På ein av sine mange turar kom Jesus og læresveinane til Cæsarea Filippi, ved foten av Hermonfjellet. Då var dei omtrent så langt frå Jerusalem som dei kunne koma i Israel. Her stiller Jesus eit avgjerande og avklarande spørsmål til læresveinane, og Peter gjev eit like avgjerande og avklarande svar. Dette er fortalt omtrent midt i Matteusevangeliet, og det er som eit høgdepunkt og vendepunkt både i dette evangeliet og i Jesu offentlege liv (Matt 16,13-19).
"Kven seier folk at Menneskesonen er?" Slik lyder Jesu enkle, men skjelsetjande spørsmål. Læresveinane refererer ulike svar, og Jesus spør så: "Men de, kven seier de at eg er?" Med det har Jesus sagt seg å vera Menneskesonen, og på vegner av læresveinane avlegg Peter den store vedkjenninga, som er uttrykk for himmelsk openberring: "Du er Messias, den levande Guds Son." Det at Jesus var eit menneske, var nokså klart, men at han også var Gud, måtte det openberring til for å sjå. I kristen tru er det avgjerande at Jesus er både sant menneske og sann Gud.
Dette var ei så avgjerande utsegn og vedkjenning, at Jesus sa han ville byggja kyrkja si på det som fundament, og denne kyrkja ville vera av ein slik karakter at ingen krefter, sjløv ikkje dødsrikets portar, skulle få makt over henne. Jesus gav med det ein evig og altomfattande lovnad for si kyrkje på jorda. Kyrkja, som er Guds folk, er den sikraste staden i universet.
Vi er ved eit klimaks i Matteusevangeliet og læresveinane si vandring med Jesus her i Cæsarea Filippi. Jesu spørsmål, Peter sitt svar og Jesu lovnad er som eit vendepunkt for Jesu samvær med læresveinane. Med referanse til Daniels bok (7,13f) identifiserer Jesus seg som Menneskesonen, som skal ha eit evig herredøme.
Med Peters svar vert Menneskesonen samstundes identifisert som Messias, Herrens tenar, og som Guds Son. Det var berre Andens openberring som kunne gje ei slik erkjenning av kven Jesus var, og folk flest var ikkje klar for dette enda. Læresveinane fekk difor ordre om at dei ikkje skulle seia at Jesus var Messias.
Saman med læresveinane starta så Jesus vandringa mot Jerusalem, og han gjorde det klart at der skulle han lida, døy og stå oppatt. Vår vandring i fastetida går same vegen. Dete er starten på Jesu lidingsveg og siger. Målet var og er ei påskehelg i Jerusalem med ein kross til soning for synd og ei tom grav til vår rettferdiggjering.
Denne andakten er hentet fra fasteboken "Til Jerusalem" som er skrevet av Johannes Kleppa. Om du ønsker å kjøpe denne boken, finnes den tilgjengelig blant annet her.