Publisert

Kvittering i to eksemplar – Andre eksemplar Eksisterer det kvittering på at eg er frelst?


Ca leselengde:
2 min

Det spurde vi om i førre andakt. Kan vi vere sikre på slikt? Ja, der er ei kvittering i himmelen for Guds åsyn, som han ser. Det er Jesu naglemerke i hender og føter, som alltid er for Guds åsyn. Dei vitnar om at synda og skulda vår er teken bort ved Jesu blod. Når Gud ser det, så krev han ikkje meir.

Men dette er i himmelen, det er Guds kvittering, om vi kan tenkje slik. Kva har eg og du? Har vi ingenting? Jau, kvitteringa har eit eksemplar til! Det er her hos oss som har høyrt evangeliet frå Guds ord.

I Kolossarbrevet kap 2 skriv apostelen Paulus om eit skuldbrev eller gjeldsbrev. Det er skrive med Guds bod, og det vitnar mot oss. All synd i livet vårt kjem som gjeld på dette brevet. Alt som bryt med Guds vilje når det gjeld forholdet til Gud, til foreldre, sex og samliv, eigedom, løgn og bedrag, vond lyst og begjær av ulikt slag. Vi skjønar at gjeldsbrevet er uendeleg langt, og vi maktar ikkje å gjere opp.

Det store alvoret er, at ingen som skuldar Gud noko kan kome til himmelen. Kven kan då bli frelst?

Bibelens store bodskap er at det er betalt og gjort opp for alt. Vi har kvittering på det i Guds ord.

«Han (Jesus) strauk ut skuldbrevet mot oss, som var skrive med bod, det som gjekk oss imot. Det tok han bort då han nagla det til krossen.» Kol 2,14.

Dette er den synlege, skriftlege kvitteringa vår.

Eg tenkjer meg skuldbrevet mitt nagla fast til korset bak Jesu blodige hand. Alt som stod der er borte. Betalt og kvittert med Jesu blod. «Alt som var meg imot, ble utslettet med blod, det ble naglet til korset med ham.»

Når alt er ordna, kan du ta imot denne frelsa og seie: «Takk Jesus!»

Kvardagslivet kan ofte synest å tale imot. Eigne tankar og følelesar likeeins.

Då er det godt å ha skriftleg kvittering på at ein annan har betalt. Det har Jesus gjort med sitt blod.

Dette er ditt eksemplar av den same kvitteringa som er for Guds åsyn i himmelen.


 


Støtt foross.no
Ca leselengde
2 min
Ressurstype

  Andakt

Skrifthenvisning

  Kolosserbrevet  2: 14

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Lars Kjetil Emblem.
  Lars Kjetil er fra Emblem i Ålesund kommune. Han er gift med Elisabet og de har to barn. I sitt arbeid kjører han sesongvis som lastebilsjåfør på sommerhalvåret og er forkynner i Norsk luthersk misjonssamband på vinterhalvåret.
   Ressurser av Lars Kjetil Emblem
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.