Utforsk
    foross.no logo
    foross.no logo
    • Kirkeåret
    • Kontakt oss
    • Gi
logo

Han som ikke visste av synd, har han gjort til synd for oss, for at vi i ham skulle få Guds rettferdighet. (2 Kor 5,21)

Vipps: 70979

Kontonummer: 1503 82 08168

Organisasjonsnummer: 917 742 065

Epost: post@foross.no

Foross på Facebook Foross på Instagram

Nettstedet er utviklet av Marius Sørenes. Logo og grafisk profil er utformet av Creo-x AS.

Gjort til synd for oss

2. Korinter 5
Faste
Jesu lidelse
Forsoningen
avatar
Johannes Kleppa

2m lesetid

•

16.03.2024

Gjort til synd for oss
@ Bilde av Thuong Do på Unsplash

Bibelen bruker ulike ord og uttrykk for å få fram det som skjer på krossen. Mange av uttrykka er svært sterke, og dei viser alvoret i det som skjer på Golgata. Dei viser både korleis Jesu vart gjort til eitt med oss og synda vår, og dei viser korleis Gud ramma Jesus med dom og vreide.

Apostelen Paulus er kanskje den som oftast og sterkast løfter fram det som skjedde med Jesus på krossen. Han uttrykkjer seg slik om Guds gjerning med Jesus: «Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal verta rettferdige for Gud i han.» (2 Kor 5, 21).

Jesus var ved sitt kome til jorda og ved livet sitt utan synd. Det er sagt så sterkt at Jesus «ikkje visste av synd». Synd var altså ukjent for hans person. Vi som er fanga av synda, forstår ikkje fullt ut kva det inneber, fordi vi berre kan tenkja og føla ut frå synd. Vi har likevel ei aning om kva det inneber ut frå slik vi lærer Jesus å kjenna gjennom openberringa i Skrifta.

Det er veldig radikalt når det seiest at «han som ikkje visste av synd», har Gud «gjort til synd» og det var «for oss», altså i vår stad. Vi har ikkje berre ytre synd, men vi har ein natur som er synd. Når Jesus skulle bera synda vår opp på krossen for å sona denne, måtte han verta eitt med synda. Vi og synda vår er så eitt, at Jesus måtte gjerast til synd. Det kunne skje fordi Jesus var eit menneske som oss.

Det er ufatteleg det som skjer på krossen, og vi kan berre ta imot og tru det ved Andens openberring. Han som er lytelaus, heilag og rein, vert gjort til synd. Det var menneskeslekta si synd, di og mi synd, han vart gjort til. Jesus var syndeberar til det absolutte på krossen. Når synda skulle rammast og straffast, vart Jesus ramma og straffa. Den Guds dom og vreide som låg over synda, kom med det over Jesus. Det er dette som er straffeliding i vår stad. Straffa for di og mi synd ramma Jesus med full tyngde, ved at han var gjort til synd for oss. Dette soningsofferet vart til forsoning for oss.

Målet er at vi skal «verta rettferdige for Gud i han», i Jesus. Ved at Jesus vart eitt med synda vår, kan vi verta eitt med rettferda hans. Det skjer ved trua, skapt ved nådemidla. Vi vert ikkje ytre sett gjorde rettferdige, men vi vert tilrekna Jesu soning og rettferd. Då står vi med Jesu rettferd for Gud. Vi gjer klokt i å meditera over kva det innebar for Jesus å verta gjort til synd for oss.


Denne andakten er hentet fra fasteboken "Til Jerusalem" som er skrevet av Johannes Kleppa. Om du ønsker å kjøpe denne boken, finnes den tilgjengelig blant annet her.

Likte du artikkelen?

Denne artikkelen er en del av serien

Fasteserie: Til Jerusalem

I denne serien får du lese noen av tekstene fra Johannes Kleppa sin fastebok: Til Jerusalem.

    Bakgrunnsbilde for serie

    Se alle artikler

Relaterte innlegg

annonse