Publisert

Glede når jorda ikkje er deilig





Ca leselengde:
2 min

Eg har lenge hatt eit litt negativt syn på juletida. Det er for mykje mas og kjas, for mange butikktilsette med «Rudolf-nase», for mykje rampenissar med slitsame påfunn, for mykje bilar med reinsdyrshorn, , for mykje «Holly Jolly Christmas». Me skal vere glade, kose oss og finne den perfekte julesteminga. Sukk.

Og i alt mylderet av glade menneske går eg rundt og tenkjer at eg er ikkje glad kvar julekveld, at jorda er ikkje deilig og kor blir det av desse englane som dalar ned i skjul? O jul med din glede og barnlige lyst, nei, eg helsar deg ikkje velkomen.

«Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta.» (Luk 2:8)

Gjetarane var på jobb. Nattevakt. Sikkert dårleg stemning. Ingen snø, bjøller, misteltein og reinsdyr. Meir våte sauer, bål, mørke, uro.

«Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med ei stor glede, ei glede for heile folket: I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.» (Luk 2:9-11)

Ei stor glede, ei glede for heile folket. Ikkje ei glede om at det no blir stifta ei ny høgtid der alle skal kose seg med gløgg, julepynt og Askepott. Gleda er at det er fødd oss ein frelsar. Gleda er at han som er født er Messias, han som skal setje folket fri.
Eg er ikkje så glad kvar julekveld fordi det er så koseleg, men fordi Jesus blei født. Og Jesus var ikkje berre barnet i krybba, lærar, meister og ein som hjalp dei som hadde det vanskeleg. Jesus var han som lei på korset for vår skyld. Jesus var han som med det utsletta skuldbrevet mot oss. Jesus var han som stod opp igjen tredje dagen så me òg med frimod kan tru på ei oppstode etter døden.

"Han var i Guds skapnad og såg det ikkje som eit rov å vera Gud lik, men gav avkall på sitt eige, tok ein tenars skapnad og vart menneske lik. Då han stod fram som menneske, fornedra han seg sjølv og blei lydig til døden, ja, døden på krossen. Difor har òg Gud opphøgd han til det høgste og gjeve han namnet over alle namn. I Jesu namn skal difor kvart kne bøya seg, i himmelen, på jorda og under jorda, og kvar tunge vedkjenna at Jesus Kristus er Herre til Gud Faders ære!" (Fil 2:6-11)

Det er kanskje mykje mas og kjas, men eg elskar jula. Midt i all uro og naud, kjem Jesus som eit menneske, som ein tenar. Redningen. Håpet. Lyset. Gleda.

Fred over jorden
Menneske, fryd deg!
Oss er en evig frelser født.


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
2 min
Ressurstype

  Andakt

Emne

  Jul

Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.