Publisert

Korleis går det med deg? Veit du at Jesus spør om dette? Svarar du han ærleg?


Ca leselengde:
2 min

Tekst: Steffen Stensland



Ofte er det eit opningsspørsmål når me treffast igjen etter lang tid borte frå kvarandre. Nokon gonger i køen på butikken, andre gonger i ein sofakrok heime hos ein av oss. Når nokon spør slik så står me med ein korsveg og kan anten svare like fram korleis me faktisk har det; bra eller dårlig. Eller me kan svare med ei frase som forenklar det heile.

Kva om Jesus spurte deg dette spørsmålet, eller rettare sagt; kva svarar du når Jesus stillar deg dette spørsmålet? Gjennom heile det nye testamentet så ser me at Jesus er slik, at når han møter menneske, som han er inderleg opptatt av og elskar, så møter han dei med ei heilt reel interesse av korleis det står til med den enkelte.

Jesus lever i dag, og han stiller stadig dette spørsmålet til menneske. Kva svarar du når han spør deg? Noko trivielt om kva du held på med for tida?

Han spør deg som ikkje er kristen. Korleis går det med deg? Ikkje fordi han ikkje veit korleis det går med deg. Han veit om din framgang innanfor dine interesser. Han veit utfordringane du har i din nære familie. Han kjenner til draumane som ikkje vart noko av, eller som ikkje vart det du trudde dei skulle vere. Han veit om di synd, han veit om det du har dårleg samvittigheit for, og han veit om det du nesten har fått deg sjølv til å tru ikkje var så gale likevel. Og så spør han deg, for å gi deg høve til å svare ærleg. Ærlegare enn nokon gong: Eg er best i klassen på dette. Eg har gjort noko som var vondt mot min neste, for å gjere han vondt…

Han spør deg som er kristen. På same måte som han spør den som ikkje kjenner han, med den same hensikta at han ynskjer at du skal svare heilt ærleg. Eg elskar deg Jesus! Du er Herre i livet mitt. Trua mi er så liten at det er berre så vidt eg svarar deg no. Eg er sint på deg Gud. Eg saknar erfaringar med deg i livet mitt. Eg vurderer å forlata ektemannen min. Eg er sliten av deg Gud.

Korleis går det med deg? Gir du han eit ærleg svar då? Veit du at han spør?

Eg gjev dei eit hjarte til å kjenna meg, for eg er Herren. Dei skal vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud når dei vender om til meg av heile sitt hjarte. Jeremia 24:7

Å snu seg til Jesus av heile sitt hjarta, betyr å legge heile sitt hjarte framfor han. Heile. Ikkje berre det du er nøgd med, eller det du ikkje er nøgd med. Det er å svare ærleg på spørsmålet: Korleis går det med deg, og så spørje Jesus; kva tenker du om det?


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
2 min
Ressurstype

  Andakt

Skrifthenvisning

  Profeten Jeremia  24: 7

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Steffen Stensland.
  Steffen Stensland kommer fra Fogn i Ryfylke, men bor nå på nordvestlandet sammen med kone og barn. Han har mastergrad i teologi fra Fjellhaug internasjonale høgskole og jobber i en kombinert stilling hos Norsk luthersk misjonssamband. Han er både områdearbeider på Sunnmøre og fellesskapsutvikler i regionen
   Ressurser av Steffen Stensland
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.