Når dette blir publisert, er vår eldste son i ferd med å inngå ekteskap. Brått var han vaksen; det var lenge sidan han slutta å leike med Lego; nå skulle han få seg ei kone i staden.
Speborn blir fødde totalt hjelpelause. Det ser særleg dei som for første gong blir foreldre. Eit nyfødd barn er avhengig av hjelp til alt, og foreldra legg seg opp eit stort lager av sorger og suter mens dei lærer sitt ‘handverk’.
Men dei har òg kontrollen midt i sine bekymringar og sorger: dei kan gjere noko med hjelpeløysa til barnet når dei utøver si omsorg. Barnet kan ikkje ein gong sjølv snu seg over på magen, og slett ikkje overgå foreldra i fart og kunnskap med det første. Eg var alltid takksam for at eg fekk halde på dette overtaket etter kvart som eg lærde kva farsrolla innebar.
Men nå har vektskåla tippa over. Vi er nok meir eller mindre sjølvhjelpte, men kor lenge skal vi vere det? Ein vakker dag skal gutane våre ta vare på oss når vi blir skrøpelege. Eg er ikkje lenger den raskaste eller glupaste. Eg trur endå eg er litt klokare, men det er berre fordi eg har hatt fleire år på meg til å gjere feil.
Og nå skal eldstemann gifte seg. Han flyttar ut frå mor og far og skal vere hos kona si. Vi skal ikkje blande oss inn med tusen gode råd. Bryllupsfesten med si glede skal få lov til å ta frå oss ein eventuell illusjon om at vi endå har eit snev av kontroll. Den er heilt borte.
Men som alle foreldre så alt for godt veit: sutene og sorgene er slett ikkje borte.
Men bøn har vi rikeleg høve til. Vi har bede for sønene våre frå den dagen dei var fødde. Vi har bede for deira framtidige koner i årevis, uansett kven dei skulle vise seg å vere, og vi får gle oss over Guds truskap.
Slike store endringar i livet får oss til å be meir. Luther talar varmt om bøn i si Store Katekisme, der han seier at bøn er bra fordi Gud vil ha det, fordi Han lovar å svare og fordi «Han sjølv hjelper oss til å forme bøna og velje orda». Til dette seier vi berre «amen» og takkar Gud for det.
Her er eit lite visdomsord som kom føre meg mens eg glei inn i dressjakka rett før seremonien: tap av kontroll gjer bønegåva større. For dersom eg ikkje kan gjere noko meir, har eg ikkje anna val enn å overlate det til Herren … og stole på at Han vil halde lovnadane sine utan innblanding frå meg.
Kanskje beste måten å miste kontrollen på, er å sjå ein son køyre av stad med brura si. Mens den måten er pur glede, vil tristare situasjoner kome i fleng, og det blir rikeleg høve til bøn.
I Kristus er Guds lovnader mykje tryggare grunn enn det vi sjølve presterer. Og Hans lovnad held:
Herren er nær alle som påkallar Han, alle som påkallar han i sanning. Sal 145:18
Teksten ble først publisert i The Lutheran Witness og er oversatt fra engelsk av Kjell Magne Yri.