Publisert

Jesu namn og oppgåve


Ca leselengde:
2 min

Denne fastetida vil vi på foross.no publisere ein fasteandakt kvar laurdag. Tekstane er skrivne av Johannes Kleppa og er ein del av boka "Til Jerusalem". Viss du vil kjøpe denne boka kan du mellom anna gjera det her.


For dei fleste av oss er det nok tilfeldig kva namnet vårt betyr i forhold til den vi er. Nokre av oss har fått namnet ved oppkalling, og andre ved at foreldra tykte det var eit fint namn. I hebraisk tradisjon var dei meir opptekne med at namnet skulle passa til personen. I Bibelen er det difor slik at namnet ofte karakteriserer den som ber det, særleg der det er Gud som har bestemt namnet.

For Jesus er dette veldig påfallande. Josef og Maria fekk beskjed ved Jesu unnfanging kva namnet skulle vera. Foreldra hadde ingen ting dei skulle ha sagt når det gjaldt namnet. Det var Guds Son som skulle koma til jorda, og då bestemte Gud suverent namnet ut frå den oppgåva Jesus skulle ha. (Matt 1, Luk 2).

Josef fekk fylgjande beskjed med tanke på barnet Maria skulle bera fram utan Josef sin medverknad: «Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.» Slik vart det. Det var Messias, Herrens tenar, som kom til jorda. Han var sann Gud og sant menneske, og handla med det på vegner av både Gud og mennesket.

Namnet Jesus bar i seg ei retning. Det var frå Betlehem til Jerusalem. Det var Jesus klar over heile tida, og han talte fleire gonger om at det som skjedde, måtte skje. Han måtte gå vegen til Jerusalem for å lida og døy, men også stå opp att som frelsar og sigerherre. Ved Jesu namn var Jesu liv og oppgåve bestemt frå himmelen frå evige tider. Gud hadde utvalt oss til frelse i Jesus.

I Guds ord er det slik at namnet står for personen og gjerninga. Difor vert det talt om mange ting som skjer i Jesu namn. Vi vert døypte til namnet åt Faderen, Sonen og Anden. Vi får be i Jesu namn, og vi vert velsigna i namnet til den treeinige Gud. Det vert gjort teikn og under i Jesu namn, og det vert drive ut vonde ånder i dette namnet. Kort sagt, alt det Gud gjer, gjer han i Jesu namn, fordi dette namnet borgar for alt det Jesus er og har gjort.

Det er i Jesu namn alle til sist skal bøya seg og erkjenna at han er Herren. Det er ved å vedkjenna oss dette namnet i tru at vi vert frelste. I Jesu namn skal det forkynnast omvending, tru, syndstilgjeving og frelse. Jesu namn ber i seg alt det som skjedde i påskehelga i Jerusalem for 2000 år sidan. Vi har altså stor grunn til å setja vår lit til Jesu namn, og vi kan med stort frimot driva misjon i dette namnet. Det er kort og godt frelsarnamnet.


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
2 min
Ressurstype

  Andakt

Emner

  Faste

  Jesu person

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Johannes Kleppa.
  Johannes er gift med Oddlaug og har en datter. Han er skribent, bibelskolelærer og forkynner. Tidligere har han vært redaktør i den kristne dagsavisen Dagen.
   Ressurser av Johannes Kleppa
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.