Publisert

Englar i mørket For deg- og for alle!


Ca leselengde:
1 min

Den første julekvelden i Betlehem var svært annleis enn både julemarknadane og familiefestane som me no knyttar til julefeiringa vår.

Alt var annleis enn det me tenkte, då Gud steig ned til oss. Kven gjekk sendebudet frå himmelen til? Det var nokre fattige og ukjende gjetarar som først fekk beskjed. Dei låg på vakt ved dyra,  og streva som vanleg med å halde varmen ved det vesle bålet.

Herrens engel kom til dei som ingen rekna med, og delte store ord for små menneske. Herren har stige ned, til oss!

"Ver ikkje redde! For sjå, eg forkynner dykk ei stor glede. -ei glede for alt folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren." Luk 2:10-11

"Født dykk...?"

Kva meiner engelen med dette?

Det er tydeleg at gjetarane er rekna med i det som Gud har tenkt. Men her er meir . Det er for "... alt folket".

Engelens ord er universelt, det er ei helsing til alle. Eg likar godt swahilioversettinga for denne helsinga. Her kjem det endå betra fram kva engelen vil ha sagt. Han seier: "kwa ajili yenu Mwokozi amezaliwa" - "for dykkar skuld er Frelsaren fødd".

Det er eit godt ord frå himmelen på ein julaften - også til oss. Det er for mi skuld han kom. Dette gjekk gjetarane og fortalde til Maria og Josef i stallen medan dei såg ned på han som var komen, Frelsaren.

"For di skuld".

Den julegåva skal du ta imot og takka for meir enn noko anna av det som vert rekt deg i kveld. Det er ei gåve med ditt namn på.


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
1 min
Ressurstype

  Andakt

Skrifthenvisning

  Lukas´ evangelium  2: 10-11

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Jan Helge Aarseth.
  Jan Helge Aarseth er gift med Elisa, har fire barn og bor på Vigrestad. Han har vært misjonær i Tanzania og lærer på Fjelltun Bibelskole. Nå arbeider han som pastor i IKF Stavanger (Internasjonalt Kristent Fellsskap).
   Ressurser av Jan Helge Aarseth
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.