I utgangen av eit år, ser ein seg ofte tilbake. Ein evaluerer og tenker igjennom. Korleis vart året som ligg bak?
I den pedagogiske verda, lagar ein ofte didaktiske planar. Ein har mål, innhald og korleis ein skal arbeide med å nå målet. Like viktig som planen er evalueringa i ettertid – nådde eg målet? Kva kan eg gjere annleis og betre neste gong?
Kva spørsmål sit du att med i utgangen av dette året? Kva mål hadde du? Kanskje målet var å stå opp kvar dag, eller å skaffe seg ny jobb. Kanskje målet var å finne nokon å dele livet med, eller som nygift, planlegge å stifte familie. Kanskje målet var å fullføre eksamen, eller halde seg frisk nok til å passe barnebarn.
I denne evalueringa og refleksjonstida vi går inn, vil eg gjerne få stille nokre spørsmål, til ettertanke og refleksjon. Skattejakta blir ikkje god, utan dei rette spørsmåla.
Kva skattar har Gud fått vise deg, skjult i mørkret, dette året? Kva har du bedd mest om? Kva bønner har Gud svart på? Har Jesus blitt større for deg dette året?
Av og til, i bønnelivet, set eg meg framfor ein tom stol, og latar som Jesus sitt der, medan eg pratar høgt. Dette hjelper meg til å konsentrere meg. Eg får sjå korleis Jesus elskar å bruke tid med meg – berre fordi han vil det. Målet er ikkje eit målbart resultat, men ein styrka relasjon. Det er mi bøn for 2024, at Jesus må bli stor, og eg må bli mindre. At eg kan få meir tillit og mindre bekymring, meir ventetid og mindre uro, fleire utfordringar og større forventing til kva Gud kan gjere.
Då Jesus starta si gjerning, siterte han frå Jesaja 61, der han «ropar ut eit nådens år frå Herren» (Lukas 4,9). Åra mellom krossen og oppståa, og fram til Jesus kjem att er alle nådeår.
Korleis ser ditt nådeår 2023 ut? Og kva skattar vil du ta med deg inn i det nye nådeåret 2024?
Her er 3 skattar, nokre skjult i mørkret, frå mitt nådeår 2023, som eg vil ta med inn i 2024.
Ventetid er nådetid
Eg starta året med forventing. Til at Gud snart ville svare på bønner som eg har bedt i årevis. Men svaret har ikkje kome. I staden har eg fått sjå at Gud ikkje straffar når han ber oss vente. «Han tier i sin kjærlighet» (Sef 3,17, NB 88). Han vil vise meg at ventetid er ei tid der ein kan førebu seg, der ein kan modnast. Det er ei nådetid.
«Det er godt å være stille og vente på hjelp fra Herren.» Klag 3,26
Sjølv om det er godt å vente på Herren, kan det også kjennast som ei tid i prøvelse, det kan kjennast ut som ein lid. Men Paulus understrekar til Romarane i kapittel 5 at
«lidelsen gir utholdenhet, [4] utholdenheten et prøvet sinn, og det prøvede sinn håp.» Rom 5,3f
I ventetida blir eg meir avhengig av Gud. Kva ventar du på i 2024? Vent på Herren.
Bekjenn konkret synd
Eg hadde lese om ungdommar som traff kvarandre for å bekjenne synd. Det verka litt framand. Men versa i Jakob 5,16 er tydelege:
«Vedkjenn då syndene for kvarandre og be for kvarandre, så de kan bli lækte.» Jak 5,16
Eg hadde lenge tenkt å snakke med ei god venninne om nokre konkrete synder som eg ikkje hadde fått sagt til nokon andre enn Gud og ein sjelesørgar. Ein kveld hoppa eg i det, for fortalde ho kva som plaga meg. Eg hadde ikkje merka at dette gjorde at anklagaren fekk makt, og minna meg på kva som stod i mi gjeldsbok. Det stjal frimod, glede og fred.
«Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øydeleggja. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.» Joh 10,10
Eg fekk konkret sett ord på syndene, og venninna mi kunne minne meg på at Jesus betalte også for det, og at eg er tilgjeve. Eg merka der og då, korleis anklagane mista si makt, og eg kjente på ein enorm fridom, «sanninga skal gjera dykk frie.» (Johannes 8,32.)
Tenk, vi har fått nåde til å kunne bekjenne synd for kvarandre - så vi kan bli bli lækte og fri.
Gå i tru, med takk!
Nådeåret 2023. Eit år full av nåde. Eller eit år full av «drit»? Øivind Andersen redefinerte motgang til alt som førar deg fekk ifrå Gud. Medgang var alt som førar deg nærare han. «jeg alle tider kaller hva min Gud meg sender, nåde» skriv Brorson i eit salmevers. Dette året har eg måtte gå nokre skritt i tru – utan å vite. Men midt i alt, kan ein få takke – for alt som førar oss nærare Jesus.
«Takk alltid vår Gud og Far for alle ting i namnet åt vår Herre Jesus Kristus.» Ef 5,20
Når mismot har snike seg inn i hjarta mitt, har eg takka. Takk for at eg har ein heim. Takka for at eg har vener, arbeid, mat, reint vatn, og fridom til å tru. Takka for musikk, for kroppen, for maten og naturen.
Me går kanskje ei uviss framtid i møte. Jesus kjem kanskje att i dette nådeåret. Eit år me kan få leve for og med Jesus. Eit nytt misjonsår, der me kan gå i tru, gå i ferdiglagte gjerningar (Ef 2,10), og få fleire med inn i nådeåret.
Mi bøn for nådeåret 2024 er bøna til Thomas á Kempis:
«Hva Gud vil, som Gud vil, Når Gud vil.»
Godt nytt nådeår.