Publisert

Jesu namn


Ca leselengde:
2 min

Då åtte dagar var lidne, og han skulle omskjerast, fekk han namnet Jesus, som han vart kalla av engelen før han var komen i mors liv. Luk 2:21 

Første nyårsdag er Jesu namnedag. Her står det at dette barnet vart omskore på den åttande dagen og at det fekk namnet Jesus. Det er Gud som gir han dette namnet for å fortelja oss kven han er og kva han skal. «Jesus» tyder «Herren er Frelse». Dette er fylt av himmelsk trøyst. Lat oss sjå på kva dette betyr.

Dette barnet som låg i krybba og som no vert bore til tempelet er Herren. Det er han som har vore frå æva og som openberra seg for Moses i tornebusken. Det var han som var «Berget», som fylgde dei i øydemarka (1 Kor 10:4). Det er vår Gud som er blitt menneske.

Han er blitt vår «storebror» for å verta eitt med oss i vår naud og ta seg av våre saker.

Difor måtte han verta brørne sine lik i alle ting, så han kunne verta ein miskunnsam og trufast øvsteprest for Gud til å sona syndene åt folket. Heb 2:17

At han går inn under sitt folks kår viser seg i at han vart omskoren. Han går inn under lova. Det vil seia at han tek på seg alle dei krava som Gud med rette har lagt på oss menneske.

Men då tida var fullkomen, sende Gud Son sin, fødd av ei kvinne, fødd under lova, for at han skulle kjøpa fri dei som var under lova, så dei skulle få barnekår. Gal 4:4f

Lovgjevaren har no vorte lovoppfyllaren. No kunne lova verta fullkome oppfylt.

Men alt dette skjer for at han skal frelsa oss frå synda og Guds dom og vreide. Gud vert min bror for å oppfylla mine krav og betala mine rekningar hos Gud. Han skal ordna opp alt som har gått gale og skaffa oss eit fullkome Gudsforhold. Ja, alt dette fullførde Jesus!

Jesus er i sin person det som namnet hans seier. Han er gjeven til alle. Sæle er dei som flyr til han for dei er berga. Dei har lys over liv, død og æva.

Å du kjære Jesu navn! Min forløsnings morgenrøde,
Paradisets førstegrøde, Bange sjelers trygge havn!
Troens sterke seiersfane, Håpets rette ankergrunn,
Lyset på min trange bane, Trøsten i min siste stund!
(H. A. Brorson Sangboken nr. 120 v. 2)


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
2 min
Ressurstype

  Andakt

Emner

  Frelse

  Jesu person

  Jul

Skrifthenvisning

  Lukas´ evangelium  2: 21

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Øyvind Samnøy.
  Øyvind Samnøy bor i Fortun, Sogn og Fjordane, er gift med Wenche og har fem barn. Han er bonde og forkynner i NLM.
   Ressurser av Øyvind Samnøy
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.