Å elska – på ekte? Kvar finn me fundamentet for all ekte kjærleik? Det er avgjerande at me leiter på rett plass.

Ca leselengde:
2 min

Tekst: Jan Helge Aarseth

Publisert:


For ein del år sidan hadde magasinet National Geographic eit temanummer der dei sette fokus på ”Love – Kjærleik”. ”Kva er ekte kjærleik?” spurde dei, og reiste rundt på det nordamerikanske kontinentet for å prøve å finne svar på gåta.

Sex?

Då dei kom sør til Miami, tok dei turen ut til den verdskjende stranda som ligg like ved byen. Her møtte dei ein ung og veltrent mann, med kroppen glinsande av sololje og knapt nok meir enn Adams drakt på strandpromenaden. Han hadde svaret klart, og svarte med stor overtyding, at kjærleik, det var det same som sex. At han i tillegg innretta liv og handling deretter låg nokså opp i dagen.

Romantikk?

Seinare kom forfattaren til Midwest og trefte ei ung og vakker kvinne. Ho hadde ei litt anna tilnærming til spørsmålet. Ho meinte at løyndommen til kjærleiken låg i romantikken, og særleg i det å kunne verte forelska. Dette jakta ho no på og leita etter. Ei forelsking er flyktig, og når noko bleikna ein plass, så vende ho seg til ein ny for å finne det ho lengta etter.

Truskap

Mot slutten av artikkelen vart me med over grensa til Canada. Der foreviga fotografen eit aldrande par som sat i kvar sin stol medan dei heldt kvarandre i hendene. Dei hadde vore gifte i over 60 år, og var krøkte av år og alder. Ungdommeleg muskelkraft var borte, og dei silkemjuke kinn var bytta med skinn som hadde årringar som sjølve tuntreet på heimgarden.

På spørsmålet om ekte kjærleik hadde det aldrande ekteparet berre eitt svar. Ekte kjærleik er det sama som truskap. Og med 60 år som mann og kone sette livet deira ein god strek under desse orda.

Mange finn diverre ut dette litt for seint. For der truskapen fell bort, fell alt i grus og verken sex eller romanse vil greie å halde det saman.

I vigselsliturgien møter me denne sanninga når orda ”elska”, ”æra” og ”vere trufast hos han/henne” fortel oss kva ekte kjærleik er. Det er berre fleire sider av same sak, og seier oss at kjærleiken aldri vil overleva om noko av dette skulle falle bort.

Ein som aldri sviktar

Eit trufast samliv mellom mann og kvinne uttrykkjer på ein særleg måte kven Gud er, og er i beste forstad ”himmel på jord”. No veit me likevel at me lever i ei verd der me alle er kronisk sjølvopptatt og ufullkomne. Difor er oppgjer og tilgjeving ord som me ofte må ty til, og i eit trufast og godt samliv.

I tillegg har me ein som aldri sviktar, den Herre Jesus Kristus. Han er den fullkomne kjærleik, og til å stole på i eitt og alt. Ein betre læremeister i ekte kjæreik vil du aldri finna.

Er vi trulause, så er han trufast. For han kan ikkje fornekta seg sjølv. 2 Tim 2:13


 


Støtt foross.no
Ca leselengde
2 min
Ressurstype

  Andakt

Emne

  Ekteskap

Skrifthenvisning

  2. Timoteusbrev  2: 13

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Jan Helge Aarseth.
  Jan Helge Aarseth er gift med Elisa, har fire barn og bor på Vigrestad. Han er lærer på Fjelltun Bibelskole i Stavanger
  Flere ressurser av Jan Helge Aarseth
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.