Alle dei som Faderen gjev meg, kjem til meg. Og den som kjem til meg, vil eg slett ikkje støyta ut. Joh 6:37
Jesus er forunderleg. Hans største ynskje er å få syndarar som ikkje kan frelsa seg sjølv, til gåva. For å frelsa slike frå synd og død, ja frå evig fortaping, har han lidd og døydd. Å bli ein kristen er å verta ei slik gåva til Jesus.
Det kjennest underleg. Ein vil så gjerne leva etter Guds vilje, men ein maktar det ikkje. Ein vil så gjerne omvenda seg, men kan ikkje. Ein vil så gjerne koma fri synda, men kjenner at ein sit fast, ja ein elskar synda. Det heile vert så fortvila at ein veit ikkje anna råd enn å ropa på Jesus og koma til han. Han vert mitt siste og einaste håp!
Slik er det Gud Fader gir oss til Jesus. Han gjev den hjelpelause og ureine syndaren til Jesus: ”Denne får du frelsa Jesus”. Dermed tar Jesus ansvaret for denne like til det siste: ”Eg skal reisa han oppatt på den siste dag”(v 39 og 40).
Slike kjenner på: Han burde vist meg vekk for eg passar ikkje saman med han. Høyr: Og den som kjem til meg, vil eg slett ikkje støyta ut.
Skulle ikkje du og verta ei slik gåva til han?