Denne fastetida vil vi på foross.no publisere ein fasteandakt kvar laurdag. Tekstane er skrivne av Johannes Kleppa og er ein del av boka "Til Jerusalem". Viss du vil kjøpe denne boka kan du mellom anna gjera det her.
Det er mange døme i Bibelen på at Jesus bøygde seg til folk for å hjelpa dei på eit eller anna vis. Det same gjeld for Gud overfor folket sitt i den gamle pakts tid. Forskjellen er at i Jesus gjorde Gud dette heilt konkret og personleg, medan Gud overfor Israelsfolket måtte gjera det ved ord eller ved sine tenarar. I Salmane er det fleire uttrykk for dette, og vi har eit særleg sterkt vitnemål frå David:
«Eg venta, ja venta på Herren. Då bøygde han seg til meg og høyrde mitt rop. Han drog meg opp av den tynande grava, av det botnlause dyet. Han sette mine føter på fjellgrunn, han gjorde mine steg støe. Han la ein ny song i min munn, ein lovsong for vår Gud. Mange skal sjå det og ottast, og setja si lit til Herren.» (Salme 40, 2-4).
Nokre gonger seier Bibelen at Gud «stig ned» på jorda for å ta seg av sine. Det gjorde han til frelse på endegyldig måte i Jesus Kristus. Andre gonger vert det sagt at han «bøyer seg» til oss for å ta seg av oss. Dei to seiemåtane uttrykkjer omtrent det same, og dei er uttrykk for Guds nåde og frelsesmåte. Det er slik Gud er, og det er slik Gud handlar. Initiativet ligg alltid hjå han, og det er han som gjer det som gjerast må.
Vi seier ofte at ordet «nåde» betyr gratis eller ufortent, fordi vi får det Jesus har vunne eller kjøpt til oss. Det er heilt korrekt, og vi kan også bruka ordet miskunn for det same. Eg las for mange år sidan at ordet «nåde» etter sin struktur betyr at «den større bøyer seg venleg og med velvilje mot den ringare». Det betyr i bibelsk samanheng at «den heilage bøyer seg venleg og med velvilje mot syndaren».
Denne «bøyinga» inneber at Gud i Jesus bøyer seg venleg og med velvilje ned til oss menneske, og han bøyer seg så djupt ned, at han kjem ned under all vår synd. Då får han hand om all synd og tek denne med seg opp på krossen. Der sonar han henne under Guds dom og vreide. Dette gjer han så grundig at det kan seiast at han vart gjort til synd for oss, og at han på krossen var forbanna for vår skuld.
Når Gud i sin Son på denne måten bøyer seg ned til oss, dreg han oss samstundes opp av den hengemyra av synd vi er i. Der sat vi bom fast, og sokk berre djupare til meir vi prøvde å koma lause. Han drog oss ikkje berre opp, men han sette oss også på sikker fjellgrunn – på den frelsesgrunnen som Jesus sjølv er. Det gir grunn til å syngja lovsong saman med David!