla mykje som ung. Den offisielle ateismen hadde vekt mange spørsmål. Med opne auge og øyre registrerte ho skaparverket, og djupt inni seg kjende ho: ‘Det må finnast ein Gud.’

Ho vart beden med til ei huskyrkje og opplevde noko: ’Den Gud eg søkjer, han er her!’

Ho visste det ville koste. Ho ville møte motstand i familien. Men den kjærleiken ho møtte i huskyrkja, og den Guds-kjærleiken ho møtte i forkynninga om Jesus, overvelda henne.

Canaan Hymns og kulturnær poesi

Ho kom til tru – og begynte straks å nynne på formuleringar frå Bibelen. Gamle kinesiske folkemelodiar på femtone-skalaen var alt gått henne i ryggmargen. No kledde bibelversa seg i tonar som samsvarte med den kinesiske folkemusikken. Metaforar fra naturen vevde seg inn i tekstane – slik det hadde skjedd i kinesisk poesi gjennom hundreåra.

Xiao Mins songar kom frå eit oppriktig hjarte og rørte ved andres hjarte. Ho vart ‘oppdaga’. Etter kvart fekk ho ein kassettspelar å syngje inn nye tekstar og melodiar på. Songane byrja å ‘erobre’ kristne vener i huskyrkjene. Dei fekk vengjer å fly på. Xiao Min sine songar vart samla i ei bok som stadig vart utvida: Canaan Hymns. Kristne i tusental vitnar om kva desse songane har betydd. Igjen og igjen seier dei (lisksom Xiao Min sjølv) at Guds Ande er den som har gitt kinesarane desse songane.

I fengsel

Lü Xiao Min vart ein oppsøkjande kristen, ein evangelist. Songene hjelpte henne, til dømes i eit fengselsopphald på 90-talet. Fangar reagerte med undrande spørsmål, og fleire kom til tru. Songane frå fengselstida er ikkje domssongar over det ho møtte av brutalitet og motstand. Dei speglar ei tru på ein Gud som møter oss i Bibelen, og som naturen i all sin prakt også vitnar om. Guds godleik, hans nærvær og nåden i Kristus som berande grunntone.

Livsens elv, fylt av glede,
flyt så stille gjennom hjartet.
Eg vil syngje jubelsongar,
eg vil syngje himmelsongar,
triste skyer, tunge av sorg,
dei er alle borte.

Korsteologi

Mange av songane hennar er prega av det ein gjennom kyrkjesoga kallar korsteologi. Især gjeld dette tekstar om og til dei som går frimodig ut som evangelistar ‘over fjella’. Dei smaker noko av same lidinga som Jesus gjennomlevde.

Storm og vind på korsets veg –
lidinga er kjend for meg.
Men min Gud med handa si
har for alltid gripe mi.
Eg ser ingen grunn for meg
til å svikte korsets veg.

På korset vann Jesus over distansen mellom seg sjølv og oss. La alle munnar lovprise hans kjærleik. Det ligg ei oppmoding i fleire songar. Kjære med-evangelistar: Klatre over fjella, bank på dørene, lat det være takken for nåden.

Ein varm undertone – fylt av erfaring – pregar songane. Xiao Min skapar songane sine medan ho er for Guds andlet i bøn og takk – ofte over ein open bibel. Det gir dei poesien hennar ein slik varme.

Velkomen dit der Guds kjærleik rår.
Velkomen her til familien vår.

Brudemystikk

I den gamle kinesiske litteraturen er relasjonar svært viktige. For Xiao Min er Gud ein person som nettopp søkjer samfunn med den einskilde. Vi finn i nokre av tekstane ein varm ‘brudemystikk’, inspirert av Høgsongen i Bibelen.

Eg prisar deg fordi
du har vald meg ut.
Blant alle menneske
på den endelause sjøen
fann du meg.

du løfta meg opp frå støvet.

