Publisert

Jesus møter Sakkeus 5 – Nytt liv


Ca leselengde:
2 min

Men Sakkeus steig fram og sa til Herren: Sjå Herre! Halvparten av det eg eig gjev eg til dei fattige. Og har eg truga pengar frå nokon, skal eg gje det firedobbelt att. Jesus sa til han: I dag er frelse komen til dette huset. Luk 19:8-9

Det har skjedd noko med Sakkeus. Møtet med Jesus har ført til eit heilt nytt liv. Eit nytt innhald. Ei ny retning. Eit nytt og annleis syn på medmenneska sine. Han har sjølv fått ta imot Jesus og gåvene hans. Ei ny glede fyller livet. Men det stoggar ikkje med det. Han vil dele med dei som har lite, og gjere opp der han har gjort urett. Og han gjer det med glede!

Korleis kan dette gå til? Tidlegare hadde kanskje folk trygla og bede for seg. Andre hadde truga og brukt harde ord. Nokre hadde kanskje møtt opp på kontoret til overtollaren for å klage på urett handsaming. Men inga hjelp å få. Ingenting beit på Sakkeus. Han var like hard og like pengekjær. Ingen kom nokon veg. Til meir dei truga og skjende, til verre vart det.

Men så ein dag er Sakkeus ein annan mann. Eit møte med Jesus og hans frelse, og alt er blitt nytt. Det han ikkje kunne trugast til, gjer han med glede. Det oppmodingar og tvang ikkje kunne greie, det ordnar seg når Jesus kjem inn i huset. Det er dette som er å bli fødd på ny. Den som får ta imot Jesus og hans frelse blir omskapt innanfrå. Då Jesus høyrer Sakkeus sine ord, seier han: «I dag er frelse komen til dette huset.» Det er, rett forstått, eit kjenneteikn på det nye livet som er skapt hos Sakkeus.

Kjenneteiknar dette mitt liv, og ditt liv? Har du di store glede i Jesu frelsesverk? «Å kor rik eg er, eg har Jesus!»(S.Engeset) Ja, då har du mykje å dele med andre.

Ver gode mot kvarandre, vis medkjensle, så de tilgjev kvarandre, liksom Gud har tilgjeve dykk i Kristus! Ef 4:32

Tenk på Guds nåde og tilgjeving i livet ditt, ja berre for dagen i dag! Eig du barnekår hos Gud med forlating for syndene og eit evig liv, då har du god råd! Då treng du ikkje å vere hard, uforsonleg og påhalden. Nei, då har du god råd til å vere god, til å vise medkjensle, til å tilgi og til å dele.

Kanskje treng du å la Jesus få kome inn til deg på nytt?

Takk då, min Frelsar, at du kom, og ville inn til meg stiga. Og i mitt mørke hjarterom lata ein solstråle siga! Takk, at du vegen til meg fann, og ville gjesta syndig mann! Deg vere lov i all æve! (Elias Blix)


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
2 min
Ressurstype

  Andakt

Skrifthenvisninger

  Lukas´ evangelium  19: 8-9

  Efeserbrevet  4: 32

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Lars Kjetil Emblem.
  Lars Kjetil er fra Emblem i Ålesund kommune. Han er gift med Elisabet og de har to barn. I sitt arbeid kjører han sesongvis som lastebilsjåfør på sommerhalvåret og er forkynner i Norsk luthersk misjonssamband på vinterhalvåret.
   Ressurser av Lars Kjetil Emblem
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.