Og metaforane hennar henta frå naturen (som også pregar Bibelen!) samsvarar med kinesisk poetisk tradisjon. Duer, villgjess, fjell, furuer, måne og sol, tøffe motbakkar, smilande blomar og årstidene – alt blir med inn i tilbedinga.

Songane og fedrelandet

Huskyrkjene har vore igjennom mange trengsler, varierende frå stad til stad. Men hjå Xiao Min blir dette kombinert med ein inderleg kjærleik til Kina, ein slags patriotisme. Her ligg nok også ein arv frå den konfucianske etikken. Ho fortel sjølv om ei oppleving ho hadde, knytta til ein bibeltekst frå GT om kjærleiken til landet Israel. Da flamma kjærleiken til Kina opp i henne. «Om eg bare hadde igjen ein dråpe blod, ein einaste dråpe sveitte, da ville eg ause dei ut over Kina.»

I songen «Five o’clock in the morning» skildrar ho eit morgon-bønnemøte der Kina er hovudtema. Dei vonar vekkinga må halde fram. Gud rekkjer ut hendene til den store kulturnasjonen.

I dag er over 1600 songar samla i den kinesiske songboka som på engelsk heiter Canaan Hymns. Ho er blitt huskyrkjene si salmebok.

Songane når langt

Tre-sjølv-kyrkene har også oppdaga songane av bondekvinna frå Henan. Talande er eit sitat frå ei kvinne i ei av desse kyrkjene:

Xiao Min sine songer når inn til hjarta mitt. Dei utanlandske songene som vi syng i kyrkja vår, har eg opplevd gode, men også noko vanskelege å få ‘taket på’. Dei set ikkje ord på ting på ein slik måte at jeg kjenner ‘dette er mitt’.

Songene er gjerne skapte under meditasjon over einskildvers i Salmane (i Bibelen), under bønnemøte, på ferder til fots i naturen osv. Her er sorg og glede, smerte og jubel, klage og lovsong vevde saman.

Canaan hymns er i hovudsak ei kvinnes verk både i tekst og musikk.  Den innhaldsmessige breidda som The Chinese New Hymnal er prega av, finn ein difor ikkje. Kontakten med vestleg kyrkjesoge og teologi er ikkje på overflata. Men millionar kinesiske kristne meiner Xiao Mins songar er ei Guds gåve til den kinesiske kyrkja.

Forskarar er usamde om kor mange kristne det er inne i Kina. 70 millionar? 100 millionar? Godt over ein milliard er ikkje kristne. Men både den solide salmesongen i New Chinese Hymnal og Xiao Mins hjartegripande poesi har inspirert kinesiske kristne til å seie: «Jesus går omkring på Kinas landevegar og i landets store byar.»


[1] Kjebekk, Erik, 2012, Misjonær og martyr, Oslo: Lunde Forlag, s.110–113, 190.

[2] Su, John E., 1958, Heavenly People Choruses, Hong Kong: Heavenly People Depot, Foreword New Edition, s.1-2.

[3] Chinese New Hymnal, 1983, utgjeven av China Christian Council. Her nyttar eg det engelske føreordet som kjelde. Eit nytt opplag kom i 1999.

[4] Versa eg siterer her, er fritt omsette frå engelsk, m.a. herifrå: https://www.chinasoul.org/xiaomin-introduction.

The Canaan Hymns ( English Version ) - YouTube gir døme på Xiao Mins varme kinesiske musikk. Under Canaan Hymns fins ein god del informasjon om Xiao Mins og hennar songskatt.


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
12 min
Ressurstype

  Aktuelt

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Egil Sjaastad.
  Egil Sjaastad er dosent ved Fjellhaug Internasjonale Høgskole (FiH). Han har vært redaktør av Fast Grunn og skrevet en rekke bøker. Egil er gift med Jorunn og bor i Ytre Enebakk.
   Ressurser av Egil Sjaastad
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.